|
Kristendomskunnskapmed religion og livssynsorientering.

Kort om programmet: Programmet er utvikla for allmennlærarar som har 30 stp. KRL (KRL-1 eller VU-1, eller evt 15+15 stp. Kristendomskunnskap med livssynsorientering) frå før. Emnet skal utvide kunnskapane, gi fagleg og didaktisk fordjuping, og i tillegg vere fokusert på faglege prinsippspørsmål og aktuell samtidsrelevans.
Studentane skal utvikle kompetanse for å gå inn i oppgåva som lærar i KRLfaget. Vidare skal studentane tileigne seg innsikt i sentrale kristendoms-, religions- og livssynsfaglige emne med det norske samfunn som viktig referanseramme. Det vert lagt vekt på å øve gode evner til å planlegge, gjennomføre og vurdere faglig tilpassa opplæring i alle emneområde innan skulefaget.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er lagt opp som fjernundervisning. Det vil seie at sjølvstudium vert hovudarbeidsforma i større grad enn ved ordinære høgskuletilbod. Studiet kan takast over to semester, og vert organisert etter ein fastlagd kalendar for utlegging av leksjonar og anna materiell på Internett. Studentane har kontakt med faglærarane gjennom fagforum på nettet.
|