|
Kristendomskunnskap med religion og livssynsorientering
Studiet gir fordjuping innan kristendoms, religions- og livssynfaglege emne, og aktualiserer religionspedagogiske og fagdidaktiske perspektiv på fagstoffet. Det kvalifiserer for undervisning i KRL-faget etter L-97.

Kort om programmet: Studentane skal få kunnskap om møte mellom individ eller mellom samfunn der kultur og religion er sentrale faktorar. Det vert lagt vekt på å gi innsyn i og forståing av kulturforskjellar, og korleis ein kan leggje til rette for interkulturell kommunikasjon. Vidare skal studenten få kunnskap om kristenlivet sine uttrykksformer gjennom historia, få innsikt i kristendomen sitt krav på sanninga og få grunnlag for å inkorporere spiritualitet og apologetikk i katekesen. Det sjølvstendige arbeidet skal vere knytt opp mot eit av emna på 100 eller 200 nivå og ha tema fastsett i samarbeid med ein faglærar.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er sett saman av 2 emne, kvart på 15. studiepoeng. - REL204: Møte mellom kulturar/ religionar - REL212: Sjølvstendig arbeid
Undervisning og rettleiing er nettbasert.
Opptak: Til kristendomskunnskap / KRL fordjupingsemne er opptaksgrunnlaget fullført årsstudium i kristendomskunnskap/ KRL eller tilsvarande. Søknad på lokalt skjema.
|