Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Mediekunnskap, årsstudium 60 stp

Studieprogrammet set fokus på bruken av massemedia og korleis det fungerer på individ- og samfunnsnivå. Det vert lagt vekt på å gi studentane medviten innsikt i sin eigen og andre sin mediebruk. I studiet vert det også gitt teoretisk og praktisk kunnskap i formidling og informasjonsstrukturering gjennom prosjektarbeid og undervisnings- og bransjeretta praksis.

Kva lærer du:
Studentane skal få innsikt i formidlingsrelaterte fagfelt, både i teori og praksis.
Dei skal tileigne seg
- eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå den rolla media og spelar i samfunnet og for kvart einskild individ
- grunnleggjande innsikt i korleis medie- og skuleorganisasjonane er bygde opp og fungerer
- innsikt i ulike medium si rolle i lærings- og sosialiseringsprosessar
- innsikt i korleis media fungerer som kulturformidlarar og kulturskaparar
- innsikt i korleis ein kan legge til rette for didaktisk arbeid i og utanfor skulen
- praktisk kunnskap i å lage eigne medie- og multimedieprodukt
- evne til didaktisk refl eksjon over bruk av teknologi i planlegging og gjennomføring av undervisning og formidling.

Oppbygging og gjennomføring:
Oversikt over studieåret:
- Medievitskap I: Media og kommunikasjon (15 stp) - Haust
- Tekst-lyd-bilete: Praktisk medieproduksjon (15 stp) - Haust og vår
- Mediedidaktikk med prosjekt–oppgåve og praksis (15 stp) - Haust og vår
- Medievitskap 2: Media og kommunikasjon (15 stp) - Vår

Vegen vidare – jobb og studium:
Årsstudium i mediekunnskap er svært nyttig som ein del av eller i tillegg til anna
utdanning eller yrkeserfaring. Studiet høver mellom anna godt som grunnlagfor vidare studium innanfor t.d. media/informasjon og journalistikk.
Studiet kan inngå som fordjupings- eller valfritt emne i bachelorgradene: Kultur og litteratur, Språk, kommunikasjon og media og Historie, kultur og samfunn ved HVO eller i andre bachelorgrader ved HVO, i Noreg og i utlandet.
Om du ønskjer å undervise, kan mediekunnskap inngå som valfritt emne i allmennlærarutdanninga eller inngå i fagkrets med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på toppen. Det er viktig å vere merksam på at for å få undervisningskompetansemå ein velje fag og fordjuping som er nemnde i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å arbeide i.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning