|
Høgskulen i Volda tilbyr hausten 2004 eit tyskstudium som er spesielt tilrettelagt for deg som arbeider i skulen.

Kort om programmet: Tysk deltidsstudium (30 stp) er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar.
Studentane kan velje mellom tre kombinasjonar:
1. Tysk101 og Tysk103: Grammatikk I / Praktisk tysk I Grammatikk II / Praktisk tysk II
2. Tysk101 og Tysk104: Grammatikk I / Praktisk tysk I Litteratur II / Kulturkunnskap II
3. Tysk102 og Tysk104: ( forkrav: gode tyskkunnskapar): Litteratur I / Kulturkunnskap I Litteratur II/ Kulturkunnskap II
Det vert gjeve undervisning i Tysk 101 og 102 i haustsemesteret og i Tysk 103 og 104 i vårsemesteret.
Kva lærer du:
Line 1: Studiet har som mål at studentane skal øve opp evna til å forstå og uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk i ulike brukssamanhangar. I tillegg til å trene opp praktisk språkkunnskap gjennom omsetjingsøvingar vil ein formidle interkulturell forståing av tysk-norske kultursamanhangar gjennom samtaleøvingar på grunnlag av oppgåvetekstar.
Line 2: Det er her same pensum og undervisningsopplegg som for line 1 i Grammatikk og Praktisk tysk. - I litteraturstudiet vil ein på den eine sida auke forståinga for tysk litteratur ved seminar, øvingar og oppgåver over litterære tekstar, og på den andre sida skal litteraturstudiet også gje innsyn i tysk kulturkunnskap og støtte opp om undervisninga i praktisk tysk, skriftleg og munnleg.
Studieemnet kultur kunnskap skal gi ei innføring i kulturen i dei tyske regionane og gje auka forståing av dei bileta tyskarar og nordmenn har av seg sjølve og kvarandre. Ein søkjer å gje innsikt i hovudområdet Endringsprosessar i dagens Tyskland.
Line 3: Dette studieprogrammet omfattar litteratur og kulturkunnskap. Studiet krev at studentane allereie har gode tyskkunnskapar. Emna er undervisningsretta og studentane får tilbod om praksis i skulen.
Opptak: Tysk deltidsstudium (30 stp) er fyrst og fremst eit vidareutdanningstilbod for lærarar, men det vert også opna for andre søkjarar som ynskjer å studere tysk på deltid (30 stp over eit år). Søknad på lokalt skjema.
Ulike undervisningsopplegg: Du kan velje om du ynskjer nettstøtta undervisning med samlingar eller om du ynskjer å fylgje ordinær undervisning ved Høgskulen i Volda.
Vegen vidare – studium og arbeid: Ynskjer du å studere vidare, kan Tysk 30 stp. byggjast ut til eit årsstudium. Studentar som så ynskjer vidare fordjuping i tysk, kan søkje om å få ta eit semester i utlandet. Ei samarbeidsavtale med Albert-Ludwigs-Universität Freiburg (Erasmusavtale) opnar for at tyskstudentar ved HVO kan reise til Universitetet i Freiburg etter avslutta grunnstudium og studere der eitt semester (30 stp). Talet på studieplassar er førebels avgrensa.
|