Nettstudium
STRATEGISK KYRKJEKUNNSKAP
15 studiepoeng (5 vekttal)
- for kyrkjeverjar, dagleg leiarar og andre innan kyrkjeleg administrasjon
OPPLEGG OG KOMPETANSE
Studiet er sett saman av 7 delemne med leksjonar som vert lagt ut på nettet i løpet av perioden oktober 2004 – juni 2005. Til studiet høyrer det eit pensum på om lag 1000 sider. Studiet er del av den ordinære utdanninga i kyrkjeleg administrasjon ved Høgskulen i Volda, og omfanget er på 15 studiepoeng (5 vekttal). Alle deltakarar vert registrert som studentar og dei betalar vanleg semesteravgift, p.t. kr. 660,- pr. semester. Deltakarar er sjølv ansvarlege for utgifter til materiell og bøker.
Tema
Delemne 1: Kyrkjeverja som kyrkjeleg leiar
Delemne 2: Ekklesiologi – kyrkjekunnskap
Delemne 3: Samfunnslære – med perspektiv på religion og kyrkje
Delemne 4: Religion og kyrkje – folkekyrkja i endring
Delemne 5: Kyrkja og folk flest
Delemne 6: Kyrkjelege strategiar
Delemne 7: Leiing av kyrkja lokalt
VURDERING OG EKSAMEN
Til kvart delemne leverer studenten ei kort oppgåve på omlag 1500 ord. Oppgåvene vert vurdert etter kvart og med høve til justering og korrigering før endeleg evaluering. Som eksamen vert to av dei sju oppgåvene trekt ut til eksamensvurdering.
PÅMELDING - SPØRSMÅL
Skriftleg påmelding til:
Høgskulen i Volda
Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag
Postboks 500
6101 VOLDA
OPPSTART: 01. oktober
eventuelt på telefaks: 700 75 051 eventuelt e-post: pma@hivolda.no
brigttv@hivolda.no
Meir informasjon finn du på sidene til Høgskulen i Volda,
www.hivolda.no : (samfunnsfag/ studietilbod/ nettstudier)

|