Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Animasjon (Bachelor), 3 år – 180 stp

Animasjonsutdanninga er den einaste av sitt slag som utdannar animatørar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk, og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning.

Kort om programmet:
Studiet er retta mot kreative personar med interesse for visuelle medium. Tidlegare erfaring frå animasjon eller andre visuelle uttrykksformer kan være ein fordel. Søkjare bør minimum ha kunnskapar tilsvarande vidaregåande kurs 2 i teikning, form og farge.

Kva lærer du:
Studiet i animasjon er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. I tillegg til dei animasjonsfaglege emna som animasjonshistorie, produksjonsteori og opplæring i ulike produksjonsteknikkar, omfattar utdanninga også medievitskap.

Opptak:
Studieplassane vert fordelte i samsvar med det generelle opptaksreglementet for grunnutdanningar. I tillegg vert det kravd arbeidsprøver og søkjarane må dokumentere evner innan teikning/animasjon. Høgskulen orienterar søkjarane om krava til arbeidsprøver i eige brev. Søkjarane kan verte kalla inn til opptaksprøve og intervju. Søknad gjennom Samordna opptak.           

Oppbygging og gjennomføring:
Animasjonsstudiet er et integrert treårig praktisk-teoretisk studium med få valfrie emne. Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Dei praktiske øvingane og undervisninga knytt til desse er obligatorisk.

Teoriundervisninga foregår i hovudsak som gruppeførelesingar. Studentproduksjonar utgjør ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa finn stad. I samband med dei praktiske oppgåvene vert det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging på alle ledd i produksjonen. All praktisk undervisning er obligatorisk dersom studentane ikkje kan dokumentere tilsvarande kunnskap.

Vegen vidare  -  jobb og studium:
Den norske animasjonsbransjen er liten når ein samanliknar med andre mediemiljø i Noreg, og bransjen rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i fjernsyn er i dag vanleg, og i tillegg representerer digitale media (CD-rom, Internett, dataspel m.m.) ei utfordring for utdanningsmiljøa.

Bachelor i animasjon kvalifiserer for opptak til relevante mastergradsstudium i Noreg og utlandet.

Utanlandsopphald:
Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet.

Overgangsordningar/innpassing av tidlegare utdanning:
Har du tidlegare fullført fag som inngår i studieprogrammet eller har tilsvarande kompetanse, kan du søkje om innpassing.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning