Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Barnevernspedagogutdanning (Bachelor i sosialt arbeid), 3 år – 180 stp

Har du lyst til å arbeide med barn og ungdom?
Som barnevernspedagog vil hovudoppgåva di vere å medverke til å sikre og betre levevilkåra for denne gruppa. Dette gjeld særskilt for dei som har sosiale og/eller psykiske problem, eller som står i fare for å få det.

Kort om programmet:
Barnevernspedagogane sin kompetanse er retta inn mot barn og unge sin familiesituasjon og nærmiljøet dei er i. Oppgåvene femner både om førebyggjande og direkte klientretta arbeid, sakshandsaming og oppfølging av saker innan barnevernstenesta.
Barnevernspedagogutdanninga er eit yrkesretta studium. Dette inneber at utdanninga skal førebu og gi eit nødvendig grunnlag for praktisk yrkesutøving. I studieprogrammet vert det såleis lagt mest vekt på å gi studentane eit fagleg grunnlag til aktivt å kunne vidareutvikle og fornye det praktiske arbeidet.

Kva lærer du:
I studieprogrammet vert det lagt vekt på å utdanne reflekterte yrkesutøvarar som set mennesket i sentrum, og som kan planleggje og organisere tiltak i samarbeid med brukarar og andre tenesteytarar.

Barnevernspedagogstudentane skal ved avslutta utdanning ha nådd følgjande kunnskapsmål:
- kunne planleggje, iverksetje og evaluere tiltak for å betre og sikre barn og unge sine livsvilkår i samarbeid med dei menneska det gjeld
- kunne arbeide fagleg i barn og unges daglege miljø, inkludert ulike institusjonar der barn og unge oppheld seg

Oppbygging og gjennomføring:
Hovudemna i barnevernspedagogutdanninga er samfunnsvitskaplege emne, juridiske emne, psykologiske emne, pedagogiske emne og sosialpedagogiske emne.
Ein får kompetanse og øving i førebyggjande og kurativt miljøarbeid med barn, unge og deira pårørande i eller utanfor institusjon. Det er to praksisperiodar: om lag 6 veker prosjektpraksis andre studieåret, og ein klientretta
praksisperiode på om lag 16 veker tredje studieåret.

Studiet er eit integrert studium der arbeidsmåtane vekslar mellom storgruppeundervisning (saman med sosionomstudentar), fokusførelesingar, seminar, gruppearbeid, praksisutplassering, ferdigheitstrening, oppgåveskriving, praksissamlingar og individuelt studium. Delar av undervisninga er obligatorisk.

Utanlandsopphald:
Institutt for sosialfag arbeider for å tilby studentane våre opphald i utlandet. Dette kan vere i form av praksisutplassering i 5. semester, eller ved at ein tek einskilde emne ute.

Vegen vidare – jobb og studium:
Utdanninga kan til dømes kvalifisere for arbeid i kultur- og oppvekstsektoren, i ungdomsklubbar, i skule og skulefritidsordningar, i barne- og ungdomsinstitusjonar, med behandling og med omsorgsoppgåver. Ein vil også
kunne arbeide ved barnevernstenesta i kommunar, med særleg oppfølging av barn som har vanskelege heimetilhøve,
eller ein kan gå inn på nye arenaer der fokus er retta mot barn og deira livssituasjon.

Bachelor i sosialt arbeid (barnevernspedagogutdanning) kan kvalifisere for
opptak til mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning