Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Historie, kultur og samfunn (Bachelor), 3 år – 180 stp

Dette studiet skal gi eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, det vere seg på lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt plan.

Kort om programmet:
I studieprogrammet vert det sett fokus på utviklinga av det menneskelege samfunn. Historie er eit kjernefag i den humanistiske tradisjonen, og historiske emne står sentralt innanfor dei humanistiske faga. Saman med ei rekkje fag, til dømes samfunnsfag, pedagogikk, språkfag, media og IKT, er dette eit spennande og interessant studium.

Kva lærer du:
Programmet skal gi studentane opplæring i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid.

Oppbygging og gjennomføring:
Programmet er sett saman av:

- 15 stp human. innføringsemne (ex. fac.)
- 90 stp historiefaglege emne fordelt på
- 45 stp teoriemne på 100-nivå
- 30 stp teoriemne på 200-nivå
- 15 stp sjølvstendig arbeid
(bacheloroppgåve) på 200-nivå.
- minimum 30 stp med støtteemne i relaterte fagområde (sjå linje 1-3 nedanfor)
- 45 frie stp

For undervisningsretta studieløp er det krav til 60 studiepoeng støtteemne
frå eit anna skulefag enn historie eller samfunnskunnskap.

Studieprogrammet er delt i fire liner med ulike faglege fordjupingar:
1. Lokalhistorie og kulturvernarbeid
2. Globale og regionale kontrastar og mangfald
3. Medie- og kulturhistorie
4. Undervisningsretta studieløp

I alle emne er det lagt opp til omfattande internettstøtte gjennom bruk av særskild programvare, der det vert lagt ut undervisningsstoff.

Utanlandsopphald:
HVO vil leggje til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved institusjonar det blir inngått avtale med. I fordjupinga Lokalhistorie og kulturarbeid kan praksis takast ved godkjende institusjonar i utlandet.

Vegen vidare – jobb og studium:
Bachelor i historie, kultur og samfunn kvalifiserer for ulike former for formid- fordjupingslings- og kulturarbeid både i Noreg og i utlandet. Studiet er ei svært relevant utdanning for dei som ønskjer å arbeide innan kommune- og ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum).
Studiet er svært relevant for yrkesval innan journalistikk og informasjonsarbeid.
Bachelor i historie, kultur og samfunn kan kvalifisere for undervisning i skuleverket om ein vel å bygge på med 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studentar som ønskjer undervisningskompetanse må gjere særskilde val for å tilfredsstille kravet for tilsetjing i grunnskulen og vidaregåande skule.

Døme på undervisningretta studieløp i vidaregåande skule: 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag enn historie (samfunnsfag). Dette kan vere nordisk, tysk, engelsk, matematikk, musikk, m.m.

For dei som ønskjer å studere vidare kvalifiserer studiet for opptak til masterstudia i nynorsk skriftkultur og samfunnsplanlegging ved HVO, til masterstudium i historie ved universiteta og andre relevante masterstudium i Noreg og i utlandet.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning