|
Studiet skal kvalifisere for informasjonsfagleg arbeid i forvaltning, organisasjonar og bedrifter.

Kort om programmet: Studiet gir ei brei, generell innføring i teoretisk og praktisk informasjonsarbeid. Dette omfattar blant anna innføring i journalistikk, framførings- og presentasjonsteknikk, språkbruk i formidling, organisering av prosjektarbeid og ulike former for tekstproduksjon og informasjon via Internett. Medievitskap er ein obligatorisk og integrert del av utdanninga. Samspelet mellom teori og praksis kjem fram gjennom intern praksis knytt til å analysere og utføre lokalt forankra informasjonsoppdrag for organisasjonar. Dette vert vidareført i ekstern praksis i informasjonsavdelingar i sentrale, norske organisasjonar.
Kva lærer du: Studentane skal få opplæring i å bruke analytiske reiskapar som gjer dei i stand til å forstå informasjonsfaglege problemstillingar og å kople teori med praktisk arbeid. Det vert lagt vekt på å definere problem og målsetjingar, vurdere ulike verkemiddel og gjennomføre konkrete informasjonstiltak. Studentane får eit medvite forhold til tale-, bilet- og skriftspråk.
Oppbygging og gjennomføring: Bachelor i informasjon og media er sett saman slik: Informasjon: 70 studiepoeng Medievitskap: 45 studiepoeng Journalistikk: 15 studiepoeng Andre valfrie fag: 50 studiepoeng
Utdanninga legg stor vekt på praktiske øvingar, og studentane må vere innstilte på produksjonspress og korte fristar. Ein ventar at studentane held seg godt orienterte om aktuelle samfunnsspørsmål. Dei skriftlege arbeida og produksjonane vert utførte både individuelt og i grupper, og vert evaluerte av lærarar og medstudentar. Arbeidsformene stiller store krav til sjølvstendig arbeid og samarbeid i gruppe. Analysar av medieprodukt er viktige innslag i utdanninga.
Utanlandsopphald: Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet.
Vegen vidare- jobb og studium: Informasjons- og mediautdanninga ved HVO har lange tradisjonar. Utdanninga har eit godt utbygd nettverk til sentrale yrkesmiljø. Gjennom utplassering i arbeidslivet i 6. semester får kvar einskild student direkte kontakt med mange av desse yrkesmiljøa, og kan dra nytte av dette ved seinare jobbsøking.
Bachelor i informasjon og media kvalifiserer for opptak til Mastergrad i medievitskap og andre relevante mastergrader i Noreg og utlandet.
|