Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Journalistikk (Bachelor), 3 år – 180 stp

Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet.

Kort om programmet:
I studieprogrammet vert det lagt vekt på intern og ekstern praksis i redaksjonelt arbeid.
Frå tredje semester skal studentane velje spesialiseringsfelt (avis, fjernsyn eller radio), og får kvar sine respektive redaksjonslokale/studio. Fordelinga av studentar til dei ulike spesialiseringane skjer ut frå ønskje og opptakspoeng. Den teoretiske delen av studiet er felles. Det vert undervist i journalistikk og mediefag. Medievitskap er ein obligatorisk og integrert del av utdanninga.

Kva lærer du:
Studiet skal gi opplæring og øving journalistisk arbeid, gi kunnskap om ulike media, deira rolle og oppgåver og gjere studentane kjende med forsking om massemedia. Vidare vert det lagt vekt på å gi kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål, og på å øve opp evna til å nytte ulike analysemodellar. Studentane skal få eit medvite forhold til tale-, bilet- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel. Studentane skal også utvikle evnene sine til samarbeid og ta kollektivt ansvar.

Opptak:
Studieplassane vert fordelte i samsvar med det generelle opptaksreglementet
for grunnutdanningar i tillegg til praksiskvote. Søknad gjennom Samordna
opptak.
Søkjarane vert plasserte i ei av tre opptaksgrupper.

Studieplassane vert fordelte slik:
- 40 % primærvitnemålskvote
- 30 % til søkjarar i ordinær kvote
- 30 % til søkjarar med godkjend praksis
(sjå meir om dette i søkjarhandboka).

Før tredje semester må studentane velje spesialisering i avis, fjernsyn eller radio. Det er inntil 19 studieplassar på kvar spesialisering. Plassane vert fordelte på grunnlag av opptakspoenga.

Oppbygging og gjennomføring:
Bachelor i journalistikk er sett saman slik:
Journalistikk: 90 studiepoeng
Medievitskap: 45 studiepoeng
Andre valfrie fag: 45 studiepoeng

Journalistikkundervisninga går over fire semester. Føremålet med kurset er å gi studentane systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag. Kurset er arbeidskrevjande med obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid i høve til relevant teori. I studiet går ein frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir sjølvstendig og personleg journalistikk. Utdanninga legg stor vekt på praktiske øvingar, og studentane må vere innstilte på produksjonspress og korte fristar.Ein ventar at studentane held seg godt orienterte om aktuelle samfunnsspørsmål.

Vegen vidare – jobb og studium:
Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Vel tretti prosent av utøvande journalistar i Noreg har journalistutdanning. Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei medviten haldning til yrkesrolla si. Studentane får attraktive praksisplassar i presse og kringkasting. Studentane har rett til medlemsskap i Norsk Journalistlag og får ved medlemsskap Norsk Presseforbund sitt pressekort.

Studentar som har fullført bachelorgrad i journalistikk er kvalifiserte for
opptak til mastergrad i medievitskap og kan søkje om opptak på andre relevante
mastergrader i Noreg eller i utlandet.

Utanlandsopphald:
Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet.

Overgangsordningar/innpassing av tidlegare utdanning:
Studentar som har minst eitt år høgare utdanning frå før, kan søkje om innpassing for å gjennomføre studiet på 2 år.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning