|
Litteratur og kultur er eit 3-årig studium med hovudvekt på litteratur frå fleire språkområde. Litteraturen vert sett i eit kulturelt perspektiv med vekt på sjanger, litteraturteori, skriftkultur og kjønn.

Kort om programmet: Studieprogrammet inneheld emne i nordisk, engelsk og tysk litteratur. Dei litterære emna kan ein supplere med emne frå til dømes historie, mediefag, IKT, pedagogikk og samfunnsfag. Ein kan òg kombinere litteraturstudiet med språklege emne.
Kva lærer du: Gjennom litteraturstudiet skal studenten tileigne seg kunnskap om og reiskap til analyse av litterære tekstar. Ein kan leggje mest vekt på éin nasjonallitteratur, eller ein kan velje å studere fleire lands litteratur innanfor same periode, eller i lys av eit meir overgripande kulturperspektiv. Ein kan òg arbeide med litteraturpedagogikk og didaktiske emne. Studieprogrammet har ulike kompetansemål avhengig av dei emnevala studenten gjer. Studentar som ønskjer undervisningskompetanse i språkfaga, må velje eit minimum av språklege emne.
Oppbygging og gjennomføring: Studieprogrammet for Litteratur og kultur er bygt opp av eit fordjupingslingsemne (90 stp), støtteemne (30 stp) og fritt valde emne (60 stp), til saman 180 stp. Støtteemna er knytte til fordjupinga, medan dei frie emna kan studentane velje sjølv.
Døme på eit tilrådd studieløp: 1. semester Obligatorisk innføringsemne Norsk 103 (litteratur) 2. semester Norsk 104 (litteratur) Norsk 101 (språk) 3. semester Engelsk 101 (språk) eller Tysk 101 (språk) Engelsk 102 (litteratur) eller Tysk 103 (litteratur) 4. semester To emne i utlandet (England, USA, Australia, Tyskland) 5. semester Norsk 203 eller 204 (litteratur) Mediekunnskap eller historie 6. semester Norsk 204 eller 203 (litteratur) Oppgåveskriving
Studentar som ønskjer å avslutte før fullført bachelor, kan få emne godkjende som delar av årsstudium eller fordjupingstudium i norsk, engelsk eller tysk. Ei oversikt over emne som kan inngå i bachelorstudiet finn du på www.hivolda.no. Det vert gjeve ordinær undervisning i form av førelesingar og seminar. Rettleiing av den einskilde studenten er integrert og skjer gjennom heile studiet. Det er elles lagt opp til nettbasert undervisning i nokre av emna. Innlevering av oppgåver og kommentarar til oppgåveskriving kan òg skje på nettet.
Vegen vidare - jobb og studium: Studieprogrammet kvalifiserer for arbeid både i offentleg og privat sektor, der det er behov for tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse og forlag, internasjonalt og tverrkulturelt samarbeid. Utdanninga kan også gi undervisningskompetanse. Dette føreset påbygging av Praktisk-pedagogisk utdanning som eit fjerde år, og fagval og fordjuping som stettar dei krav som er sett i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å undervise i. Dei som skal undervise i språkfag (norsk, engelsk, tysk) må ha eit minimum av språklege emne.
Bachelorgraden i litteratur og kultur kvalifiserer for opptak til mastergradsstudiet i Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og for andre relevante mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.
Utanlandsopphald: Frå og med 3. semesteret kan studentane ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet.
|