Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Media, IKT og design (Bachelor), 3 år – 180 stp

Er du interessert i både formidlingsmessige, tekniske og estetiske sider ved bruk av ulike medium og IKT er dette studiet for deg. Studiet er særleg retta mot studentar som vil arbeide med medie- og IKT-relaterte oppgåver i grunn- og vidaregåande skule, men også studentar som ønskjer å kvalifisere seg til ulike oppgåver innan formgjeving, vevproduksjon og multimediearbeid.

Kort om programmet:
Utdanninga er eit 3-årig studieløp med fordjuping innan media og IKT med vekt på pedagogikk og design. Studiet skal i første rekkje kvalifisere for arbeid i grunnskulen og den vidaregåande skulen, og vil, etter spesialisering og med eit års påbygging, kunne gi undervisningskompetanse. Studiet gir òg høve til spesialisering i medie- og informasjonsteknisk arbeid retta mot næringslivet, og spesialisering mot vidare studiar på masternivå.

Kva lærer du:
Gjennom praktisk og teoretisk arbeid med ulike medieuttrykk og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) skal studiet gi ei grunnleggjande forståing av ulike medium si rolle og bruk i skule, samfunns- og arbeidsliv, og også gi pedagogisk, estetisk og teknisk kompetanse innan medie- og IKT-bruk.

Oppbygging og gjennomføring:
Utdanninga er tufta på mediekunnskap og IKT for lærarar, med fordjuping knytt til ulike sider av designomgrep innan media og IKT. Utdanninga er sett saman av praktiske og teoretiske emne der fagstudium er kombinert med fagdidaktikk. Som del av studiet inngår både praksisopphald og større prosjektarbeid.

I det første året vert det lagt vekt på å skape innsikt i korleis massemedia fungerer på individ- og samfunnsnivå, og studentane skal utvikle eit medvite forhold til eigen og andre sin mediebruk. Teorikurs i medievitskap og mediedidaktikk utgjer hovuddelen av første studieåret. I tillegg kjem praktisk opplæring i mediebruk og IKT, prosjektpraksis i skuleverket og ei større prosjektoppgåve.

Det andre året vil særleg vere fokusert om etiske, estetiske og tekniske sider ved bruk av IKT, men også her med ein pedagogisk og prosjektorientert profil. Det vil bli gitt tilbod innan etisk og pedagogisk bruk av IKT, visuell kommunikasjon og mediedesign, og vevdesign og systemløysingar. Ein vil også kunne velje inn andre medierelaterte emne. Praksis inngår også i det andre året.

I det tredje året skal studentane spesialisere seg innan eit fagfelt, med høve til opphald i utlandet. Vi vil tilby emne både innan praktisk produksjon, skulefag og innan mediefag og pedagogisk IKT.

Undervisning / arbeidsmåter:
Undervisninga vekslar mellom førelesningar i storgrupper, sjølvstudium, prosjektarbeid og problemorienterte og studentaktive undervisningsformer. I tillegg kjem fleire skriftlege og praktiske oppgåver, praktiske kurs og praksis i skule og arbeidsliv.

Vegen vidare – jobb og studium:
Gjennom emneval i andre og tredje studieåret vil studenten kunne kvalifisere seg for arbeid i skuleverket, få ei meir næringslivsretta kompetanse innan medie- og IKT-design eller få fordjuping innan spesifikke fagfelt som gir grunnlag for opptak til relevante masterutdanningar. For undervisning i skuleverket krev eit års påbygging (PPU) ut over bachelorgraden. Studiet gir ingen formell kompetanse i grafisk design og formgiving, men vil styrke realkompetansen på dette fagfeltet.

Utanlandsopphald:
Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald i studiet sitt tredje år, primært i haustsemesteret.

Innpassing av tidlegare utdanning:
Studentar som har tatt mediekunnskap, medievitskap, IKT for lærarar, pedagogisk informasjonsvitskap eller tilsvarande vil kunne få delar av denne utdanninga innpassa i studiet.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning