|
Bachelor i religion og kultur er ei utdanning for dei som vil skaffe seg innsikt i kristendommen og det religiøse og kulturelle mangfaldet.

Kort om studieprogrammet: Studiet er sett saman av ei rekkje emne, og studentane gjer val i høve den pro- fi len dei ønskjer på utdanninga si. Det vert fokusert spesielt på følgjande fagområde: - KRL (kristendomskunnskap, religions- og livssynskunnskap) - kultur- og samfunnskunnskap - religionspedagogikk
Kva lærer du: Studieprogrammet skal gi studentane kompetanse til å forstå så vel norsk kultur og tradisjon som det fleirkulturelle samfunnet. Studentane skal få trening og kompetanse i vitskapleg lesing og tolking av bibelske tekstar og innsikt i korleis desse tekstane har påverka kulturuttrykk i den vestlege verda. Studentane skal få innsikt i og forståing for reformasjontida som avgjerande for delinga av kyrkja i Europa, og det konfesjonelle mangfaldet i tida etter. Det vert i studiet lagt vekt på å gi utdjupande kunnskap om religionar og livssyn, møtet mellom desse i samtida, og dei pedagogiske og didaktiske utfordringane dette møtet representerer. Det skal leggjast særleg vekt på spørsmål omkring menneskesyn og etikk.
Oppbygging og gjennomføring: Undervisninga er lagt opp som oversynsførelesingar, seminar med førebudde studentinnlegg, basisgruppearbeid og oppgåveskriving med rettleiing.
Døme på eit tilrådd studieløp:
1. semester - Innføring i KRL - Bibelen - tekst og tolking 2. semester - Tru og tradisjon - Religion, livsyn og formidling 3. semester - Examen Philisophicum - Møte mellom kulturar / religionar 4. semester - Sjølvstendig arbeid - Valemne eller utanlandsopphald 5. semester - Valemne eller utanlandsopphald 6. semester - Valemne eller utanlandsopphald
Minst eitt valemne må vere på 200-nivå.
Obligatoriske emne og krav til rekkjefølgje: Emna for første året og hausten andre året pluss eit sjølvstendig arbeid på 15 stp er obligatorisk. Dessutan må ein inkludere minst eitt av dei tre utanlandsopphalda. Studiet i Australia har avgrensa antal plassar og vil derfor berre vere tilgjengeleg etter søknad og konkurranse etter fastsette kriterier. Dei obligatoriske emna dei første tre semestra må fullførast før ein kan gå vidare. Utover dette er det ingen krav til rekkjefølgje for emna. Utanlandsopphalda er dessutan knytt til enten haustsemester (Australia) eller vårsemester (USA og Afrika).
Vegen vidare- jobb og studium: Studiet gir gode kvalifikasjonar for undervisning i KRL på ungdomssteget i grunnskulen og i “Religion og etikk” for vidaregåande skule. Det gir dessutan gode kvalifikasjonar for arbeid i interkulturell samanheng, som til dømes arbeid blant innvandrarar og hjelpearbeid i utviklingsarbeid og misjon. Graden vil kunne danne grunnlag for mastergrader i KRL, i religionsvitskap, i religionsdidaktikk, i kulturstudium og i kristendomskunnskap.
Utanlandsopphald: Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av andre eller tredje studieåret ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet. HVO har avtalar med følgjande utdanningsinstitusjonar om studentutveksling:
Augsburg College, Minnesota, USA Griffith University, Australia Kenya/ Tanzania
|