Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Sosionom (Bachelor), 3 år – 180 stp

Er du oppteken av dei som slit i samfunnet? Som sosionom vil du kunne arbeide med menneske som har sosiale problem, er i utsette posisjonar og slit med vanskar og dårlege livsvilkår.

Kort om programmet:
Sosionomutdanninga er eit yrkesretta studium. Dette inneber at utdanninga skal førebu og gi eit nødvendig grunnlag for praktisk yrkesutøving. I studieprogrammet vert det såleis lagt mest vekt på å gi studentane eit fagleg grunnlag til aktivt å kunne vidareutvikle og fornye det praktiske arbeidet.

Kva lærer du:
I studieprogrammet vert det lagt vekt på at dette er ei sosialarbeidarutdanning med generalistpreg, som skal kvalifisere for arbeid med sosiale problem på ulike felt og med ulike målgrupper. Utdanninga skal gi kompetanse i ulike sosialfaglege arbeidsmåtar, med spesiell vekt på arbeidsformer der brukarar er aktive deltakarar og mobiliserer eigne ressursar, anten desse er einskildpersonar, familiar, grupper eller sosiale nettverk.

Oppbygging og gjennomføring:
Studiet er sett saman av juridiske emne, samfunnsfag, psykologi og sosialt arbeid i teori og praksis. Ein får kunnskap om kva som skaper og opprettheld sosiale problem, kva rettar brukarane har i vanskelege livssituasjonar og ein får lære om korleis psykiske vanskar oppstår og utviklar seg. Studiet har to praksisperiodar; om lag seks vekers prosjektpraksis andre studieåret, og ein klientretta praksisperiode på om lag 16 veker tredje studieåret. Studiet er eit integrert studium der arbeidsmåtane vekslar mellom storgruppeundervisning (saman med barnevernpedagogstudentar), fokusførelesingar, seminar, gruppearbeid, praksisutplassering, ferdigheitstrening, oppgåveskriving, praksissamlingar og individuelt studium. Delar av undervisninga er obligatorisk.

Utanlandsopphald:
Institutt for sosialfag arbeider for å tilby studentane våre opphald i utlandet. Dette kan vere i form av praksisutplassering i 5. semester, eller ved at ein tek einskilde emne ute.

Vegen vidare – jobb og studium:
Som sosionom vil ein finne arbeid i helse- og sosialsektoren i kommunane, i fylkeskommunale institusjonar og behandlingstilbod, i kriminalomsorg og i humanitære organisasjonar. Ein finn såleis sosionomar mellom anna i sosial- og barnevernstenesta, i tilbod for funksjonshemma, i skuleverket, ved familierådgjevingskontor, i fengsel og kriminalomsorg i fridom og i eldre- og rusmiddelomsorg. Bachelor i sosialt arbeid (sosionomutdanning) kvalifiserer for opptak til relevante mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning