|
Kompetanse i språk, kommunikasjon og mediebruk vert stadig meir etterspurd både i offentleg og privat sektor.

Kort om programmet: Språk, kommunikasjon og media er eit 3-årig studium med hovudvekt på språklege emne. Høgskulen i Volda tilbyd emne i nordisk, engelsk og tysk språk. Språkstudiet kan rettast inn mot språkleg informasjon, språkleg kommunikasjon og språk i ulike medium. Studiet kan også innehalde emne frå til dømes litteratur (norsk, engelsk og tysk), historie, mediefag, IKT, pedagogikk og samfunnsfag.
Kva lærer du: Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskap om korleis språk er oppbygde, korleis dei fungerer i ulike former for kommunikasjon mellom menneske og korleis dei opptrer i ulike medium. Ein kan leggje mest vekt på eitt einskildspråk (norsk, engelsk, tysk), eller ein kan velje å studere språkfenomen generelt (lingvistikk), språkleg samhandling og kommunikasjon (retorikk), eller i lys av meir overgripande perspektiv som kultur (skriftkultur) eller undervisning (språkdidaktikk). Språkprogrammet har ulike kompetansemål avhengig av dei studieretningsvala studenten gjer.
Oppbygging og gjennomføring: Bachelorprogrammet er bygt opp av eit fordjupingsemne (90 stp), støtteemne (30 stp) og fritt valde emne (60 stp), til saman 180 stp. Støtteemna er knytte til fordjupinga, medan dei frie emna kan studentane velje sjølv. Fordjupingsdelen er sett saman av ulike emne (kvart på 15 studiepoeng) på 100-nivå, minst eitt emne på 200-nivå og ei individuell skriftleg oppgåve på 200-nivå (15 studiepoeng). Fordjupingsemne i språkprogrammet kan vere nordisk, engelsk og tysk språk, kommunikasjon og retorikk, retorikk, skriftkultur, barne-og ungdomsspråk, mediespråk og språkdidaktikk
Døme på eit tilrådd studieløp: 1. semester Obligatorisk innføringsemne Norsk 101: språk 2. semester Norsk 102: språk Norsk 103: litteratur 3. semester Engelsk eller tysk språk Engelsk eller tysk litteratur 4. semester To emne i utlandet (England, USA, Australia, Tyskland) 5. semester Norsk 201 eller 202 Mediekunnskap eller historie 6. semester Norsk 201 eller 202 Oppgåveskriving
Studentar som ønskjer å avslutte før fullført bachelor, kan få studieemne godkjende som delar av årsstudium eller fordjupingsstudium i norsk, engelsk eller tysk.
Det vert gjeve ordinær undervisning i form av førelesingar og seminar. Rettleiing av den einskilde studenten er integrert og skjer gjennom heile studiet. Det er elles lagt opp til nettbasert undervisning i nokre av emna.
Vegen vidare – jobb og studium: Utdanninga kvalifiserer for arbeid både i offentleg og privat sektor der det er behov for språkkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, språkbearbeiding, arbeid i presse og forlag, internasjonalt og tverrkulturelt samarbeid. Utdanninga kan også gi undervisningskompetanse. Dette føreset påbygging av Praktisk-pedagogisk utdanning som eit fjerde år, og fagval og fordjuping som stettar dei krav som er sett i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å undervise i. Dei som skal undervise i språkfag (norsk, engelsk, tysk) må ha eit minimum av litterære emne. Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak til mastergradsstudiet i Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og for andre relevante mastergradsstudium i Noreg og i utlandet.
Utanlandsopphald: Frå og med 3. semesteret kan studentane ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet.
|