|
Studiet skal utdanne til teneste i kyrkje og kristelege organisasjonar. Det gir grunnleggande innsikt i kristendomskunnskap og kvalifiserar for eit breitt pedagogisk og administrativt arbeid i kyrkjeleg verksemd.

Kort om studieprogrammet: Studiet er sett saman av ei rekkje emne, og studentane gjer val i høve den profilen dei ønskjer på utdanninga si. Felles er det at alle skal ha minimum 90 studiepoeng innan kristendomskunnskap og minimum 30 studiepoeng innan praktisk-kyrkjelege fag. Studentane kan vidare velje mellom pedagogiske emne, administrative emne og emne relatert til kristeleg ungdomsarbeid.
Kva lærer du: Studieprogrammet skal mellom anna gi studentane kompetanse til å forstå så vel norsk kultur og tradisjon som det fleirkulturelle samfunnet. Studentane skal få kompetanse i vitskapleg lesing og tolking av bibelske tekstar og innsikt i korleis desse tekstane har påverka kulturuttrykk i den vestlege verda. Det vert lagt vekt på å utvikle kunnskap om religionar og livssyn, møtet mellom desse i samtida, og dei pedagogiske og didaktiske utfordringane dette møtet representerer. Det skal leggjast særleg vekt på spørsmål omkring menneskesyn og etikk. Studentane skal også få teoretisk innføring i sentrale problemstillingar i homiletikk, kommunikasjon, kyrkjekunnskap og kyrkjeleg planarbeid, og få praktisk erfaring frå ulike område av kyrkjeleg verksemd med vekt på barne- og ungdomsarbeid.
Oppbygging og gjennomføring: Undervisninga er lagt opp som oversynsførelesingar, seminar med førebudde studentinnlegg, basisgruppearbeid og oppgåveskriving med rettleiing.
Døme på eit tilrådd studieløp: 1. semester - Innføring i KRL - Bibelen - tekst og tolking 2. semester - Tru og tradisjon - Religion, livsyn og formidling 3. semester - Examen Philisophicum eller valemne - Valemne på 200-nivå 4. semester - Sjølvstendig arbeid - Individ og samfunn eller - Utanlandsopphald 5. semester - Formidling og rettleiing - Praksis i kyrkjeleg verksemd 6. semester - Kyrkjeleg teneste - Fritt valgemne eller - Utanlandsopphald
Aktuelle valemne er Musikk og drama, Ungdomsarbeid og ungdomskultur, ”Da Jesus satte sjelen fri” og utanlandssemester (USA, Kenya/Tanzania, Australia) Det er også mogleg å få godkjent andre relevante emne.
Vegen vidare – jobb og studium: Studiet kvalifiserer til kyrkjeleg teneste som menighetspedagog, ungdomsarbeidar eller dåpslærar og til teneste i kristelege organisasjonar. Studiet kvalifiserer også for opptak til Mastergradsutdanning for kateketar. Dessutan kan studentar, ved målretta emneval, danne bachelor-grunnlag for cand. theol-studier/ mastergradstudier for prestar.
Utanlandsopphald: Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av andre eller tredje studieåret ved samarbeidande utdanningsinstitusjonar i utlandet. HVO har avtalar med følgjande utdanningsinstitusjonar om studentutveksling: Augsburg College, Minnesota, USA Griffith University, Australia Kenya/ Tanzania
|