|
Studietilbodet vert gjeve som nettstudium studieåret 2004/2005.
Examen philosophicum (ex. phil.) skal gi eit kunnskapsmessig grunnlag for vidare universitets- og høgskulestudium. Samstundes skal studiet gi grunnlag for å utvikle sjølvstendig refleksjon omkring både allmenne eksistensielle spørsmål, dei utfordringane samtida og samfunnet byd på, og den rolla eiga utdanning, og det yrket ein siktar mot, medfører.

Innhald Studiet er samansett av fire disiplinar: filosofi- og vitskapshistorie, vitskapsfilosofi, språk- og argumentasjonsteori og praktisk filosofi.
Kompetanse Studiet kan inngå som eit emne i bachelorgraden, og er likeverdig med det tilsvarande studiet ved universiteta.
|