Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Historie

Historie, halvtårsstudium, 100-emne, 30 stp

Historie, årsstudium, 100- og 200-emne, 60 stp

Historie, fordjupningsemne, 200-emne

Historie, mastergradsemne, 300-emne

Fagstudia i historie skal lære studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudia skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Kort om programma:
Alle studietilboda i historie på grunn- og fordjupingsnivå er nettstøtta. Det
tyder at all informasjon til studentane (både ordinære, fjern- og deltidsstudentar)
og ein stor del av undervisninga blir gitt via e-læringssystemet
(Classfronter) HVO nyttar.

Kva lærer du:

Historie årsstudium, 60 stp
Studentane skal tileigne seg eit samanhengande oversyn over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag. Dei skal vere i stand til å plassere Noreg i eit komparativt europeisk perspektiv med særleg vekt på sentrum–periferi-relasjonar. Dei skal òg ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar frå tida før den europeiske påverkinga sette inn med full tyngd og fram til ca 1800. Studentane skal opparbeide innsikt i historisk tenkjemåte og kva historisk kunnskap byggjer på. Metodelære, historiografi og kjeldekunnskap er derfor viktige element i studiet, og er inn-arbeidd i alle emne.

Følgjande emne inngår som obligatoriske i årsstudiet:
- Hi101: Eldre oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie til ca 1600.
- Hi102: Nyare oversynshistorie, norsk og internasjonal (global) historie, ca 1600–ca 1870
- Hi103: Moderne oversynshistorie, norsk og internasj. (global) historie, ca 1870 – d.d.

Valfrie emne som kan inngå i årsstudiet (ikkje alle vert undervist kvart semester/år):
- Hi110: Oppgåveemne
- Hi201: Globalhistorie. Europa, vesten og verden
- Hi202: Norske kystsamfunn ca 1600-1920
- økonomiske og sosiale kontrastar?
- Hi204: Lokalhistorie, teoripensum
- Hi206: Mediehistorie (sjå også emne i mediehistorie under "Etter- og vidareutdanning")

Studentar som vel eit 200-emne som siste emne i årsstudiet skal ha fullført
minst 2 av 100-emna før oppstart, og vere registrert for fullføring av det tredje
same semester som ein fullfører 200- emnet.

Sjå også emne i internasjonal mediehistorie under "Etter- og vidareutdanning" i menyen til venstre.

Historie 30 stp
Halvårsstudium

Kan setjast saman av to av emna Hi101, Hi102, Hi103 og Hi110.

Historie
Fordjupingsemne - 200-emne

Frie emne på 15 stp:
- Hi201: Globalhistorie. Europa, vesten og verden.
- Hi202: Norske kystsamfunn ca 1600–1920
– økonomiske og sosiale kontrastar?
- Hi204: Lokalhistorie teoripensum
- Hi205: Lokalhistorie semesteroppgåve ( føresetnad: Hi204 same eller tidlegare semester)
- Hi206: Mediehistorie (sjå også emne i mediehistorie under "Etter- og vidareutdanning")

Til 200-emna er forkravet at ein har fullført 30 stp. historieemne på 100- nivå ved HVO eller tilsvarande frå andre lærestader.

Sjå også emne i internasjonal mediehistorie under "Etter- og vidareutdanning" i menyen til venstre.

Historie
Mastergradsemne - 300-emne

- Hi301: Kultur, identitet - nasjon, region, teoripensum - 15 stp
- Hi302: Semesteroppgåve med sjølvvald pensum – 15 stp ( føresetnad: Hi301 same eller tidlegare semester)
- Hi303: Lokalhistorie og regionale identitetar - 30 stp (valfritt emne i mastergraden i samfunnsplanlegging ved ASF), består av Hi204 og Hi301

Til Hi301 er forkravet at ein har fullført bachelorgrad med relevante fag, eller opptak på eit mastergradsprogram der emnet er godkjent. Til Hi303 er forkravet opptak på mastergradsprogrammet i samfunnsplanlegging ved HVO.

Frie emne
Alle emna på 100- og 200-nivå kan takast kvar for seg bortsett frå Hi205 som berre kan takast samstundes med eller etter Hi204, og Hi302 som berre kan takast samstundes med eller etter Hi301.

Oppbygging og gjennomføring:
I haustsemesteret vert det undervist i Hi101, Hi102 og to av 200-emna, medan det i vårsemesteret vert undervist i Hi103, Hi110 og dei andre to 200-emna. Alle teoriemne blir i utgangspunktet tilbode som nettstudium kvart semester, der studentane får tilgang til nettleksjonane o.a. informasjon og blir oppsett i basisgrupper med rettleiar for mappevurdering. Det skjer altså frittståande eller i kombinasjon med ordinær undervisning i emnet ved Høgskulen i Volda.

Vegen vidare – jobb og studium:
Som historikar er du kvalifisert for arbeid innan ei rekke område. Dette kan vere ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Du kan for eksempel arbeide i presse, media generelt, i forlag eller anna privat verksemd. Ein historikar vil også ha svært relevant bakgrunn for arbeid innan ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum). Fagkombinasjon og spesialisering vil ha mykje å seie for framtidig yrke. Om du ønskjer å undervise, kan historie inngå som valfritt emne i allmennlærarutdanninga eller inngå i fagkrinsen til studentar som set saman si eiga lærarutdanning med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på toppen. Studentar som har minimum 80 studiepoeng historie i ei bachelorgrad eller har mellomfag i historie i ei cand. mag.grad er kvalifisert for opptak ved mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur ved HVO, mastergradsstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante mastergradsstudium ved utanlandske lærestadar.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Jonny Roar Sundnes 16.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning