Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Internasjonalisering

Heime bra, men borte best?

Samfunnet vårt vert stadig meir internasjonalisert, og internasjonal kompetanse vert dermed meir etterspurd. Høgskulen i Volda tar konsekvensen av dette og hjelper deg gjerne ut i verda!


 

 

Internasjonalisering 

Kvalitetsreforma slår fast at alle som ønskjer det, skal få mogelegheit til å opphalde seg ved ein lærestad i utlandet som ein del av graden.

Som student ved Høgskulen i Volda har du mange mogelegheiter til å ta delar av studia dine ved ein utanlandsk høgskule/universitet etter første studieår.

Eit slikt delstudium kan vare i 3-12 månadar og skal inngå som ein del av graden din ved HVO. Om du vil til Malawi, Kina, USA, Australia, Nord-Irland eller til eit av våre naboland er opp til deg. Dette er berre nokre av dei landa vi kan freiste med utveksling til. Høgskulen i Volda deltek i ei rekkje utvekslingsprogram med utvekslingsavtalar innan Erasmus for EU-land, Nordplus for dei nordiske landa og vi har bilaterale avtaler i andre verdsdelar.

Som utvekslingsstudent får du kjennskap til eit nytt land, du får innsyn i eit anna språk og ein annan kultur, du får nye perspektiv på livet og du får høve til å studere fag som kanskje ikkje finest her heime. Samstundes får du vise at du er sjølvstendig, initiativrik og at du er open for nye impulsar.

Eit utanlandsopphald vil også kunne gje deg stort fagleg utbyte, og internasjonal erfaring som vil vere svært viktig når du skal søkje jobb.

 

Erasmus

Dersom du vil studere i eit EU-land, er det attraktivt å reise gjennom Erasmus.

HVO har avtaler med ein rekkje europeiske universitet, og porteføljen er aukande. Går du inn på www.hivolda.no og klikkar i menyen for ”Internasjonalisering” finn du ei oversikt over dei samarbeidsinstitusjonane vi har på dei ulike fagområda. I tillegg har vi ein rekkje andre bilaterale avtaler, der HVO studentar vert tilgodesett.

 

Eit Erasmusopphald må vare i minimum tre månadar, og maks tolv. Dersom du skal studere eit heilt år, må du starte i haustsemesteret. Dersom du er heldig å få eit Erasmusopphald

får du: 

- Erasmus-stipend på ca. kr. 1.500 per månad

- Hjelp av vertsuniversitetet med å skaffe bustad

- Ta del i introduksjonsprogram og språkkurs

 

Du treng ikkje å betale studieavgift ved vertsuniversitetet, og du kan få dekt utgifter til førebuande språkkurs.

 

Nordplus

Dersom du ønskjer å studere i Norden, løner det seg å dra gjennom det nordiske

utvekslingsprogrammet Nordplus. Nordplus er satt saman av faglege nettverk mellom dei nordiske høgskulane og universiteta, og under internasjonalisering på www.hivolda.no finn du ei oversikt over nettverka der HVO er med.

Får du innvilga eit Nordplus-opphald får du: 

- Nordplus-stipend på ca. kr. 1.500 per månad

- Hjelp av vertsuniversitetet med å skaffe bustad

- Ingen studieavgift

 

Verda utanom Europa

Ønskjer du deg lenger vekk er det også ein fordel å dra til ein institusjon der HVO alt har ein avtale, men i praksis kan du dra kor som helst. Berre fantasien set grenser! Gå inn på de internasjonale sidene og sjå oversikta over studietilbod. Det er eit stadig aukande tal studentar som ønskjer seg til meir eksotiske reisemål, og tilboda er uendelege.


 

Ta kontakt med internasjonalt kontor så hjelper vi deg ut i verda!

Men uansett kor du har tenkt deg så løner det seg å starte tidleg!

Sjølve prosessen fram mot eit delstudium i utlandet kan ta tid, alt etter kor du ønskjer deg. I tillegg til søknadsfrist er det gjerne også fristar for å søkje stipend og for å ta språktestar. Internasjonalt kontor hjelper deg, men det er viktig at du stiller førebudd og har tenkt gjennom følgjande:
 

Kvifor, kva, kor og når du vil ut 

Det å planlegge eit studieopphald i utlandet krev at du først og fremst avklarar viktige spørsmål for deg sjølv. Kvifor ønskjer du å dra ut og kva for fag ønskjer du å studere medan du er i utlandet?

Kor ønskjer du å dra, når vil du dra og kor lenge vil du vere ute? Hugs at du finn mykje nyttig informasjon på nettet!

 

Finansiering

Du bør få avklart så tidleg som råd kor mykje du eventuelt må betale i skulepengar. I nokre

tilfelle kan storleiken på skulepengane vere avgjerande for kor vidt planane kan realiserast eller ikkje. Lånekassa kompenserer for auka reiseutgifter og ev. studieavgifter, og støtta frå

Lånekassa kjem i tillegg til ev. stipend gjennom Erasmus og Nordplus.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning