|
|
Utviklingsplan for Avdelinga for samfunnsfag er ein plan som er utvikla over tid, og som syner at nokre politikkområde har vore stabile, mens andre er komne til. Når ein no gjennom ei litt anna form vel å prioritere nokre framfor andre, kan det vere område og tiltak som avdelinga er godt i gong med og vidarefører, og som slik sett vil gå parallelt med at ein prioriterer nye område. Prioriteringane syner ei retning, utan at andre område aktivt er valt bort. Vedteken i styret for avdeling for samfunnsfag 3.11. 2005 ---------------------------------------------------------------------------- Utviklingsplan for Avdeling for samfunnsfag 2005 – 2008
1.Bakgrunn
Denne planen skal gi mål, retningsliner og prioriteringar for utviklingsarbeidet ved Avdeling for samfunnsfag ( ASF) for perioden 2005 – 2008. Planen tar utgangspunkt i overordna planar for Høgskulen i Volda , og konkretiserar desse inn i den daglege verksemda for avdelinga. Planen gir uttrykk for korleis leie utviklinga slik at avdelinga skal vere ein god arbeidsplass for dei tilsette, gi gode studietilbod til studentar, stimulere og gi relevante forskingsbidrag regionalt og nasjonalt. Avdeling for samfunnsfag er sett saman av tre institutt; Institutt for planlegging og administrasjon (IPA), Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK), og Institutt for sosialfag (ISF). Avdelinga har om lag 45 tilsette, og ca. 1200 studentar, noko som tilsvarar om lag 700 heiltidsekvivalentar årleg.
2. ASF sine overordna mål
Avdeling for samfunnsfag skal gjennom det tverrfaglege fagmiljøet sitt innan samfunnsvitskaplege og humanistiske fag gi gode og relevante studietilbod. Gjennom forsking og utviklingsarbeid skal avdelinga gi aktuelle kunnskapsbidrag, fremje og delta i samfunnsdebattar, og vere ein aktiv samarbeidspart internt i høgskulen og eksternt mot andre samfunnsaktørar.
Avdelinga vil • vere aktiv i å fange behov for kunnskap og møte desse med undervisningstilbod og forsking og utviklingsarbeid • ha eit særleg fokus på spørsmål knytt til studiekvalitet og studiekvalitetsutvikling • skape eit aktivt fagmiljø som studentar, tilsette og samarbeidspartar finn seg til rette i • vere ein tydeleg bidragsytar og samarbeidspart i høgskulen og mot det feltet studietilboda og forskinga rettar seg mot 3. Studietilbod og undervisning - faglege satsingar og utfordringar
3.1 Studietilbod - program
Avdeling for samfunnsfag er sett saman av tre ulike institutt. Vi ser dette som ein styrkje og ei utfordring: dei ulike faglege ressursane institutta rår over kan gi nye og utviklande perspektiv til utvikling av fag-, studium- og forskingsområde, og skape ei integrering av ulike metodar, faglege synspunkt og forskingsfelt som gjer ASF til ei unik og sterk avdeling ved HVO. Dei samfunnsmessige endringane, behova og etterspurnadsprofilen i marknaden og avdelinga sin eigen kompetanse, utgjer viktige føringar for kva vi kan og bør satse på å tilby når det gjeld studie- og undervisningstilbod.
Tyngdepunkta av tilboda ved ASF ligg på profesjonsutdanningar og nokre fagstudium. Hovudstamma i profesjonsutdanningane er bachelorgradane i høvesvis planlegging og administrasjon, med tre ulike fordjupingar; i sosialt arbeid (sosionom-, og barnevernsutdanning), og i teologi og kyrkjefag, og i religion og kultur. Frå denne hovudstamma på bachelornivå, går avdelinga gradvis over til å auke aktiviteten mot større vekt på masterprogram. I tillegg til eksisterande Mastergrad i samfunnsplanlegging, vert det våren 2006 fremja to søknader til NOKUT om nye mastertilbod; den eine i samarbeid med Høgskulen i Ålesund om master i Helse- og sosialfagleg arbeid med fagleg ansvar lagt til HVO og ASF, og den andre i samarbeid med Avdeling for humanistiske fag i Kulturmøte, der fagleg ansvar er lagt til AHF. Planen er at desse to studietilboda vert sett i gong hausten 2006 heilt eller delvis. Ved å sette i gong to nye mastertilbod i planperioden, vert det ei utfordring å finne gode balansepunkt innad i institutta og mellom institutt når det gjeld tilhøvet mellom bachelor-, master-, og vidareutdanningsprogramma og dei fagtilsette sin arbeidsressurs og kompetanse
Eit anna kjenneteikn ved avdelinga er dei mange etter- og vidareutdanningane, og den utstrakte bruken av Internett (ClassFronter) som hjelpemiddel i desse utdanningane.
Mål for studietilboda - programområda
Avdeling for samfunnsfag skal gi relevante studietilbod, som bygg på dei fagtilsette sin forskings- og utviklingskompetanse. Avdelinga skal ha eit arbeidsfellesskap for dei tilsette som fremmer FOU-engasjement, fleksible og gode arbeidsrutinar, og trivsel. Avdelinga vil halde fram med å markere seg gjennom aktuelle studietilbod og undervisingsmåtar som fremjer studnetdeltaking og studentengasjement. Studietilboda skal framleis i hovudsak vere forankra i program og emne som vert gitt på sjølve campus, somme av dei òg som nettstudium for studentar regionalt og nasjonalt. Nokre studieemne vil framleis vere reine nettstudium, som kan kombinerast med andre emne i bachelorprogramma. Bruk av ulike digitale hjelpemiddel vil stå sentralt i alle studieformer. Avdelinga skal søkje samarbeid med andre aktørar der dette er aktuelt, m.a. innan fjernundervisning.
Delmål
ASF vil i denne programperioden arbeide for • at grunntrekka i avdelinga sin faglege profil vert vidareutvikla. • at samarbeidet mellom dei tre institutta vert utvida • at avdelinga er aktiv i å fremje samarbeid om studietilbod på tvers av avdelingane på høgskulen • at ein ved utvikling av studietilboda legg vekt på fleksibilitet og tilpassing, m.a ved å opne for nettstudium og bruk av Midt i Norden • at alle studietilboda blir kontinuerleg og kritisk evaluerte i lys av etterspurnad og studenttilgang • at arbeidet med å profilere avdelinga vert vidareført m.a. gjennom aktiv bruk av avdelinga sine heimesider og annan mediepresentasjon • at det i arbeidet med masterutdanningane vert lagt vekt på samarbeid og utnytting av FOU innsats og kompetanse på tvers av avdelings- og instituttgrensene, og med vekt på internasjonlisering
Prioritering 2005- 07
1. Styrke samarbeidet på avdelinga m.a. ved tettare samarbeid på bachelor,- master og vidareutdanningstilboda 2. Halde fokus på vedvarande utviklingsarbeid ved aktiv bruk av grunnlagsdata som søkjartal, evalueringsordningane og ulik dokumentasjon om studiekvalitet 3. Vidareutvikle og finne tenlege samarbeidsformer mellom dei fagadministrative og dei program- og emneansvarlege, og som støtter opp om studietilboda i avdelinga 4. Utvikle strategiar for profilering av avdelinga sine studietilbod og skape lyttepostar for å fange endringar i marknaden som påverkar avdelinga sine studietilbod
3.2 Studiekvalitet
Innføringa av Kvalitetsreforma i 2002 har ført til ei stor omlegging av alle studia ved avdelinga. Kvalitetsreforma har eit mykje sterkare fokus på sikring og utvikling av studie¬kvaliteten ved studia, og krev klårare organisatoriske ordningar for dette. Studiekvalitet er eit viktig, men òg eit samansett omgrep, og femner mellom anna om ulike aspekt som kvaliteten ved dei ulike studia, integrering og internasjonalisering.
Mål
Studiekvalitet Avdeling for samfunnsfag skal ha fokus på spørsmål av studiekvalitetsmessig art, vere i stand til å identifisere og fange opp faktorar som påverkar studiekvaliteten, og søkje å finne gode løysingar på spørsmål som oppstår.
Likestilling og integrering Avdeling for samfunnsfag skal vere ei avdeling med positive haldningar til likestilling, mangfald og variasjon, og ei avdeling som fremmer integrasjon og fellesskap.
Internasjonalisering Avdeling for samfunnsfag skal ha internasjonalisering som ein integrert del av avdelinga sine aktivitetar og programtilbod. Internasjonalisering har ein verdi i seg sjølv, men er og naudsynt i ei sterkare globalisert verd, med opnare band mellom landa i m.a. forsking og sysselsetting.
Delmål
Studiekvalitet Avdelinga vil i denne perioden arbeide for • at arbeidet i fagutvala vert ført vidare i samsvar med dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld ved HVO • at utvalet for studiekvalitet på avdelingsnivå fangar opp relevante problemstillingar knytt til studiekvalitet, og arbeider for å finne løysingar saman med studentar og dei fagleg ansvarlege • at spørsmål om studiekvalitet vert løfta på eit prinsipielt plan som også tek vare på dei tilsette sitt personvern • å styrke den pedagogiske dugleiken blant dei tilsette m.a. ved fagseminar og kollegarettleiing • å utvikle dugleiken i bruk av digitale hjelpemiddel som kan fremje kommunikasjon studentar og lærarar, og gi oversiktleg informasjon • å styrke og utvikle praksisstudia ved m.a. å innføre rammeavtalar med praksisfeltet som sikrar stabilitet og kvalitetsvurderingar på institusjonsnivå • sterkare fokus på evaluering av eksamensordningane, og der eksterne sensorar vert trekte sterkare inn • arbeide for oppretting av alumni - gruppe for tidlegare studentar • at det blir flytta fleire studieadministrative funksjonar nærare brukarane
Likestilling og integrering Avdelinga vil arbeide for å • fremje positive haldningar og leggje til rette for integrasjon til beste for alle studentar og tilsette ved avdelinga, m.a. ved å fokusere styrken i å ha studentar frå minoritetskulturar • leggje til rette for at alle studentar skal få likeverdige studieforhold, så langt det er fysisk, økonomisk og praktisk mogleg • undervisning og formidling skal reflektere kvinner og menns røynsler og perspektiv, og gi kvinnelege og mannlege studentar like utviklings- og læringsval • leggje til rette arbeidsvilkåra for dei med minoritetsspråklege og minoritetskulturell bakgrunn • identifisere faktorar som hindrar likestilling, og arbeide for gode løysingar
Internasjonalisering Avdelinga vil stimulere til auka internasjonalisering gjennom: • å opprette funksjon som internasjonal kontaktperson på kvart institutt, og styrke den internasjonale koordineringsfunksjonen på avdelingsnivå • opprette funksjonar/kontaktpersonar for framandspråklege studentar • å leggje til rette for utanlandsopphald i fag- og studieplanar • å leggje til rette for kvalitetssikring av fagleg innhald og studiemiljø i utlandet, m.a. ved at det i løpet av planperioden er besøk til alle samarbeidsinstitusonar i utlandet • å inngå avtale med kvar enkelt student om korleis utanlandsstudiet fagleg skal innpassast og godkjennast som ein integrert del av studiet ved HVO • å trekkje inn minst ein visiting schoolar frå annan utanlandsk læreinstitusjon og tilby kontorplass på inntil 3 månaders opphald • å trekkje inn internasjonale studentar og samarbeidskontaktar i undervisning og formidling • å utarbeide engelskspråklege informasjons- og introduksjonsmateriell • å etablere minst eit studietilbod på minst 15 studiepoeng på engelsk ved kvart institutt • å vidareføre, utvikle og kvalitetssikre avtalar om praksisopphald for studentar i utlandet
Prioritering 2005-07
1. Styrke og fremje evalueringskompetanse i avdelinga og få denne kunnskapen implementert i studieplanlegging 2. Gjennom faglege og studieadministrative ordningar styrke dei minoritetsspråklege studentane sine vilkår slik at dei får best mogleg utbyte av studia 3. Utarbeide engelskspråkleg informasjons – og introduksjonsmateriell 4. Å styrke den pedagogiske dugleiken blant dei tilsette m.a. ved fagseminar og kollegarettleiing 5. Få etablert ein internasjonal kontaktperson på kvart institutt og styrke den avdelingsvise koordinatorfunksjonen
4. Forskings- og utviklingsarbeid – faglege satsingar og utfordringar
Avdeling for samfunnsfag er den avdelinga på høgskulen som har flest doktorgrader (18) og tilsette med professorkompetanse (5). Avdelinga vil i løpet av 2005 ha 5 stipendiatstillingar. Dei fast tilsette er gjennom arbeidsplanen gitt timeresursar til forsking og utviklingsarbeid, og har såleis krav og forventing om FoU- aktivitet. Dette gir avdelinga høve til eit vedvarande fokus på den forskinga som faktisk vert driven ved avdelinga, og på korleis ein vil bruke forskingsdelen i framtida.
Den eksternt finansierte forskinga ved avdelinga har to tyngdepunkt: Planlegging, organisering og styring, og velferdsforsking. Innanfor desse felta har fagmiljøet hatt tett samarbeid med regionen. Desse felta er det viktig å føre vidare. Samstundes finn det stad ei utstrakt eigeninitiert og eigenstyrt forsking ved avdelinga både innan planlegging og administrasjon, sosialfaga, og innan religion og kyrkjefaga.
Mål
Avdeling for samfunnsfag har som mål at alle dei vitskaplege tilsette i planperioden er FoU-aktive og publiserer arbeida sine. Dei skal forske i emne med relevans for undervisning og/eller region og nasjon, og har ei aktiv haldning til internasjonalisering. Det skal vere eit aktivt støttande og utfordrande FoU-miljø ved avdelinga, med rom for rettleiing og fagkritikk. Delmål
Avdelinga vil i denne perioden arbeide for at • forskings- og utviklingsarbeidet reflekterer kvinner og menn si røyndom og perspektiv, og gir like høve til igangsetjing og gjennomføring av forskingsarbeid. • dei tilsette ved ASF skal ha høve til å oppretthalde og etablere kontakt med gode fag- og forskarmiljø i inn – og utland • forskinga skal inkludere internasjonale perspektiv, især vil dette gjelde strategisk høgskuleprogram og andre større prosjekt som søkjer støtte i Forskingsrådet • det vert gitt støtte til fagmiljø som tek initiativ til internasjonale konferansar og til tilsette som publiserer i internasjonale tidsskrift • at rettleiingsfunksjonen i professorstillingane vert eit aktivt verkemiddel for å stø dei tilsette i FoU-arbeid • at flest mogleg får høve til vitskapsteoretisk skolering innan felta sine, jamvel om ein ikkje siktar på doktorgrad • at det framleis skal vere rom for både eigeninitiert forsking og styrt forsking • at samarbeidet med Møreforsking vert styrka • at det vert etablert fleire arenaer – også mellom institutta - for fagkritisk debatt
Prioritering 2005 –07
1. Alle fagleg tilsette skal gjennom arbeidsplanane og studiekoordinering ha reelle høve til å drive FoU 2. Etablere rettleiingsordningar og andre faglege støttefunksjonar som fremjer FoU- aktivitet og kompetanseutvikling 3. Nytte strategiske midlar til å støtte internasjonale relasjonar, som deltaking på konferansar med referee- bedømt paper eller etablering av FoU- prosjekt med internasjonal utdannings- eller forskingsmiljø
5. Personalpolitikk, organisasjon og leiing
Avdelinga sin primære ressurs er dei tilsette. Dei tilsette sin kompetanse, erfaring og samhandlingsevne er saman med institusjonelle rammevilkår grunnføresetnaden for avdelinga sine gode studietilbod og forsking. Det er difor ei vedvarande oppgåve å stø opp om den einskilde sin kompetanse og høve til vidareutvikling, trygge mellommenneskelege tilhøve, betre dei tilsette sine arbeidsvilkår, og sikre arbeidsplassane i avdelinga. Det er her ikkje minst viktig å ha auge for tilhøva til dei nytilsette, og til dei som nærmar seg avslutninga på den yrkesaktive delen av livet. For avdelinga framover er det naudsynt å ha fokus på det interne tilhøvet mellom dei ulike kompetansegruppene, der 60 % har kompetanse på førstenivå og er i dei øvste aldersgruppene ved avdelinga. Ved rekruttering til faglege stillingar må det vere ein medviten politikk å motverke avdelinga sin aldersprofil og samansetnad av kjønna. Måten arbeidet ved avdelinga vert organisert vert kontinuerleg vurdert som følgje av endringar i omgjevnader og val som vert gjort internt. I komande periode er det vert det t.d. viktig å ha fokus på endringsbehov som kan oppstå som følgje av etablering av dei nye master- tilboda. Desse kan krevje nye samarbeidsformer på tvers av avdelings- og instituttgrenser. Mål
ASF skal drive ein aktiv personalpolitikk som gir dei tilsette handlingsrom og utviklingshøve innanfor dei rammer som arbeidsavtale, arbeidsplan og institusjonelle arbeidsvilkår gir. Det inneber m.a. at arbeidet med reell likestilling mellom kjønna i leiande stillingar og verv vert prioritert, og at avdelinga i verksemda si avspeglar kvinner og menn si røyndom og perspektiv. Avdelinga skal vere ei avdeling som har særskilt fokus på demokratifunksjonar innan og mellom institutt, mellom fagtilsette og administrativt personale, og med studentar. Som resultateining skal avdelinga skape ordningar som gir rom for å trygge avdelinga på sikt, og ha dette som grunnlag når ein kontinuerleg vurderer kva aktivitetar vi engasjerer oss i. Delmål
Avdelinga vil i denne programperioden
• arbeide for at flest mogleg av dei tilsette skal ha, eller få høve til, å oppnå kompetanse på minimum førstenivå, der dei verkemiddel avdelinga rår over vert aktivt nytta • at rekruttering til nye faglege stillingar i hovudsak går gjennom stipendiatstillingar, og i så stor grad som mogleg nytte høve til å trekkje med seg yngre forskarar • framleis vere aktiv i høve mottak av nytilsette, og gjennom fordelinga av arbeidsoppgåver ta omsyn til deira spesielle situasjon, jfr. retningsliner og eige opplegg på avdelingsnivå • oppretthalde jamlege informasjonsmøte og skipe til dialogforum med personalet • skipe til fagdagar som kan styrke avdelinga sine felleselement i studietilbod, forsking og/ eller organisasjon • gjennomføre medarbeidarsamtalar med alle tilsette kvart andre eller tredje år, elles etter behov • ha eit vedvarande sterkt fokus på vilkåra for leiarane på instituttnivå, og på administrativ støtte for dei som har desse funksjonane • utvikle leiingsfunksjonane vidare • vere med og leggje til rette for framleis inkludering i kontor- og fagmiljøet for dei som ønskjer det etter pensjonering • gjere sitt til å følgje opp dei føringar som ligg i skulen sin Handlingsplan for likestilling m.a. ved å vere medveten om balanse i fagmiljøet mellom kjønn og søkje å rekruttere kvinner til forsking og undervising • i tillegg til andre verkemiddel, framleis bruke lokale lønnsforhandlingar aktivt i arbeidet med å sikre at oppsette mål vert nådde • halde fram med arbeidet innanfor ordninga med inkluderande arbeidsliv. • arbeide aktivt med HMS-spørsmål.
Prioritering 2005- 07
1. Leggje til rette for å styrke tilsette sin kompetanse til minimum førstenivå; prioritere å få til eit førstelektorprogram og nytte støtteordningar for stipendiats- og dr.gradsarbeid 2. Utvikle avdelinga sine leiarfunksjonar med grenseoppgang mellom fag og fagadministrative oppgåver 3. Gjennom informasjonsmøte, dialogforum og fagdagar ha fokus på administrative, faglege og organisatoriske spørsmål som kan bidra til å vidareutvikle ulike sider ved avdelinga sine aktivitetar .
|