|
|
Hausten 2002 byrja Høgskulen i Volda med innføringa av ny gradsstruktur etter Kvalitetsreforma. Reforma skal vere innført til hausten 2003, og vi er godt i gang. |
|
 | Til venstre kan du lese meir om kva Kvalitetsreforma inneber, og korleis vi jobbar med den her på Høgskulen i Volda.
Nytt gradssystem Om studiepoeng, bachelorgraden og mastergraden
Utdanningsplanar
Lærestadene skal gjere avtalar med studentane der det går klart fram kva ansvar og plikter studenten og lærestaden har i forhold til kvarandre.
Internasjonalisering Alle som ønskjer det, skal etterkvart få høve til å opphalde seg ved ein lærestad i utlandet som ein del av graden.
Lærings- og vurderingsformer Nye vurderingsmåtar gjennom heile året skal erstatte éin stor slutteksamen.
Ny karakterskala og sensur Den nye karakterskalaen skal ha seks trinn: frå A til E for stått og F for ikkje stått.
Studiefinansiering Eit viktig mål med reforma er å gi studentane tilbod om og høve til å studere på heiltid. Les meir om den nye studiefinansieringa på Lånekassen sine sider.
________________________________________
Synnøve H. Amdam Prosjektkoordinator for Kvalitetsreforma ved Høgskulen i Volda Tlf: 70 07 50 07 -- Kontor: BK-huset, 3. etasje -- E-post: sha@hivolda.no
|