Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 06-07
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Organisasjon og leiing / Internasjonalisering /

Internasjonalisering

OPPHALD I UTLANDET

Alle som ønskjer det, skal etterkvart få høve til å opphalde seg ved ein lærestad i utlandet som ein del av bachelor- eller mastergraden. Studentane skal få vite på førehand at utanlandsopphaldet kan vere ein del av graden. Forskarutveksling skal også fremjast.

UFD skriv følgjande om internasjonalisering i Stortingsmelding 27:

Departementet vil fremje internasjonaliseringa ved dei norske utdanningsinstitusjonane og legg vekt på deltaking i internasjonale program og anna internasjonalt forskingssamarbeid. Det er eit mål å leggje tilhøva til rette slik at institusjonane blir attraktive arbeidsplassar for utanlandske vitskaplege tilsette. Institusjonane må stimulerast til å inngå gjensidige samarbeids- og utvekslingsavtaler.

Departementet meiner det framleis skal være høve til å ta heile studieløp i utlandet, men ønskjer framover i første rekkje å gjere det muleg for langt fleire studentar å ta delar av studiet sitt i utlandet. Departementet meiner det bør stillast som eit krav at alle høgare utdanningsinstitusjonar kan tilby dei studentane som ønskjer det, opphald i utlandet som del av eit gradsstudium. Dette kan gjerast ved at ein eller fleire norske institusjonar inngår samarbeid med utlandet om utveksling og utplassering av studentar.

Departementet vil samtidig stimulere til at fleire utanlandske studentar tek høgare utdanning i Noreg, frå så vel industrialiserte land som utviklingsland. På bakgrunn av NUFU-avtala vil departementet vurdere særskilte incentiv for å stimulere norske utdannings- og forskingsinstitusjonar til å inngå gjensidige faglege samarbeids- og utvekslingsavtaler med tilsvarande offentlege institusjonar i utviklingsland.

Departementet ser det som viktig at norske universitet og høgskular held fram med å byggje opp fagtilbod på engelsk. Tilboda bør være opne òg for norske studentar og kunne inngå som ein del av norsk grad.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Leiinga ved Høgskulen i Volda 07.03.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning