Bachelor i drama/teater (180 studiepoeng)
Utdanninga er eit 3-årig studieløp med fordjuping i drama og teater. Studiet legg til rette for val av ulike andre fagemne som kan gå inn i studieprogrammet som kunst og handverk, musikk, media og litteratur. Studiet gir grunnlag for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturliv.
For å oppnå bachelorgraden må studenten ha til saman 180 stp. Drama/teater kan tilby 105 stp. Resten av emna i studiet kan knytast til andre fag.
Undervisinga vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, dialogprega temaseminar, forelesning, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium og rettleiing. Arbeidet vil bli organisert i ulike grupper av varierande storleik. Det er veksling mellom spontane, intuitive og meir analytiske og problemløysande arbeidsmåtar. Ei studiereise er lagt inn som ein obligatorisk del av bachelorgradsstudiet.
Drama fordjupingsstudium (30 studiepoeng)
Drama fordjupningsstudium er ei vidareføring av drama årsstudium og består av to emne.
Det vert lagt vekt på skodespelaren sitt arbeid i ulike arenaer og fordjupning i eit sjølvvalt utvklingsarbeid. Studiet er eigna både for dei som vil arbeide med drama/teater i skule, kulturskule og amatørteater, og for dei som siktar mot vidare teaterutdanning.
Drama årsstudium (60 studiepoeng)
Drama årsstudium legg vekt på å utvikle spelkompetanse og innsikt i ulike dramatiske uttrykksformer, og å gi praktisk og teoretisk innsikt i skodespelarkunst, regi, scenografi og dramaturgi. Andre viktige emne er dramapedagogisk teori og praksis, og teaterkunsten sin eigenart og historiske utvikling. Faget er eigna både for dei som vil arbeide med
drama/teater i skule, kulturskule og amatørteater, og for dei som siktar mot vidare teaterutdanning.
Drama halvårsstudium (30 studiepoeng)
Som student ved Drama halvårsstudium kan du kombinere to ulike emne på 15 studiepoeng i drama/teater. Studieprogrammet har i alt fem valfrie emne. Det er mogleg å studere på deltid og fullføre to emne over eitt år eller studere på heiltid og fullføre to emne på eit halvt år. Du kan også velje å ta berre eit emne på 15 stp.
Les meir om drama-studietilboda i studiekatalogen .
Kontaktperson Sigrun.Meisingset, tlf. 7007 5334