|
Høgskulebiblioteket vil
- syte for at bibliotekkunnig personale er til stades i skranken i kjernetida
- gi eit tilbod om innføring i bruk av biblioteket til alle nye studentar
- hjelpe brukarar på alle nivå med litteratur- og informasjonssøk
- stille til rådvelde ei samling bøker, tidsskrift, aviser og andre publikasjonar til utlån, med dei unntaka som går fram av lånereglane
- stille til rådvelde eit utval elektroniske informasjonsressursar og informere om dei eller leggje dei til rette for direkte bruk av dei på biblioteket sine heimesider
- ekspedere fjernlån innan utgangen av neste arbeidsdag
Vi ventar at du som student
- set deg inn i dei tilbod av tenester og informasjonskjelder som biblioteket stiller til rådvelde
- gjer deg kjent med og fylgjer med i informasjonen på biblioteket sine heimesider
- nyttar deg av tilbodet om brukaropplæring
- sjekkar e-post og post for meldingar frå biblioteket
|