Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider


Norsk senter for nynorsk i opplæringa




Ressursside for tilsette

Fredag 14. oktober kjem mannsgruppa ”Kaarstadbygget” tilbake til Volda der dei starta som studentkor for snart 9 år sidan. Vokalgruppa består av ni menn i alderen 26 – 33 år som alle har studert ved Høgskulen i Volda

Det heile starta med ein draum om å synge i selskap rundt omkring på Sunnmøre og ete så mykje kaker dei orka. No er dei spreidde over heile landet, men møtast fleire gongar i halvåret til song og moro.

Felleskonsert fredag
På fredag skal ”Kaarstadbygget ” ha felleskonsert med ”Stemmebandet” et populært kor frå Volda og Ørsta. ”Stemmebandet” gikk nylig til topps i ein nasjonal songkonkurranse i sjangeren jazz/populærmusikk. Fleire av songarane har også tilknyting til Høgskulen i Volda, anten som studentar eller tilsette.

Kaarstadbygget ga i 1999 ut cd-en ”Svamp”, og kom på nyåret med pop-plata ”Nonstop a cappella”, som i Vikebladet fekk overstrøymande kritikkar. Gruppa samlast eit par gongar i halvåret, og har hatt konsertar i alt frå pubar til kyrkjer og bedehus over heile Sør-Noreg. I tillegg har dei opptredd på Polarjazz på Svalbard og Påskefestivalen i Ngoundere i Kamerun.



”Kaarstadbygget” syng a cappella i ulike sjangrar (instrument forbode), og konsertprogrammet publikum vil få høyre på Rokken vil nok i stor grad vere henta frå dei to platene. Med stemmene som instrument framfører dei mellom anna barnesongar og pop-slagerar med ein god porsjon humor.
Medlemmene i Kaarstadbygget har ulik musikalsk bakgrunn: både SKRUK, Stemmebandet, Oslo Kammerkor, Norwegian Gospel Voices og ulike bluesband er representert, i tillegg til nokre dusj-songarar.

Likar du anten Real Group, friske rytmer, vokalmusikk, humor eller menn, bør du kjøpe billett og ta deg ein tur til Rokken fredag 14.oktober kl.20.00.

Bill. 150,-/stud. 100,-/fam. 300,-
Førehandssal på MIX i Volda.

Sjå også www.kaarstadbygget.no

Publisert: 12.10.2005 14:20 av Kristian Fuglseth




« Tilbake



Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post


Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Oppslagstavle
Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Lyst å besøke oss?
07.06.2007


 Ledige stillingar


     Jobb ved Høgskulen i Volda?
     >>
www.hivolda.no/stilling


 Studentaktivitetar

Studenttinget i Volda

Studenthuset Rokken

www.veka.no

www.dokfilm.no  |  Den norske dokumentarfilmfestivalen

> Lag og organisasjonar

 Studentmedia
Nærnett
Næravisa
Studentradioen
Volum filmklubb
Oppdatert av Kristian Fuglseth 30.10.2007
Publisert med NetEd : Publish publiseringsløsning