HSH-ornamentwww.hsh.no, Høgskolen Stord/Haugesund
Gå direkte til sidas hovedinnhold! / Go directly to the main content of the page! Til HSHs startside / Home
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Telefaks Stord: 53 49 14 01 Haugesund: 52 70 26 01
E-post/Mail: postmottak@hsh.no
Mer...
 
Studietilbud Pil Etter- og videreutdanning Pil Etterutdanning

ETTERUTDANNING

Etterutdanning

Dette er konferansar, kurs, førelesingar, kursrekkjer, m.m. som ikkje gjev studiepoeng.

Dei fleste kursa kjem i stand etter at verksemd, skolar, helseinstitusjonar, skulekontor, regionskontor, m.m. har teke kontakt med avdeling for etter- og vidareutdanning. Slike kurs vert gjerne haldne ute i verksemdene eller på høgskolen, og er gjerne ein del av verksemda sine personalutviklingsstrategiar.


Skreddarsydd opplæring

I verksemd, offentlege institusjonar og organisasjonar vil man gjerne oppleve at etterutdanningstilboda ikkje tilfredsstiller alle behova. Faginnhaldet er for generelt, døma vert for ”tannlause” og generelle i høve til dei spesielle kompetanse behova den enkelte deltakar eller verksemd har.

HSH har brei erfaring med å setja saman ”kurspakkar” tilpassa spesielle krav i nært samarbeid med kunden. Slik kan ein sy saman utdanningar/kurs med eller utan studiepoeng. Opplegget vert då meir i tråd med bestillar sine ynskje, planar eller utviklingsprogram. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Tilsette på EVU-kontoret kjem også gjerne på vitjing.

Kompetanseløftet

Høgskolen er godt i gong med å støtta skuleverket med deira utviklingsplanar i samband med kompetanseløftet. Å spreia kunnskap til skuleverket står sentralt i vårt arbeid. Høgskolen ynskjer å vera i dialog med skuleverket kring planlegging av etter- og vidareutdanning.

Tilpassing av fagplanar saman med skuleverket i prioriterte fagområde er ein del av samarbeidsprosessen. Difor tek HSH svært gjerne del i fora kor slike tilbod vert planlagt. Avdeling for etter- og vidareutdanning ynskjer også å vera eit koordinerande ledd i slikt samarbeid. Det ein enkelt kommune eller skule ikkje får til, kan kanskje løysast i lag med andre kommunar eller skular. Det er også eit mål at eiga personale vert oppdatert på kompetanse og utvikling i skuleverket. Difor legg HSH vekt på at vårt personale tek del i arbeidet ute i grunnskulen/vidaregåande skole.

Praksisnære utviklingsrbeid og vegleiing/mentorverksemd er difor oppgåver som vert prioritert. Høgskolen er i samarbeid med fleire kommunar i ferd med å utvikla lokale læreplanar. HSH stiller gjerne då med rettleiarar som tek del i arbeidet saman med lærarar.


Kompetansepar

For å få fart på samarbeidet med skuleverket har HSH saman med Stord kommune utvikla såkalla kompetansepar. Faglærar frå HSH samarbeider då med ein grunnskulelærar om utprøving av undervisningsopplegg i skuleverket sett i lys av Kunnskapsløftet.

Dette vert gjort for å knytta teori til reelle undervisningssituasjonar. Kompetansepara skal så tilby kurs for skuleverket. Kompetansepar har allereie gjennomført fleire vellukka kurs. På lenka under får du ei oversikt over slike kompetansepar. 

Inspirasjonskurs

Skular og andre verksemder treng også å løfta motivasjonen til lærarar og tilsette. Difor arrangerer HSH konferansar og fagkurs. Dette vert gjort innan dei fleste skulefag.

Døme kan vera:
- Bruk av digitale kartressursar.
- Emne frå drama, musikk, kroppsøving og forming.
- Ekskursjonsmetodikk
- Miljølæredidaktikk
- Teknologi og design
- IKT i musikkundervisninga
- IKT i forming
- Drama i barnehagen
- Lese og skriveopplæring i barnehagen
- Lese og skriveopplæring i grunnskolen
- Veiledning
- Digital dugleik
- Skulevurdering
- Sosial kompetanse i skuleverket - M.m.

Sist oppdatert: 16.01.2007

Simulatortrening