Til innhold
kontakt | utskrift | nettstedskart | søk:
 
| english

Aure

Aure (Salmo trutta L.) er den fiskearten som har størst utbreiing i Noreg. Den har ei naturleg utbreiing i låglandet, der den vandra inn frå sjøen gjennom ei vestlig og ei austleg innvandringsrute etter siste istid. Auren er eit av dei mest genetisk mangfaldige ryggbeinsdyra på jorda. Dette kan ein visa ved populasjonsgenetiske undersøkingar, td. nye DNA baserte metodar. Arten har stor evne til å danna lokale bestandar som utviklar arvelege særtrekk. Døme på dette er den finprikka auren på Hardangervidda, og marmorauren i Otravassdraget. Det var forskarar ved  Havforskingsinstituttet med god støtte frå Direktoratet for naturforvalting, som tok initiativ til å undersøkja og seinare verna den utryddingstruga finprikka auren på Hardangervidda.  Undersøkingane som vart gjennomført på Matre havbruksstasjon, viste at den finprikka auren har eit eige arveanlegg som blir nedarva etter klassiske arvelover.


Dei siste åra har vi vist at sjøaurebestandar innafor eit fjordbasseng kan utvikla arvelege skilnader i eigenskapar som er viktige for overleving. Nye metodar og teknikkar kan no hjelpa oss med å undersøkja arvelege trekk nærare, visa skilnader mellom ulike stammer og interaksjonar mellom villfisk og oppdrettsfisk.
Auren (Salmo trutta L.) fins både som ferskvassform og sjøaure. Ferskvassforma  lever heile livet i ferskvatn, medan sjøauren vandrar ut i sjøen som smolt for å beita. Ofte kjem sjøauren tilbake til ferskvatn anten for å overvintra som umoden fisk etter første sjøopphald, eller for å gyta.


Det fins sjøaurebestandar som føretek lengre vandringar, td. rundt i Nordsjøen, men oftast er sjøauren sine vandringar korte og avgrensa til 20 km frå elveosen.
 
Mange stader er sjøauren sterkt råka av lakselus og bestandane difor unaturleg små. Det var forskarar ved Universitetet i Bergen som først vart merksame på dette. I Hardangerfjorden, som er eit tungt oppdrettsområde, er det gjennom fleire år registrert omfattande infeksjonar av lakselus på sjøaure. Dei høgaste tala har ein frå Granvinsområdet, der det  har vore registrert 2000 lus på einskilde fiskar. Høge tal, langt over det som skal til for å ta livet av fisken,  har ein også observert ei rekkje andre stader.
Sjøaurebestandar kan over tid utvikla arvelege skilnader i eigenskapar som følsomhet for lakselus, tilvekst og vekstmønster. Sjøauren frå Simavassdraget i Eidfjord vert sterkare infisert av lakselus enn sjøauren frå Guddalselva når dei går i same miljø. Sjøauren frå Simavassdraget har og raskare vekst enn sjøauren frå Guddalselva i midtre Hardangerfjorden i kontrollerte forsøk

Laksesmolt blir overført frå Hans Brattstrøm til 12 forsøksmerdar i Hardangerfjorden. Etter 3 veker blir lusepåslaget registrert.

Ved feltstasjonen i Guddalselva, som ligg om lag midt i Hardangerfjorden, mellom tidlegare viktige lakse- og sjøaure elvar som Opo, Eio, Granvin og Etne, har Havforskingsinstituttet  installert permanente fiskefeller der ein registrerer all smolt av laks og aure som vandrar ut av vassdraget, og all fisk som kjem tilbake. Dette gjer at vi kan fastslå kor stor del av ein smoltårsklasse som døyr i sjøen, korleis dette samsvarar med andre regionar og korleis det varierer frå år til år.

 Smoltfella i Guddalselva

Ein av dei mest særeigne variantar vi kjenner av aure, er den finprikka auren, som har hovudutbreiinga i eit lite område på Hardangervidda, øverst i Numedalsvassdraget. Den finprikka auren vart første gong omtala skriftleg i 1911 av James A. Grieg, som skreiv i Bergens Museums Aarbok:
"I Store Krekjavand og det nærliggende Dragøjna forekommer en eiendommelig ørretvarietet, som minner meget om sjøørret. Den er sølvblank med utallige smaa sorte prikker og flekker. De findes saavel paa hodet som paa kroppen, hvor de strekker seg helt ned til buksiden. Hos nogen individer findes også flekkerne på iris." 

Finprikkauren er også nemnt i Ørretboka (1941) av Jacob Sømme.

I 1985 tok oppsynsmann Arvid Holt i Fjelloppsynet saman med Christoffer Senstad, NVE kontakt med populasjonsgenetikarar ved Havforskingsinstituttet med forslag om å initiera nærare vitskaplege undersøkingar.  Noko av det første som vart gjort ved "gjenoppdaginga" av prikkauren, var å beskriva den  med tilgjengelege genetiske metodar, og samanlikna den med andre laksefiskar. Dette viste at prikkauren var ein populasjon av aure, Salmo trutta L. Deretter vart det gjort kryssingsforsøk mellom finprikk, vanleg aure og mellomformer frå Svartavasstjønn. Desse forsøka viste at det finprikka mønsteret hadde ei enkel nedarving i samsvar med dei mendelske arvelovene. Etterkvart synte det seg at forsuring truga reproduksjonen for prikkauren og næringsdyra, og eit kalkingsprogram vart sett i verk for å sikra bestanden. 

Finprikket aure (øverst).  

 Finprikkaure - en sjelden og truet variant av aure.

 

les mer

 Historisk tilbakeblikk 1959-1992

Mer om genetikk på :
Aure