Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Lia Mathilde Hvidsten Gjedrem, 2004-10-14


MTB nummer to tar form

MANDAL: Systerfartøyet til Skjold, KNM Storm, er nå kome til 2. byggetrinn. Dermed byrjar det andre av dei seks nye missiltorpedo-båtane til Forsvaret å ta form.

Av Lina Mathilde Hvidsten Gjedrem og Mariann Dybdahl (foto), Forsvarets mediesenter


KNM STORM I FORM: Forma på undervatnskroget til Storm vert laga av fleire lag med glasfiber.

Stortinget vedtok i fjor gjennomføring av Skjold–prosjektet. Dette innbærer bygging av fem nye Skjold-klasse MTB-ar. Prototypen KNM Skjold skal ombyggjast. Umoe Mandal har nå starta bygginga av KNM Storm som er det andre fartøyet i klassen, og skal bere nye overflate-missil.
MTB = Missiltorpedobåt

Nye gassturbinar
- På 1. byggetrinn vart fordekket til Skjold modifisert. På det 2. byggetrinnet skal akterskipet byggjas om for å få plass til missila frå Kongsberg Defence and Aerospace. I tillegg skal dei erstatte to store gassturbinar med fire små for å få betre kjøremønster, fortel orlogskaptein Sigurd Myhre. Han er byggeleiar i Skjold- prosjektet.
Desse endringane vert først gjort på Skjold, deretter vert Storm bygd lik den justerte Skjold. Noreg skal ha færre fartøy enn før. Dei skal væra teknologisk utvida og godt utrusta med betre våpensystem.


2. BYGGETRINN: Skjold er kome til 2. byggetrinn. Då skal det lagas plass til missila på akterskipet.

”Perfekte” MTB-ar
På Umoe Mandal ligg det fyrste fartøyet i Skjold–prosjektet. Etter forskjellige testar på Skjold vert den nå brukt som ein mal for etterløparen Storm.
Kva som er bra og kva som er dårlig, vert undersøkt på Skjold, så vert det forandra på, og det vert gjort likt på dei neste båtane. Til slutt skal det verta seks ”perfekte” MTB-ar. (Missil Torpedo Båtar)
- Teknologien er ny for mange. Ingeniørane må kome opp med løysingar før fartøya kan byggjast. Det er mange som treng opplæring, seier Myhre. Han kan opplysa om at det er satt av ca. halvanna år til bygging av Storm.
- Etterpå skal dei fire siste koma på løypande band, kvar tredje månad, opplys Myhre.
Dei seks fartøya skal ha hovudbase på Haakonsvern.

Laga av glasfiber
- Fordi båten berre stikk 0,9 m under vatn når den vert løfta opp av luft under skroget, kan den kome opp i ein fart på ca. 60 knop. Noko som tilsvarar ca. 110 km/t, fortel Myhre.
- Storm vert laga av blant anna glasfiber som er eit sterkt, men lett material. Dess lettare båten er, dess hurtigare går den. Men den veier 274 tonn når den er fullt utrusta, smilar Myhre.

- Ein må bruke mange lag med glasfiber for å få det sterkt nok. Skroget vert for det meste bygga etter eit vakuuminjeksjonsprinsipp. Verftet bruker vakuum for å få dei forskjellige laga med glasfiber gjennomtrukket med matrise - eit slags lim. Det vil i praksis sei at ved hjelp av vakuum sug ein matrise gjennom dukane. Resultatet er at limet trengjer igjennom og limar dukar og kjerne saman.


STOLT BYGGELEIER: Orlogskaptein Sigurd Myhre viser fram vakuuminjeksjonen av skrogdelar.

200 mann på prosjektet
Det er i alt 180 personar som jobbar med utvikling og bygging av MTB-ene nå.
- I 2005 skal det verta ca. 20 fleir. Då skal dei ha færre ingeniørar og fleire operatørar, seier Finn Oredalen. Han er verftet sin prosjektleiar og jobbar for Umoe.

Fakta om KNM Skjold:

Lengde: 47 meter
Bredde: 13,5 meter
Vekt (fullt utrusta) 274 tonn
Materiale: glasfiber
Fart: 60 knop
Mannskap: 15- 18
De seks nye Skjold-klasse MTB-ene skal være ferdig utrustet til strid i september 2009
Skjold-klassen skal bære overflatemissila Naval Surface Missiles (NSM).




 

Relaterte artikler



Historie: Skjold-prosjektet 2004-08-03





Skjold-fartøyene har fått navn 2004-03-29





Skjold-kontrakt signert 2003-11-28





Økonomiske rammer 2004-07-28