S2B

Vurdering Av Sammansette Tekstar

Ved Ove Eide Firda vidaregående skule og Carsten Ohlmann Høgskolen i Oslo

  1. Om samansette tekstar og utfordringar knytte til vurdering av dei. Ca. 45 minuttar som foredrag.
  2. Vurderingskriterium brukt på konkrete samansette tekstar som vert viste og drøfta. Ca 45 minuttar med gjennomgang av konkrete eksempel og diskusjon om mulige vurderingskriterium – i interaksjon med salen

Primærgruppe: lærarar i heile det 13-årige skoleløpet i alle fag.

Samansette tekstar finn vi gjennom heile det 13-årige skoleløpet – og med det utfordringar knytte til progresjon: Kva krav skal setjast til elevprodukt i 7, 10, 11, 13 året? Korleis vurdere på dei ulike stega og i dei ulike faga? Dette er problemstillingar som gjeld alle dei grunnleggande ferdigheitene. Kva nivå skal forventast på ulike årssteg?

Vurdering er i fokus for tida. Samtidig er ”samansette tekstar” nytt for mange - og skaper usikkerheit ved vurdering. Tekstane krev ny lesekompetanse – hos både lærar og elev.. Det er ikkje så rart at lærarar er usikre – mange har lite relevant kompetanse, og læreplanverket Kunnskapsløftet har både motstridande og uavklara synspunkt på teksttypen. Samansette tekstar er også så mangt. Det kan vere greitt å skilje mellom å analysere slike tekstar, lage dei sjølve og å vurdere dei.

Ove Eide er leiar for utvilking og fornying ved Firda vidaregåande skule, Sandane, der han også underviser i norsk og i kommunikasjon og kultur. Han var medlem i læreplangruppa for norsk i LK06, og har skrive om norskfaget i ma Norsklæraren, Bedre skole og i Fag og danning (Fagbokforlaget, 2008),

Carsten Ohlmann er førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo. Han har i mange år vært knyttet til mediefag lærerutdannelsen i Norge, og er nå fagkoordinator ved bachelorstudiet i Medier og kommunikasjon på Høgskolen i Oslo hvor han blant annet underviser i mediedidaktikk, film og populærkultur.




06.02.2009 12:26, Kjell T. Nesgaard