Publisert: 16. January 2008
Gjenlyd er namnet på eit nytt ope debattforum på Noregs musikkhøgskole. Tanken for forumet er å sjå verksemda ved Musikkhøgskolen i eit større perspektiv, inspirere og stimulere til meiningsutvekslingar internt og i forhold til samfunnet elles.
Stipendiat Astrid Kvalbein er ordstyrar og leiar for Gjenlyd.
 Stipendiat Astrid Kvalbein er leiar for Gjenlyd, og tar med glede imot idear til tema, ris og ros på gjenlyd@nmh.no.
Foto: Jarle Nyttingnes |
Tidlegare Gjenlyd
5. oktober 2007 - Om kjønneroller i musikken
Er samtidsmusikken stadig den vestlege mannens domene? Oppfattar vi framleis asiatiske, afrikanske og latinamerikanske musikkuttrykk som "eksotiske andre" i forhold til dei vestlege? Og (kvifor) er kvinna stadig "det andre kjønn"?
I panelet
Vu Nhat Tan, komponist, lyd- og performancekunstnar
Amelia Cuni, dhrupad- og samtidsmusikksongar, artist og komponist
Erik Steinskog, førsteamanuensis i musikkvitskap på Griegakademiet i Bergen
16. november 2007 - Skapande læring
Skapande læring. Kva slags lærarar og kunstnarar treng vi for å realisere den nye strategiplanen for kunst og kultur i opplæringa? Før han gjekk av som kunnskapsminister, signerte Øystein Djupedal (SV) Skapende læring, ein strategiplan som tar sikte på å styrke dei estetiske faga som funksjon i grunnskole, kulturskole og høgare (lærar)utdanning.
I panelet
Eirik Birkeland, rektor ved Noregs musikkhøgskole
Magne Espeland, førsteamanuensis i musikk ved høgskolen Stord/Haugesund
Berit Konstad Graftås, fagleg leiar ved kulturskolen på Tolga
Astrid Holen, sekretariatsleiar for Den kulturelle skolesekken
Rolf Reikvam, stortingspolitikar for SV
1. februar 2008 - Digital eller død?
Digital eller død er namnet på diskusjon om konsekvensar av den digitale revolusjonen på musikkfeltet. Musikkbransjen blomstrer og smal musikk har alt å vinne på formidling via nettet. Nokon har nok med kunsten sin og synest det er harry å markedsføre seg på internett. Er gratis fildeling bra eller ikkje?
I panelet
Mats Claesson, førsteamanuensis i musikkteknologi på Noregs musikkhøgskole
Tellef Øgrim, musikar og internettskribent i Dagens Næringsliv
Erik Brataas, dagleg leiar i Phonofile
28. mars 2008 – Om Stjernøutvalets rapport
Er det samanheng mellom storleik og kvalitet på forsking og utdanning? Vil ny organisering ivareta, fremme eller svekke dei framragande forskingsmiljøa? Korleis blir kunstutdanninganes stilling og eigenart tatt vare på innanfor høgare utdanning? Gudmund Hernes var ein av innledarane og journalist Andreas Hompland hadde eit slags skråblikk på temaet.
I panelet
Gerd Janne Kristoffersen, nestleiar Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget (Ap)
Karl Otto Ellefsen, rektor Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Ragnar Winther, professor Universitetet i Oslo
Rektor på Musikkhøgskolen Eirik Birkeland