Publisert: 03. October 2007
Er samtidsmusikken stadig den vestlege mannens domene? Oppfattar vi framleis asiatiske, afrikanske og latinamerikanske musikkuttrykk som "eksotiske andre" i forhold til dei vestlege? Og (kvifor) er kvinna stadig "det andre kjønn"? Dette er tema i debattforumet ”Gjenlyd” på Musikkhøgskolen fredag frå kl 13.30 til 15.30. Debatten er på engelsk og open for alle.
I panelet sit Vu Nhat Tan, som er komponist, lyd- og performancekunstnar, Amelia Cuni, dhrupad- og samtidsmusikksongar, artist og komponist og Erik Steinskog, som er førsteamanuensis i musikkvitskap på Griegakademiet i Bergen.
Møteleiar er stipendiat Astrid Kvalbein frå Noregs musikkhøgskole.
Debattforum for eit større perspektiv
”Gjenlyd" er namnet på eit nytt ope debattforum på Noregs musikkhøgskole. Tanken for forumet er å sjå verksemda ved Musikkhøgskolen i eit større perspektiv, inspirere og stimulere til meiningsutvekslingar internt og i forhold til samfunnet elles.
Første Gjenlyd går av stabelen under Ultimafestivalen, fredag 5. oktober kl. 1330-1530 i auditoriet i 2. hus.
Neste Gjenlyd
Neste Gjenlyd blir fredag 16. november. Då ser vi kritisk på Skapende læring. Strategiplan for kunst og kultur i opplæringen 2007-2010, frå Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsminister Øystein Djupedal er invitert, saman med representantar for høgare kunstutdanning, kultur- og grunnskolar og Den kulturelle skolesekken.
Ris og ros
Stipendiat Astrid Kvalbein er leiar for Gjenlyd, og tar med glede imot idear til tema, ris, ros og anna på e-post.