Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

Kvalitet i utdanninga

Norges musikkhøgskole legg stor vekt på at studentane skal få tilbod om høg kvalitet på utdanninga. Det handlar til dømes om

• at studentane opplever studiet som meiningsfullt
• at undervisning og rettleiing er av høg kvalitet, fagleg og pedagogisk
• at studentane får rettleiing og hjelp når dei treng det
• at studentane har eit godt fysisk arbeidsmiljø
• at dei administrative rutinane er gode
• at studentane legg ned den arbeidsinnsatsen ein kan venta av dei i studiet, og at dei tek ansvar for sin eigen studiesituasjon
• at det er ein respektfull dialog mellom studentar, lærarar og administrativt tilsette

Eit viktig tiltak for å utvikle kvaliteten på utdanningane ved NMH vidare, er å gjennomføre studentevalueringar av undervisning, studiar og læringsmiljø.

Styret har det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet i utdanninga ved Norges musikkhøgskole (NMH). For å sikre dette arbeidet, har Musikkhøgskolen laga eit eige Kvalitetssikringssystem. Studieutvalet har oppretta eit eige Utval for utdanningskvalitet (UUK), som har utarbeidd ein  Handlingsplan for utdanningskvalitet 2005-07 (158 kB).

Musikkhøgskolen har også eit læringsmiljøutval (LMU).