Norges musikkhøgskole
Slemdalsveien 11
P.B 5190 Majorstua
0302 Oslo

Tlf: + 47 23 36 70 00
Faks: + 47 23 36 70 01
E-post: mh@nmh.no

PÅ EKSKURSJON I NYBYGGET

Publisert: 18. desember 2006
2. januar byrjar innflyttinga i tilbygget til musikkhøgskulen, og 8. januar er den første undervisningsdagen der. I nabobygninga arbeidar dei på spreng for å komma i hamn til nyåret - medan me andre fullfører semestret, og gleder oss til å ta det i bruk. Studiesjef Kjetil Solvik og professor Bjørn Boysen tok oss med på ein rundtur.
Kabler

Stilaser ved den høye veggen ved Auditoriet

Nybygg

Nybygg

Det trekkes mye kabler til og fra de nye elektrofonistudioene

Innstallasjon av studiomøbler

Studiobygging

Studio

Auditoriet

Kablene skal inn

Rom

Rom

Påbygget som snart står klart er halvparten så stort som det arealet ein til no har disponert på Majorstua. Å få bygd dei 7000 nye kvadratmetrane har kosta 300 millionar kroner, og i tillegg har høgskulen nytta ytterlegare 45 millonar til investeringar i nytt utstyr. Forventningane er store til kva som skjuler seg bak dei lukka dørene - og no er det såpass klart at ein kan få eit visst inntrykk.

Solvik og Boysen møter meg utanfor administrasjonen, og me går innover i korridoren, forbi alle lærarkontora, til enden av det gamle bygget. Der er det bygd ei bru over vegen, som i lag med ein tilsvarande korridor i kjellaren vil vera hovudinngongen til det nye bygget.

Det kjenst som ein lang omveg for å komma inn i bygget; kvifor er det ikkje laga nokon ny hovudinngang?

- Det har med vakthald å gjera, seier studiesjef Kjetil Solvik. - Det er jo fleire inngangar her som kan opnast ved spesielle arrangement - til dømes ved konsertar eller seminar i auditoriet. Dessutan vart det inngang frå kjellaren.

- Alternativet ville vore å auka vakthaldet - for her er det mykje nytt utstyr å passa på! seier Boysen. - Men det vil jo vera eit stykke å gå på utsida òg.

Eit korreks til eksisterande løysingar

Me hoppar over dei to øverste etasjene, og går rett på den fjerde. Her finn me teorilærarrom, metodikkrom og eit auditorium. Romma har ulik storleik og i auditoriet er det lagt opp til at ein skal kunna gjennomføra fjernundervisning og videokonferanser.

- Bygginga av tilbygget har gjeve høve til å korrigera ein del ting som har gått ut på dato i det gamle bygget, seier Boysen. – Og det har òg gjeve høve til å få dekt ein del behov som har komme til etter at me bygde det gamle bygget – den gongen var det jo fleire av dagens studietilbod som ikkje sto på studieplanen. Jazzavdelinga har komme til, og vokst enormt; og det har me teke omsyn til ved utviklinga av det nye bygget. Til dømes er det spesialdempa øverom primært med tanke på jazzstudentane i heile 6. etasje.

Øverom og lærarrom

Med unntak av jazzromma i 6. etasje, vil dei øvrige øveromma vera spreidde over fleire etasjar i bygget.

- Det har vore eit poeng å spre øveromma, av di bygget ligg kring ein trafostasjon – og dei nederste romma har derfor ingen utsikt. Derfor har me plassert dei permanente bebuarane lenger oppe, forklarer Solvik.

I alt vert det omlag 30 øverom i nybygget – og dessutan vil 17 instrumentallærarar og 18 teorilærarar flytta inn over nyåret. Spesielt for både teorilærarromma og øvingsromma er at dei vil vera så godt som identiske - ikkje nødvendigvis i storleik, men i utforming.

- Det gjer det meir fleksibelt - ein kan enkelt gjera eit lærarrom om til eit øverom, seier Solvik - Ordninga me har i det gamle bygget er i prinsippet den same, men i 5. etasje har du ikkje alle kablingane og datanettverka som kontora treng. I det nye bygget vil det vera likt overalt, og det gjev ein større grad av fleksibilitet til å definera romma slik det er mest formålstenleg.

Musikkteknologien sitt kongerike

Me går vidare gjennom etasjene. I 3. etasje kjem me til klasserom for musikkteknologi, og bortanfor det ligg tre lydstudio på rekkje og rad.

- Dette blir Mats Claesson [førsteamanuensis i musikkteknologi, red.anm] sitt kongerike! smilar Boysen. – Byggjinga av lydstudioene er sjølvsagt òg ein korreksjon i forhold til behovet me har. I det gamle bygget er det jo berre eitt studio - og me kjem til å behalda det. I klasserommet er det 22 arbeidsplassar, vonleg med programvare som kan verta nullstilt etter kvar dags bruk.

I etasjen under kjem me til ein stor og viktig kunstnarlege utsmykking:

- Her vert det dekorert på veggane, og kunstnaren Kathrine Giæver nyttar Stucco-Lustro-teknikken, som er ein eldamal teknikk du finn i gamal praktarkitektur som slott og kyrkjer, seier Boysen. - Det gjev ein blank overflate som i prosessen kan verta farga på mange ulike måtar. Kunstnaren har gjort forsøk her i fleire dagar – så kvar gong me kjem er fargen endra. Ho har òg laga fargeutsmykkinga i gangbrua mellom dei to bygga.

Kunstnarveggen strekkjer seg frå 2. etasje og ned i første. Der er det bygd eit auditorium med 100 sitteplassar.

Kva skal auditoriet nyttast til?

- Det skal nyttast til forelesningar og forsterka musikk, seier Solvik. – Det er eit ganske dempa rom, med eit 8 kanals avspelingsanlegg. Det er kablingar herifrå til lydstudioene i 3. etasje, men òg til lydstudioet i gamlebygget. Og så er det stikkontaktar under kvart sete, så folk skal kunna lada datamaskinane sine.

Jazzen sitt leikerom

I første etasje er det fleire store klasserom, også dette ein korreksjon til dagens situasjon, der det er rift om undervisningsromma. I kjellaren er det nok ei jazzavdeling, med to små, to mellomstore og eit stort samspelsrom. Langs heile korridoren er det små lagringsrom for studentane.

- I von om å få vekk det som no fyller gangane i kjellaren i det gamle byggjet, smiler Boysen. - Og her er Torgrims leikerom!

Me er komne til det største samspelsrommet for jazzstudentane, som utgjer eit monaleg tilfang til dagens situasjon. Vegg i vegg med det er eit stort rom for kammermusikk, som truleg vil ha plass til minst 50 tilhøyrarar.

- Dette er det første av dei fire kammermusikkromma som erstattar rom 139 og 140, seier Boysen. - Det har vore eit veldig press på å få fleire kammermusikkrom, særleg for avviklinga av eksamen. Eg trur ikkje det er nokon som græt over å mista 139 eller 140 slik som dei såg ut; her er det mykje meir triveleg, og eg vonar dette kan verta ein fin plass å halda konsertar.

Ein ny tidsalder

- Det er òg viktig å få med at det her, som i alle dei andre undervisningsromma, vil komma ein fast prosjektor, og eit AV-møbel med alt avspelingsutstyr, eit dokumentasjonskamera, ein PC og så vidare. Læraren kan logga seg på sitt eige område og henta opp filene sine; det er med andre slutt på overheadplassen – og klart for ein ny tidsalder, seier Solvik.

- Slik blir det òg i gamlebygget, inkludert Levin- og Lindemansalen, held han fram. - I tillegg til desse oppgraderingane kjem me dessutan til å skifta ut ein del av møblene i den gamle 5. etasjen.

Eitt spesialbygg

Omsyninga nærmar seg ei ende – og det har sett lovande ut. Solvik og Boysen gleder seg begge til å opna byggjet for alle, etter å ha vore med frå dei første planane vart lagde.

Korleis har det vore å følgja denne prosessen så tett?

- Det er jo et spesialbygg, og på mange område er det me som har hatt kompetansen her hos oss. Derfor har det vore viktig at folk frå skulen har vore med heile vegen, seier Boysen. - Å tru at bygget vil verta feilfritt er fånyttes; det vil sikkert verta detaljar me kjem til å irritera oss over. Men eg hadde ei liknande rolle då det gamle bygget kom til, og for meg har det vore fint å få nytta tidlegare røynsler. Slik sett er det ganske unikt - det er jo ingen som får høve til å vera med på to byggjeprosessar!