Arbeidsgjevar

Kvar finn eg forslag til standard arbeidsavtale?

På nettsidene til Arbeidstilsynet finn du forslag til standard arbeidsavtale .

Gå til toppen

Arbeidssøkjar

Kvar kan eg få rettkjende kopiar av vitnemål og attestar?

Rettkjende kopiar skal vere stempla og signerte av eit kopieringsbyrå eller tilsett ved eit offentleg kontor (skule, kommunalt kontor, politikammer osb). Stempelet skal vise kvar kopien er rettkjend. Ver merksam på at offentlege kontor ikkje er pålagde å utføre denne oppgåva. I samband med jobbsøknader kan ei alternativ løysing vere å sende vanlege kopiar med søknaden og ta originalane med til eit eventuelt intervju. Gjeld det opptak til utdanning, finn du utfyllande informasjon på nettsidene til Samordna opptak.

Gå til toppen

Arbeidstakar

Eg har fått ei usakleg oppseiing frå arbeidsgjevaren min. Kva bør eg gjere?

På nettsidene til Arbeidstilsynet finn du ei oversikt over kva du bør gjere når du har fått ei usakleg oppseiing .

Har eg krav på feriepengar?

Informasjon om rettar i arbeidsforholdet finn du i denne oversikta fra Arbeidstilsynet. Du kan også kontakte Arbeidstilsynets svartjeneste på e-post eller telefonnummer 815 48 222.

Har eg rett til å få overført delar av ferien min til neste år?

Du kan avtale å overføre inntil to vekers ferie til neste ferieår (kalenderår), men du har ikkje krav på dette. Dersom sjukdom hindrar deg i å avvikle ferien innan ferieåret er omme, kan du som arbeidstakar krevje å få overført inntil to vekers ferie til neste år. Eit slikt krav må du fremje før året er omme. Arbeidstakarar som har avtalefesta fem vekers ferie, kan overføre to veker pluss fire arbeidsdagar til neste ferieår.

Ferie som ikkje er avvikla og ikkje er overført til neste ferieår, fell bort.

Du finn meir informasjon om avvikling av ferie på Arbeidstilsynet sine faktasider om ferie . Har du fleire spørsmål om ferie, kan du kontakte svartenesta til Arbeidstilsynet .

Kvar finn eg forslag til standard arbeidsavtale?

På nettsidene til Arbeidstilsynet finn du forslag til standard arbeidsavtale .

Kvar finn eg informasjon om lønnsgarantiordninga?

Du finn informasjon om lønnsgarantiordninga på nettsidene til Arbeidstilsynet. Lønnsgarantien skal sikre at du får utbetalt lønn, feriepengar osv. som du påviseleg har til gode, men som arbeidsgivaren ikkje er i stand til å betale.

Kvar finn eg lønnstabellen for arbeidstakarar i staten?

Du finn hovudlønnstabellen for arbeidstakarar i staten på nettsidene til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Kvar finn eg statens satsar for reiser i jobbsamanheng?

Du finn regulativ for reiser på statens rekning på nettsidene til Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Der ligg regulativet for både innanlands- og utanlandsreiser.

Når er det fellesferie i 2008?

Fellesferien i 2008 er tilrådd lagt til vekene 28, 29 og 30.

Fellesferien blir fastsett gjennom ein avtale mellom Byggenæringens Landsforening (BNL) og Fellesforbundet. Avtalen gjeld for dei to partane og er ei tilråding om å leggje fellesferien, også kalla bygningsferien, til desse tre vekene. På nettsidene til Byggenæringens Landsforening finn du meir informasjon om fellesferien.

Gå til toppen

Arv

Er det utforma skjema for testament?

Det finst ikkje eit eige skjema eller forular for testament. Men du kan finne forslag til utforming av testament ved hjelp av ein søkemotor. JURK har utarbeidd forslag til utforming av gjensidig testament . Kapittel 8 i arvelova omtalar korleis eit testament skal setjast opp.

Kvar kan eg finne informasjon om arv og skifte?

Du finn ei orientering om arv og skifte på noreg.no. Les også om dødsfall og arv på domstol.no. Ønskjer du meir informasjon eller rettleiing om korleis du skal gå fram i slike saker, kan du kontakte tingretten. Bruk dekningskartet på noreg.no for å finne ut kva tingrett du høyrer til.

Kvar kan eg finne satsane for arveavgift?

Du finn satsane for arveavgift på nettsidene til skatteetaten. Her finn du også generell informasjon om avgift på arv og gåver. Har du spørsmål om arveavgift, kan du ta kontakt med skattefutkontoret i fylket ditt.

Gå til toppen

Bu- og omsorgstilbod

Blir formuen rekna med når eigenbetalinga for opphald på sjukeheim blir fastsett?

Vederlaget for opphald i kommunale institusjonar blir rekna ut på grunnlag av inntekta. Eventuell formue blir ikkje teken med i grunnlaget for utrekninga av vederlaget. Det blir heller ikkje lotterigevinst eller gevinst ved sal av bustad.På www.noreg.no kan du lese mer om vederlag for opphald i institusjon. På sidene ligg det lenke til 'Forskrift om vederlag for opphold i institusjon'.

Ønskjer du meir informasjon, kan du ta kontakt med kommunen eller Fylkesmannen.

Gå til toppen

Bustad og eigedom

Finst det eigedomsinformasjon på Internett?

Statens kartverk har laga eit oversyn over nettstader med eigedomsinformasjon.

Sjølve GAB-databasen er ikkje tilgjengeleg på Internett. Treng du som privatperson GAB-informasjon skal du kontakte den aktuelle kommunen eller Statens kartverk.

Kva GAB og kvar får eg tak i GAB-informasjon?

GAB står for Grunneiendom-, Adresse- og Bygningsregisteret, og er Noreg sitt offisielle register for informasjon om desse "objekta”.

Sjølve GAB-databasen er ikkje open tilgjengeleg på Internett. Treng du som privatperson GAB-informasjon, skal du kontakte den aktuelle kommunen eller Statens kartverk. Ver merksam på at lovverket set grenser for kva opplysningar som kan bli utleverte.

Kvar får eg informasjon om bustadnummer og adressemerkje?

Statens kartverk har ein eigen bustadnummertelefonen med grønt nummer 800 32 032. Der kan du spørje om adressemerkje og bustadnummer, og tinge nye adressemerkje. På nettsidene til Statens kartverk kan du lese meir om bustadnummer .

Kvar kan eg finne informasjon om tomtefestelova?

Du finn tomtefestelova på lovdata.no. På nettsidene tilJustis- og politidepartementet finn du ei rettleiing om regulering av festeavgift.

Treng du vidare hjelp til å tolke lova og forskriftene, kan du kontakte Tomtefesterforbundet, Grunneierforeningen eller Huseiernes Landsforbund. Desse organisasjonane yter juridisk hjelp til medlemmene sine.

Kven skal eg kontakte for å få tinglyst eit dokument?

Fast eigedom skal tinglysast hos Statens kartverk i Hønefoss.

Ektepakter og hefte i lausøyre
skal tinglysast i Brønnøysundregistra.

Gå til toppen

Byggje

Har eg rett til bustønad?

Forholdet mellom buutgiftene og dei samla inntektene til husstanden avgjer om du kan få bustønad. På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga . Her kan du også rekne ut kor stor bustønaden blir .

Ta kontakt med sosialkontoret (ev. bustønadskontoret) i kommunen din dersom du ønskjer meir informasjon. Bur du i Oslo, kontaktar du bustadkontoret i bydelen din.

Gå til toppen

Dødsfall

Kvar finn eg informasjon om gravferdsseremoniar?

Informasjon om gravferd i regi av Den norske kyrkja finn du på kyrkja.no . Ønskjer du ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald, kan du velje humanistisk gravferd.

Kvar kan eg få kopi av ein dødsattest?

For å få kopi av ein dødsattest kan du kontakte Statistisk sentralbyrå v/dødsårsaksregisteret, Postboks 8131 Dep, 0033 Oslo

Skjedde dødsfallet før 1996, må du kontakte Riksarkivet for å få kopi av attesten.

Folkeregisteret ved likningskontoret har informasjon om ein person er død eller ikkje. Det må vere eit grunngjeve behov for at folkeregisteret skal gje ut slik informasjon.

Gå til toppen

Etablering

Kvar kan eg få informasjon om etablering av eiga bedrift?

Du finn informasjon om å starte eiga bedrift i Etablerarguiden fra Bedin. For å få hjelp på direkten kan du kontakte Narviktelefonane på telefon 800 33 840 eller på nettprat.

Du finn svar på de vanlegaste spørsmåla om reglar for å starte og drive eiga bedrift på Spør OSS. Finn du ikkje svar på nettsidene, kan du sende spørsmål til Spør OSS på e-post.

Gå til toppen

Flytte

Korleis kan eg registrere meg som pendlar?

Du vert rekna som pendlar når du på grunn av jobb må pendle mellom heim og bustad på arbeidsstaden. For å bli vurdert som pendlar må du i tillegg til å sende flyttemelding leggje ved ei grunngjeving for at du skal vere registrert som pendlar. Flyttemeldinga skal sendast til folkeregisteret (likningskontoret) i tilflyttingskommunen. Les meir om pendlarar i brosjyren frå skatteetaten. Folkeregisteret ved likningkontoret kan gje nærare informasjon.

Kvar melder eg flytting?

Du kan melde flytting over Internett eller levere flyttemelding på papir. Flyttemelding på papir skal sendast til likningskontoret for den kommunen du flytter til, eller til likningskontoret for fråflyttingskommunen dersom du flytter til utlandet. På nettsidene til skatteetaten finn du blankett for melding om flytting.

Finn likningskontoret ditt med dekningskartet på noreg.no.

Gå til toppen

Forbrukar

Eg får uønskt reklame på e-post. Kva kan eg gjere for å stoppe dette?

Frå 1. februar 2005 vart det forbode å sende ut reklame til fysiske personar via e-post utan å innhente samtykkje fra mottakaren på førehand. Får du slik uønskt reklame frå næringsdrivende i Noreg, kan du melde frå til Forbrukarombodet.

Marknadsføringslova har også tidligare slege fast at det er forbode å sende e-post til forbrukarar utan samtykkje. Omgrepet 'fysiske personar' er innført for at ein også skal få stoppa e-postreklame til arbeidstakarars og næringsdrivandes individuelle e-postadresser. Tekst- og multimediemeldingar til mobiltelefon (SMS og MMS) er også omfatta av dette regelverket. På nettsidene til Forbrukarombodet kan du finne informasjon om regelverket. Les også § 2b i marknadsføringslova eller kontakt Forbrukarombodet dersom du ønskjer meir informasjon.

Har eg rett til å få byte inn ei gåve eg har fått?

Byterett er ikkje regulert ved lov. Retten til byte kan anten avtalast med seljaren, eller retten følgjer av sedvane eller annan praksis i bransjen. I ein relativt kort periode etter jul er det sedvane å gi byterett for dei fleste varer.

Sjølv om det elles er sedvane for byterett, må du godta at vara ikkje kan bytast dersom du blir informert om dette ved kjøpet. At vara ikkje kan bytast, kan gå fram av emballasjen, oppslag i butikken eller på annan måte. Det kan vere lurt å be om eit bytekort når du handlar, sjølv om det er sedvane for byterett. Du kan då unngå problem i ettertid.

Du kan byte vare mot vare. Vara som du ønskjer å byte må vere ubrukt og utan skadar. Dersom du ønskjer å byte vara, bør du gå tilbake til butikken så snart som råd. Som hovudregel kan du berre krevje å få byte vara i same butikk/kjede som vara blei kjøpt. Seljaren kan nekte deg å byte varer som er kjøpte til ordinær pris i varer som er på sal eller tilbod. På nettsidene til Forbrukarrådet, forbrukerportalen.no, finn du informasjon om kva rettar du har ved byte av varer. Her finn du også lenkjer til lover og reglar på dette området.

Dersom det viser seg at du har kjøpt ei vare som har manglar, har du rettar etter forbrukerkjøpslova. Du har då rett til å få prisavslag, ny vare eller å få heva kjøpet, alt etter om mangelen er vesentleg eller ikkje. Du kan også krevje at seljaren reparerer vara utan kostnader for deg. Seljaren har elles rett til å prøve å reparere vara før han gir deg ei ny.

Les om varer med manglar på nettsidene til Forbrukarrådet. Her finn du også informasjon om rettane dine ved kjøp via postordre, telefon, Internett m.m.

Korleis kan eg finne fram til godkjende fagfolk når eg treng handverkar?

Godkjende handverkarar med meisterbrev kan du finne ved å søkje i Mesterregisteret . På forbrukarsidene til mesterbrev.no får du tips ved val av handverkar, og informasjon om kva meisterbrev er.

Gode råd ved bruk av handverkar og oversyn over kva rettar lovverket gjev deg, finn du på forbrukarportalen.no.

Kva er rentesatsen for forseinkingsrenta?

Rentesatsen for forseinkingsrenta (morarenta) er frå 1. juli 2006 fastsett til 9,75 prosent. Forseinkingsrenta er ei strafferente du kan bli kravd for dersom du betalar rekningane dine for seint.

Les meir om forseinkingsrenta på nettsidene til Finansdepartementet. Her finn du også ein kalkulator for berekning av forseinkingsrenta. Forseinkingsrentelova finn du på Lovdata.

Det er Finansdepartementet som kvart halvår fastset rentesatsen, med verknad frå respektive 1. januar og 1. juli. Satsen skal vere styringsrenta til Noregs Bank , tillagt minst 7 prosentpoeng. Noreg følgjer med dette opp eit EU-direktiv om forseinka betaling.

Kvar kan eg reservere meg mot reklame og telefonsal?

Du kan reservere deg mot adressert reklame og telefonsal i Reservasjonsregisteret ved Brønnøysundregistra. Reserver deg via nettet eller telefonnummer 75 00 75 03. For å unngå uadressert reklame må du fylle ut eit skjema på postkontoret. Du får då ein gul klistrelapp til å setje på postkassen. Kontakt Posten på telefonnummer 810 00 710 dersom du ønskjer meir informasjon.

Gå til toppen

Foreldre og barn

Har eg rett til permisjon ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule?

Det er ingen lovbestemt rett til fri frå arbeidet ved tilvenjing av barn i barnehage eller skule. Dei lovbestemte rettane til fri frå arbeid finn du i Arbeidsmiljølova, kapittel 12 Rett til permisjon. Fri frå arbeidet i samband med skulestart eller oppstart i barnehage må derfor anten vere avtalefesta i tariffavtale eller lokalt permisjonsreglement, eller det kan avtalast direkte med arbeidsgjevar.

Korleis kan eg finne ut kva eg skal betale i barnebidrag?

På nettsidene til arbeids- og velferdsetaten finn du informasjon om barnebidrag. Her kan du også sjølv rekne ut bidraget. Ta kontakt med det lokale Nav-kontoret ditt viss du treng meir informasjon eller hjelp til utrekninga. Det er Arbeids- og velferdsetatens innkrevjingssentral som står for innkrevjing og formidling av barnebidraget.

Kvar finn eg satsane for barnetrygd og kontantstøtte?

Du finn satsane for barnetrygd og kontantstøtte på nettsidene til arbeids- og velferdsetaten, www.nav.no .

Gå til toppen

Forvaltning og styringsverk

Kvar får eg tak i stortingsmeldingar, NOU-ar og brosjyrar?

Offentlege publikasjonar frå Stortinget og regjeringa, særtrykk av lover m.m. kan du få kjøpt hos Akademika AS, avdeling offentlige publikasjoner, telefon 800 80 960, e-post offpubl@akademika.no. For å bestille brosjyrar må du ta kontakt med den etaten som gir ut brosjyren. Kontaktinformasjon til etatane finn du på www.noreg.no.

Offentlege institusjonar kan bestille brosjyrar og publikasjonar frå Servicesenteret for departementa, 22 24 98 60, e-post publikasjonsbestilling@dss.dep.no.

Kva er dei korrekte fargane på det norske flagget?

Fargekodane for det norske flagget ved trykk på papir er i Pantone fargesystem:
Raud: PMS 032 U
Blå: PMS 281 U

Ved bruk av av NCS-kodar svarer dette til
Raud PMS 032: S 0570-Y90R eller S 1070-Y90R
Blå PMS 281 U = S 5040-R70B eller S 6030-R70B

Proporsjonane på flagget finn du i Flagglova.

Kva er skilnaden på avgift og gebyr?

Avgifter er indirekte skattar som vert lagde på innanlandsk omsetning og import av varer og tenester. Ei avgift kan vere generell slik som meirverdiavgifta, eller den kan gjelde berre visse varer og tenester, såkalla særavgifter.

Når ein betalar ein indirekte skatt (avgift), har ein ikkje nokon direkte rett til motyting i form av ei bestemt vare eller teneste. Dette til skilnad frå eit gebyr, som er ei betaling for ei offentleg eller privat utført teneste. For offentlege tenester er det normalt ein føresetnad at inntektene frå gebyra ikkje skal overstige kostnaden ved å yte tenesta.

Kvar finn eg satsane for arbeid i offentlege råd og utval?

Du finn satsane for godtgjering til leiar, medlemmer og sekretærar i statlege utval i Statens personalhandbok. Dei tidligare sentralt fastsette satsane for utvalsgodtgjering er er oppheva og erstatta med rettleiande satsar. Det er eigne rettleiande satsar for sjølvstendig næringsdrivande.

Statens personalhandbok finst både i trykt og i elektronisk form. Den elektroniske utgåva er ein del av Odin-tenesta, og er gratis for alle brukarar.

Kvar kan eg finne ei oversikt over flagg- og helgedagar i Noreg?

Du finn ei oversikt i heftet Minifakta om Norge på nettsidene til Statistisk sentralbyrå. Sjå også Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager og Lov om helligdager og helligdagsfred . Desse lovene listar opp dei helgedagane vi har i landet. På Utanriksdepartementet sine nettsider finn du ei oversikt over offisielle flaggdagar.

Når tek sommartida til?

Sommartida tek til kl. 02.00 siste søndag i mars. Då skal klokka stillast ein time fram, frå 02.00 til 03.00.

Med sommartid meiner ein den perioden av året då klokka skal stillast ein time fram i forhold til resten av året. Noreg er gjennom EØS-avtalen knytt opp til EU sitt regelverk på dette området. Les meir i forskrift om sommertid .

Sommartida tek slutt kl. 03.00 siste søndag i oktober. Då skal klokka stillast ein time tilbake, altså frå 03.00 til 02.00.

Har du problem med å hugse kva veg klokka skal stillast? Ein god hugseregel - klokka skal alltid stillast mot næraste sommar.

Gå til toppen

Fri rettshjelp

Kvar kan eg få informasjon om fri rettshjelp?

Fri rettshjelp betyr at staten heilt eller delvis kan dekkje utgiftene til advokathjelp. Treng du fri rettshjelp, kan du kontakte advokat, Fylkesmannen i fylket ditt eller domstolane .

Du finn ei orientering om fri rettshjelp på noreg.no. Les også om fri rettshjelp på nettsidene til Justis- og politidepartementet. Lov om fri rettshjelp finn du på lovdata.no.

Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri saksførsle.

Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang, til dømes utforming av søknader og klager og korrespondanse med motpart. Rettsråd omfattar også rein rådgjeving frå advokat. Fri sakførsle er rettshjelp i saker som går for domstolane.

I nokre saker kan du få fri rettshjelp uavhengig av inntekt og formue. I andre saker er det eit vilkår at du er under visse inntektsgrenser.

Gå til toppen

Fritid

Eg har mista jegeravgiftskortet. Kvar skal eg vende meg for å få eit nytt?

Du kan bestille jegeravgiftskort hos Jegerregisteret ved Brønnøysundregistra. Kontakt Jegerregisteret på telefon, telefaks eller e-post eller bestill nytt kort her. På nettsidene til Direktoratet for naturforvaltning finn du meir informasjon om jakt og fangst.

Er det lov å brenne bråte?

Det er den enkelte kommunen som kan gje løyve til eller forby utandørs brenning eller brenning av avfall i småomnar. Kommunen kan lage lokale forskrifter der slik brenning blir forbode i heile eller i delar av kommunen. Brenning av næringsavfall er ikkje tillate.

For å få informasjon om kva reglar som gjeld der du bur, kan du ta kontakt med kommunen din. Eventuelle lokale forskrifter for kvar enkelt kommune finn du på Lovdata.

Det er Miljøverndepartementet som gjennom forskrift til forureiningslova har gjeve kommunen heimel til å fastsetje lokale forskrifter for open benning og brenning av avfall i småomnar. Kommunen er også tilsynsmyndigheit og kan påleggje forurensningsgebyr og gje pålegg etter forureiningslova.

Har eg rett til å få overført delar av ferien min til neste år?

Du kan avtale å overføre inntil to vekers ferie til neste ferieår (kalenderår), men du har ikkje krav på dette. Dersom sjukdom hindrar deg i å avvikle ferien innan ferieåret er omme, kan du som arbeidstakar krevje å få overført inntil to vekers ferie til neste år. Eit slikt krav må du fremje før året er omme. Arbeidstakarar som har avtalefesta fem vekers ferie, kan overføre to veker pluss fire arbeidsdagar til neste ferieår.

Ferie som ikkje er avvikla og ikkje er overført til neste ferieår, fell bort.

Du finn meir informasjon om avvikling av ferie på Arbeidstilsynet sine faktasider om ferie . Har du fleire spørsmål om ferie, kan du kontakte svartenesta til Arbeidstilsynet .

Kor kan eg få informasjon om båtførarbevis?

Norsk Test AS har ansvar for drifta av Båtførarregisteret i Noreg, og utferdar båtførarbevis for fritidsbåtar. Båtførarprøven kan berre gjennomførast på eit testsenter som er autorisert av Norsk Test. På nettsidene deira kan du finne ditt næraste testsenter og lese meir om båtførarbevis og båtførarprøven .

Kor store er tollkvotane for privatpersonar?

På nettsidene til tollvesenet, www.toll.no, finn du reglar for kva og kor mykje du kan ta med deg på reise inn til og ut av Noreg .

Korleis går eg fram for å stifte ei foreining?

Du finn informasjon om registrering av lag og foreiningar på bedin.no. Der finn du også forslag til stiftelsesdokument og ein standard for god rekneskapsskikk for ideelle organisasjonar.

Kva land kan nordmenn reise visumfritt til?

På nettsidene til Utanriksdepartementet finn du ei oversikt over kva land norske borgarar kan reise til utan visum. Nærare informasjon får du hos ambassaden til det enkelte landet.

Reiseinformasjon og reiseråd finn du på landsidene til Utanriksdepartementet.

På nettsiden til Utlendingsdirektoratet finn du også ei oversikt over land med fritak for visumplikt til Noreg .

Kva reglar gjeld for å ta med hund til Sverige?

Hund eller katt frå Noreg kan fritt takast med inn i Sverige så lenge det er snakk om privat innførsel.

Det same gjeld for privat innførsel av hund og katt fra Sverige til Noreg. Det er ingen krav om vaksinasjonar eller liknande for dyr som oppheld seg lovleg i Sverige.

Les meir om innførselsvilkår for hund og katt på nettsidene til Mattilsynet. Der finn du også generell informasjon om innførsel av hund, katt og ilder til Norge.

Kvar kan eg finne ei oversikt over flagg- og helgedagar i Noreg?

Du finn ei oversikt i heftet Minifakta om Norge på nettsidene til Statistisk sentralbyrå. Sjå også Lov om 1 og 17 mai som høgtidsdager og Lov om helligdager og helligdagsfred . Desse lovene listar opp dei helgedagane vi har i landet. På Utanriksdepartementet sine nettsider finn du ei oversikt over offisielle flaggdagar.

Når er det bandtvang for hund ?

I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal ein hund bli halden i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengt, slik at han ikkje kan jage eller skade husdyr og vilt. Reglane for sikring av hund finn du i hundelova kapittel 2. Kommunane kan fastsetje meir detaljerte forskrifter om bandtvang. Eventuelle lokale forskrifter finn du her.

Når er det fellesferie i 2008?

Fellesferien i 2008 er tilrådd lagt til vekene 28, 29 og 30.

Fellesferien blir fastsett gjennom ein avtale mellom Byggenæringens Landsforening (BNL) og Fellesforbundet. Avtalen gjeld for dei to partane og er ei tilråding om å leggje fellesferien, også kalla bygningsferien, til desse tre vekene. På nettsidene til Byggenæringens Landsforening finn du meir informasjon om fellesferien.

Treng eg attest for å ta med lækjemiddel til utanlandet?

Har du med reseptpliktige lækjemiddel til utlandet, bør du vere førebudd på å kunne dokumentere at du er den rette eigaren av lækjemidla. Ved passering av den norske grensa, vil til dømes legeerklæring, kopi av resept eller originalemballasjen frå det norske apoteket kunne tene som dokumentasjon på eigarskapet.

Regelverket som gjeld når ein reisande har behov for å ta med lækjemiddel til eige bruk ved opphald i utlandet, vil vere noko ulikt fra land til land. Men landa som er med i Schengen-samarbeidet er blitt samde om felles reglar når det gjeld visse sovemiddel, roande middel og sterke smertestillande lækjemiddel. Ved reiser til desse landa bør du ha med ein «Schengen-attest» når du tek med visse typar legemiddel. Alle apoteka i landet utferdar Schengen-attestar.

Les om lækjemiddel ved utanlandsopphald på nettsidene til Statens lækjemiddelverk. Utlendingsdirektoratet har ei liste over dei 15 Schengen-landa . Legg merke til at Storbritannia er blant dei landa som ikkje er med i Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Førebyggjande helsearbeid

Kvar finn eg informasjon om kva vaksinar eg bør ta ved ei utanlandsreise?

På nettsidene til Nasjonalt folkehelseinstitutt finn du ei oversikt over kva vaksinar som blir tilrådd å ta ved utanlandsreiser.

Kven kan svare på om blåskjela eg har plukka er trygge å ete?

Mattilsynet overvaker algegifter i blåskjel frå mars og ut året. I denne perioden blir det lagt ut blåskjelvarsel kvar fredag ettermiddag. Du kan få svar på om blåskjela er trygge å ete via matportalen.no, ved å ringje Mattilsynets blåskjeltelefon, telefonnummer 820 33 333, eller via tekst-tv side 588 på NRK 1 eller side 342 på NRK 2. Sjå også tilrådingane frå Mattilsynet om å avgrense eller ikkje ete visse typar sjømat frå område med høgt innhald av miljøgifter her.

Gå til toppen

Grunnskule

Kvar finn eg ei oversikt over feriane i skuleåret?

Du finn skuleruta 2007–2008 på nettsidene til KS (Kommunenes sentralforbund). For å vere trygg på at ruta ikkje er endra bør du kontakte skuleeigaren, dvs. den kommunen eller fylkeskommunen som skulen høyrer til.

Gå til toppen

Helsetenester

Får eg dekt utgiftene til medisinsk behandling dersom eg skulle bli sjuk på ei utanlandsreise?

Dersom blir sjuk medan du er i eit EØS-land eller i Sveits, kan du få dekt utgiftene dine til helsetenester. Vilkåret er at du har med deg Europeisk helsetrygdkort. Europeisk helsetrygdkort er eit plastkort på storleik med eit vanleg bankkort, og det dokumenterer at du har rett til å få dekt utgiftene til nødvendig medisinsk behandling under mellombels opphald i eit annet EØS-land eller i Sveits. Du har rett til behandling på lik linje med borgarane i det landet du oppheld deg i.

Helsetrygdkortet gir ikkje rett til ytingar dersom føremålet med reisa er å få medisinsk behandling. Helsetrygdkortet dekkjer heller ikkje ekstra utgifter til heimreise fordi du er blitt sjuk eller utsett for ei ulukke. Unntaket er heimreise frå dei andre landa i Norden.

Ønskjer du å sikre deg mot utgifter som trygda i opphaldslandet ikkje dekkjer eller mot meirutgifter ved heimreise, må du kjøpe ei reiseforsikring som dekkjer slike utgifter.

Helsetrygdkortet erstattar den tidlegare papirblanketten E-111. Frå 1. januar 2005 er denne blanketten ikkje lenger gyldig.

Europeisk helsetrygdkort kan berre nyttast innanfor EØS-området og i Sveits. Skal du reise til andre land, bør du kjøpe ei reiseforsikring.

Du kan tinge Europeisk helsetrygdkort på nettsidene til Nav, ved å ringe den automatiske servicetelefonen 810 33 810, eller ved å skrive kort (mellomrom) fødselsnummer (11 siffer) og sende en SMS til nummer 26626. Du kan også kontakte NAV Helsetenesteforvaltning sitt Servicesenter på telefon 815 70 030.

Kor stor er eigendelen ved behandling hos lege?

Eigendelen ved undersøking eller behandling av allmennlege eller legevakt på dagtid er kr 130 (pr. 1.7.2007). På nettsidene til Nav finn du ei oversikt over eigendelar for helsetenester og grensa for når ein får frikort .

Korleis byter eg fastlege?

Du kan byte fastlege via internettsida MinFastlege. På ein enkel måte kan du finne informasjon om din og barna dine sin fastlege og om legar som har ledige plassar. Du kan også melde deg inn i eller ut av ordninga. Du kan også byte fastlege ved å ta kontakt med fastlegekontoret på telefon 810 59 500. På nettsidene til arbeids- og velferdsetaten, www.nav.no finn du meir informasjon om fastlegeordninga og ei oversikt over fastlegane i kommunen din.

Korleis finn eg fram til og søkjer om hjelpemiddel?

På nettsidene til Nav finn du informasjon om ulike hjelpemiddel . Der ligg også søknadsskjema og hjelpemiddeldatabasen . Ta kontakt med kommunehelsetenesta der du bur for å få hjelp til å søkje. Gjeld det hjelpemiddel på arbeidsplassen, spør du arbeidsgjevar eller bedriftshelsetenesta. Kontakt det lokale Nav-kontoret når det gjeld attføring.

Kvar finn eg oversyn over pasient- og brukarorganisasjonar?

På nettsidene til Helse Nord RHF finn du ei stor samling med lenkjer til pasient- og brukarorganisasjonar i Noreg.

Treng eg attest for å ta med lækjemiddel til utanlandet?

Har du med reseptpliktige lækjemiddel til utlandet, bør du vere førebudd på å kunne dokumentere at du er den rette eigaren av lækjemidla. Ved passering av den norske grensa, vil til dømes legeerklæring, kopi av resept eller originalemballasjen frå det norske apoteket kunne tene som dokumentasjon på eigarskapet.

Regelverket som gjeld når ein reisande har behov for å ta med lækjemiddel til eige bruk ved opphald i utlandet, vil vere noko ulikt fra land til land. Men landa som er med i Schengen-samarbeidet er blitt samde om felles reglar når det gjeld visse sovemiddel, roande middel og sterke smertestillande lækjemiddel. Ved reiser til desse landa bør du ha med ein «Schengen-attest» når du tek med visse typar legemiddel. Alle apoteka i landet utferdar Schengen-attestar.

Les om lækjemiddel ved utanlandsopphald på nettsidene til Statens lækjemiddelverk. Utlendingsdirektoratet har ei liste over dei 15 Schengen-landa . Legg merke til at Storbritannia er blant dei landa som ikkje er med i Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Kjøpe bustad

Kor stort er tinglysingsgebyret?

Frå 1. januar 2006 (ingen oppjustering i januar 2007) er tinglysings-gebyret 1548 kr.

Kvar får eg tak i skøyte for tinglysing i fast eigedom?

Dette skjemaet får du kjøpt i bokhandelen. Du finn også skøyte med rettleiing på nettsidene til Statens kartverk.

Gå til toppen

Køyretøy

Eg har utanlandsk førarkort. Er dette gyldig i Noreg?

Det er ulike reglar for dei som har førarkort frå land i EØS-området og dei med førarkort utferda utanfor dette området. På nettsidene til Statens vegvesen kan du l ese meir om innbyte av utanlandsk førarkort og om vilkåra for bruk av utanlandsk førarkort i Noreg . Kontakt den lokale trafikkstasjonen dersom du ønskjer meir informasjon.

Kor tid er det lov å køyre med piggdekk?

Forskrift om bruk av køyretøy slår fast at ein ikkje må bruke piggdekk eller kjetting i tida frå og med første måndag etter 2. påskedag til og med 31. oktober. I Nordland, Troms og Finnmark er tilsvarande periode frå og med 1. mai til og med 15. oktober. Det er likevel slik at føraren må vurdere om køyretøyet er sikra tilstrekkeleg veggrep. Forskrifta seier at køyretøy ikkje må brukast utan at det er sikra tilstrekkeleg veggrep i høve til føret.

Kvar er det vorte av biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes Odda trafikkstasjon. På noreg.no kan du finne den lokale trafikkstasjonen din . På nettsidene til Statens vegvesen kan du mellom anna finne opningstidene til dei enkelte trafikkstasjonane.

Namneendringa frå "biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1997.

Gå til toppen

Leige bustad

Har eg rett til bustønad?

Forholdet mellom buutgiftene og dei samla inntektene til husstanden avgjer om du kan få bustønad. På nettsidene til Husbanken finn du informasjon om bustønadsordninga . Her kan du også rekne ut kor stor bustønaden blir .

Ta kontakt med sosialkontoret (ev. bustønadskontoret) i kommunen din dersom du ønskjer meir informasjon. Bur du i Oslo, kontaktar du bustadkontoret i bydelen din.

Gå til toppen

Namn

Kven skal eg kontakte for å skifte namn?

Etter at den nye namnelova tok til å gjelde 1. januar 2003, må du sende melding om endring av namn til folkeregisteret ved likningskontoret for den kommunen der du er registrert busett. På nettsidene til Justis- og politidepartementet finn du meldingsskjema for namneendring.

På nettsidene til Statistisk sentralbyrå finn du namnestatistikk med oversikt over kor mange gonger dei ulike namna er brukte i Noreg. Les meir om namn på nettsidene til noreg.no.

Finn likningskontoret ditt med dekningskartet på noreg.no.

Gå til toppen

Næringsskatt

Kva er satsane for meirverdiavgift?

Meirverdiavgift (moms, mva.) skal betalast ved omsetning av dei fleste varer og tenester. Satsen er generelt 25 prosent. Satsen for omsetning av mat- og drikkevarer er 14 prosent (13 prosent inntil 31. desember 2006). For kinobillettar, persontransport og kringkastingsavgift er satsen 8 prosent. Du finn meir informasjon om meirverdiavgift på nettsidene til skatteetaten.

Gå til toppen

Pasientrettar

Kvar finn eg oversyn over pasient- og brukarorganisasjonar?

På nettsidene til Helse Nord RHF finn du ei stor samling med lenkjer til pasient- og brukarorganisasjonar i Noreg.

Gå til toppen

Pass og legitimasjon

Barnet mitt er født og busett i utlandet. På kva måte kan det få norsk pass?

Norske statsborgarar som ønskjer pass til eige barn som er født og busett i utlandet, må først få tildelt fødselsnummer til barnet. For å få tildelt fødselsnummer, må foreldra kontakte næraste norske utanriksstasjon som tek stilling til om barnet er norsk statsborgar. Dersom barnet er norsk statsborgar, sender utanriksstasjonen søknad til Personregisteret, Midt-Finnmark likningskontor.

Når ein har fått tildelt fødselsnummer, vil utanriksstasjonen hjelpe videre med å få utferda pass. På nettsidene til skatteetaten finn du meir informasjon og krav til dokumentasjon for å få tildelt fødselsnummer . På nettsidene til politiet finn du informasjon om pass .

Eg treng ein ny fødselsattest. Kvar får eg det?

For å få skrive ut ein ny fødselsattest tek du kontakt med likningskontoret for den kommunen der du er folkeregisterført som busett. Dersom du er fødd i Noreg men bur i utlandet, kan du ta kontakt med likningskontoret der du var folkeregisterført som busett før du flytta.

Eg treng nytt pass. Kva slags legitimasjon er gyldig?

Når du skal søkje om nytt pass, må du kunne dokumentere identiteten din. Når du skal fornye passet ditt, held det at du har med det tidlegare passet som legitimasjon viss det framleis er gyldig eller det er mindre enn tre månader sidan det gjekk ut.

Skal du ha pass for første gong, eller det er meir enn tre månader sidan gyldigheitstida til det gamle passet gjekk ut, skal du ha med følgjande legitimasjon:

- Gyldig norsk førarkort eller anna minst like sikkert identitetskort med bilde og fødselsnummer, til dømes bankkkort med bilde
- Eventuelt tidlegare utgått pass
- Statsborgarbrev dersom du tidlegare har vore utanlandsk statsborgar

Viss du ikkje kan legitimere deg med gyldig norsk pass (ev. pass som er gått ut for mindre enn tre månader sidan), må du vera førebudd på at politiet krev at du har med deg ein myndig, norsk person med gyldig norsk pass. Denne personen må skriftleg kunna stadfesta identiteten din.

Du finn meir informasjon om pass på nettsidene til politiet.

Kor lenge er passet gyldig?

For personar over 16 år er passet gyldig i 10 år. Pass til personar under 16 år har denne gyldigheitstida:

0-5 år: to år
5-10 år: tre år
10-16 år: fem år

Eit pass er likevel berre gyldig så lenge eigaren kan kjennast att på bildet og så lenge passet er uforandra og uskadd.

Ver merksam på at enkelte land krev at passet er gyldig ein periode etter utreise (heimreise til Noreg). Reisebyrået eller den aktuelle ambassaden kan gje informasjon om dette.

Du finn meir informasjon om pass på nettsidene til politiet.

Kva land kan nordmenn reise visumfritt til?

På nettsidene til Utanriksdepartementet finn du ei oversikt over kva land norske borgarar kan reise til utan visum. Nærare informasjon får du hos ambassaden til det enkelte landet.

Reiseinformasjon og reiseråd finn du på landsidene til Utanriksdepartementet.

På nettsiden til Utlendingsdirektoratet finn du også ei oversikt over land med fritak for visumplikt til Noreg .

Treng eg pass for å reise i Schengen-området?

I utgangspunktet treng du ikkje pass for å reise i Schengen-området. Men du bør likevel alltid ta med pass for å vere på den sikre sida. Noreg har berre godkjent passet som nasjonalt identitetsbevis, og du treng difor passet som legitimasjon ved innkvartering, banktenester og i andre tilfelle der det blir kravd identitetsdokumentasjon.

Du treng også passet som reisedokument. Landa som er med i Schengen-samarbeidet, kan innføre mellombels passkontroll på grensene sine dersom det oppstår trussel mot ro, orden eller den allmenne respekten for lovene i landet. Det er difor tilrådeleg å ta med passet på reise i området.

Det er også viktig å vere klår over at fleire flyselskap i Europa krev identifikasjonsdokument, det vil seie pass, i samband med ombordstiging i fly.

Du finn meir informasjon om pass på utanlandsreiser i ei pressemelding frå Justis- og politidepartementet. På nettsidene til politiet finn du generell informasjon om pass og ei oversikt over dei 15 medlemslanda i Schengen-samarbeidet. Ver merksam på at Irland, Storbritannia og Sveits ikkje er med i Schengen-samarbeidet.

Gå til toppen

Pensjonar

Kor stort er grunnbeløpet?

Grunnbeløpet (G) i folketrygda er regulert til 66 812 kroner frå 1. mai 2007. Minstepensjonene i folketrygda blir då 119 820 kroner for einslege, og 219 600 kroner for ektepar og sambuande.

Det er Stortinget som årleg vedtek det endelige grunnbeløpet, som regel i midten av juni.

På nettsidene til Nav finn du meir informasjon om grunnbeløpet og ein oversikt over grunnbeløp frå 1967 og fram til i dag.

Korleis kan eg rekne ut kor mykje eg får i alderspensjon?

På nettsidene til arbeids- og velferdsetaten kan du bestille ei utrekning av framtidig alderspensjon frå folketrygda . Det er det lokale Nav-kontoret som reknar ut pensjonen din. Ønskjer du rekna ut sjølv, kan du bruke pensjonskalkulatoren til Nav.

Serviceberekninga omfattar ikkje tenestepensjonar. Arbeidsgjevaren din kan gje deg informasjon om du har rett til tenestepensjon i tillegg til folketrygda.

Tilsette i staten kan få ei oversikt over framtidig tenestepensjon frå pensjonskalkulatoren til Statens Pensjonskasse. På denne sida kan du bestille pensjonsberekning fra Kommunal Landspensjonskasse .

Gå til toppen

Personskatt

Blir det trekt skatt av lønn og pensjon i desember?

Det blir ikkje trekt skatt av folketrygdpensjonar i desember. Skattepliktige med månadslønn skal ha halvt skattetrekk i desember. For å få meir informasjon om regelverket kring skattetrekk kan du ta kontakt med skatteoppkrevjarkontoret (kommunekasseraren, kemneren) i kommunen din.

Gå til toppen

Religion og livssyn

Kvar finn eg informasjon om gravferdsseremoniar?

Informasjon om gravferd i regi av Den norske kyrkja finn du på kyrkja.no . Ønskjer du ein gravferdsseremoni utan religiøst innhald, kan du velje humanistisk gravferd.

Kvar finn eg informasjon om utmelding av statskyrkja?

Du finn informasjon om medlemsskap og utmelding på nettsidene til Den norske kyrkja. For å melde deg ut kan du anten møte fram på prestekontoret i det prestegjeldet der du er busett eller sende skriftleg melding til prestekontoret. Du kan finne ut kva prestegjeld du høyrer til på nettsidene til Den norske kyrkja. På nettet finst det det også eit skjema for utmelding, utarbeidd av livssynsorganisasjonen Human-Etisk Forbund.

Gå til toppen

Rettslege spørsmål

Kor stort er rettsgebyret?

Frå 1. januar 2006 (inga oppjustering i januar 2007) er rettsgebyret 860 kr. Les meir om rettsgebyr, tinglysingsgebyr m.m. på domstol.no.

Korleis finn eg ut kven som er namsmann?

I desse kommunane er det namsfogden som fungerer som namsmann: Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim, Fredrikstad, Skedsmo, Asker og Bærum, Tønsberg og Nøtterøy, Kristiansand, Sandnes og Tromsø og Karlsøy.

I resten av landet er det lensmannen eller det lokale politiet som fungerer som namsmann.

Kontaktinformasjon til landets namsmenn og namsfogdar finn du på noreg.no.

Du kan lese meir på nettstaden namsfogden.no . På nettsidene til Justis- og politidepartementet kan du lese om organiseringa av namsmannen .

Gå til toppen

Samfunn

Kor mange kommunar er det i Noreg?

Det er 431 kommunar i Noreg (pr. 1. januar 2007).

Du finn du ei oversikt over alle kommunane i landet via 'Finn myndigheit' i toppmenyen på noreg.no. Klikk så på 'Kommunane' nede på sida. Telefonnummer, adresse, kommunenummer m.m. finn du ved å klikke på 'info' til høgre for kommunenamnet i oversikta. Klikkar du på kommunenamnet, kjem du til nettsidene til kommunen.

På nettsidene til Kommunal- og regionaldepartementet finn du ei oversikt over kommunar som vurderer eller har vedteke å slå seg saman.

Kvar finn eg ei oversikt over offisielle flaggdagar?

Du finn ei oversikt over offisielle flaggdagar i Noreg i ei pressemelding frå Utanriksdepartementet.

Endringane er innarbeidde i paragraf 4 i Forskrift angående bruk av statsflagget og handelsflagget.

Kvar på nettet finn eg statsbudsjettet?

Statsbudsjettet finn du på nettstaden www.statsbudsjettet.dep.no. Du kan bestille papirutgåva av statsbudsjettet frå Akademika AS, avdeling offentlige publikasjoner, telefon 800 80 960, e-post offpubl@akademika.no. Offentlege etatar bestiller papirutgåva frå Statens forvaltningsteneste, telefon 22 24 98 60, e-post publikasjonsbestilling@ft.dep.no.

Når tek sommartida til?

Sommartida tek til kl. 02.00 siste søndag i mars. Då skal klokka stillast ein time fram, frå 02.00 til 03.00.

Med sommartid meiner ein den perioden av året då klokka skal stillast ein time fram i forhold til resten av året. Noreg er gjennom EØS-avtalen knytt opp til EU sitt regelverk på dette området. Les meir i forskrift om sommertid .

Sommartida tek slutt kl. 03.00 siste søndag i oktober. Då skal klokka stillast ein time tilbake, altså frå 03.00 til 02.00.

Har du problem med å hugse kva veg klokka skal stillast? Ein god hugseregel - klokka skal alltid stillast mot næraste sommar.

Gå til toppen

Samliv

Kvar finn eg søknadsskjema for separasjon og skilsmisse?

Du finn søknadsskjema for separasjon og skilsmisse i Statens elektroniske blankettarkiv . Fylkesmannen i fylket ditt har også skjemaet, og her kan du få nærare informasjon. Det er Fylkesmannen som innvilgar søknaden.

Les meir i brosjyren Separasjon og skilsmisse.

Kvar kan eg finne forslag til sambuarkontrakt?

På Internett ligg det fleire forslag til korleis ein sambuarkontrakt kan bli utforma. Jusshjelpa i Nord-Noreg har laga denne sambuarkontrakten. Andre forslag til sambuarkontraktar finn du ved hjelp av søkemotorar som Google eller Kvasir.

Det er inga generell likebehandling av sambuarar og ektepar i lovverket. Sambuarar blir behandla som ektefellar på enkelte område og som einslege på andre.

Sambuarar må skrive testament dersom dei skal arve kvarandre. Forslag til utforming av gjensidig testament finn du på nettsidene til JURK (Juridisk rådgivning for kvinner) eller ved hjelp av ein søkemotor.

På nettsidene til Barne- og likestillingsdepartementet kan du finne informasjon om sambuarar, økonomiske forhold mellom sambuarar, rettar og plikter for sambuarar med barn m.m.

Gå til toppen

Skattar og avgifter

Kva er skilnaden på avgift og gebyr?

Avgifter er indirekte skattar som vert lagde på innanlandsk omsetning og import av varer og tenester. Ei avgift kan vere generell slik som meirverdiavgifta, eller den kan gjelde berre visse varer og tenester, såkalla særavgifter.

Når ein betalar ein indirekte skatt (avgift), har ein ikkje nokon direkte rett til motyting i form av ei bestemt vare eller teneste. Dette til skilnad frå eit gebyr, som er ei betaling for ei offentleg eller privat utført teneste. For offentlege tenester er det normalt ein føresetnad at inntektene frå gebyra ikkje skal overstige kostnaden ved å yte tenesta.

Kvar kan eg tipse om skattesnusk?

Du kan formidle tips og opplysningar til fylkesskattekontoret i fylket ditt. Du kan òg ta kontakt med likningskontoret . Slike tips kan du gje skriftlegeller på telefon. Tipsa kan godt vere anonyme. Det viktige er at tipset inneheld så konkrete opplysningar at fylkesskattekontoret har grunnlag for å undersøke saka nærare.

Gå til toppen

Skule og utdanning

Kvar finn eg ei oversikt over feriane i skuleåret?

Du finn skuleruta 2007–2008 på nettsidene til KS (Kommunenes sentralforbund). For å vere trygg på at ruta ikkje er endra bør du kontakte skuleeigaren, dvs. den kommunen eller fylkeskommunen som skulen høyrer til.

Kvar kan eg få ei oversikt over legat og stipend?

Legathandboka inneheld ei oversikt over legat, stipend og andre støtteordningar for utdanning, forsking, idrett, kultur m.m. Du finn Legathåndboka gratis på nettet, eller til sals i bokform. Du finn også informasjon om legat på legatsiden.no. Informasjon om ordningane til Statens lånekasse finn du her .

Kvar kan eg få rettkjende kopiar av vitnemål og attestar?

Rettkjende kopiar skal vere stempla og signerte av eit kopieringsbyrå eller tilsett ved eit offentleg kontor (skule, kommunalt kontor, politikammer osb). Stempelet skal vise kvar kopien er rettkjend. Ver merksam på at offentlege kontor ikkje er pålagde å utføre denne oppgåva. I samband med jobbsøknader kan ei alternativ løysing vere å sende vanlege kopiar med søknaden og ta originalane med til eit eventuelt intervju. Gjeld det opptak til utdanning, finn du utfyllande informasjon på nettsidene til Samordna opptak.

Gå til toppen

Trafikant

Eg har utanlandsk førarkort. Er dette gyldig i Noreg?

Det er ulike reglar for dei som har førarkort frå land i EØS-området og dei med førarkort utferda utanfor dette området. På nettsidene til Statens vegvesen kan du l ese meir om innbyte av utanlandsk førarkort og om vilkåra for bruk av utanlandsk førarkort i Noreg . Kontakt den lokale trafikkstasjonen dersom du ønskjer meir informasjon.

Eg vil klage på ei parkeringsbot. Korleis går eg fram?

Lovverket skil mellom offentleg og privat parkeringsverksemd.

Dersom du er ilagt gebyr frå eit offentleg parkeringsselskap, sender du klage til den kommunen som har gjeve gebyret. Er gebyret skrive ut på blankettar fra Statens innkrevjingssentral, skal du sende klage til politiet på staden. Får du ikkje medhald i klaga, kan du bringe saka inn for tingretten. Les meir i forskrifta som regulerer offentleg parkeringsverksemd.

Er du ilagt bot av eit privat parkeringsselskap, sender du klage til Parkeringsklagenemnda. På forbrukerportalen.no finn du informasjon om regelverket og om korleis du kan klage. Der finn du også klagerettleiaren som gjev deg hjelp til å skrive klagebrev.

Det er Forbrukarrådet som i samarbeid med Forbrukarombodet og bransjeorganisasjonane til parkeringsselskapa har utarbeidd reglar for private parkeringsselskap. Parkeringsklagenemnda behandlar klager knytta til brot på dette regelverket, men berre klager på gebyr som er skrive ut av parkeringsverksemder som er medlemmer i Norpark eller Parkinor. På forbrukerportalen.no finn du ei oversikt over parkeringsselskap som er medlemmer .

Klagebehandlinga i nemnda er gratis.

Finst det ei oversikt over bomstasjonar og ferjestrekningar?

Du finn ei oversikt over bomvegselskap og ferjestrekningar som har teke i bruk autopass-systemet på nettstaden www.autopass.no. Andre bompengeanlegg og ferjestrekningar finn du ved å søkje på den enkelte vegstrekningen på nettstaden visveg.no .

Det er til saman 47 bompengeanlegg her i landet, og 24 av dei er med i autopass-samarbeidet. Alle nye anlegg skal ha autopass. Av ferjestrekningane er det berre åtte som har autopass. Det er Statens vegvesen som har ansvaret for autopass-ordninga.

På autopass.no finn du også informasjon om takstar m.m. Informasjon om rutetider for buss, ferje og andre transportmiddel får du via nettstaden eller telefon til Ruteopplysningen 177.

Kor finn eg informasjon om bompengeanlegga i Noreg?

Du finn oversikt over bompengeanlegg på nettsidene til Norwegfinans. Her finn du også takstar og kontaktinformasjon til dei ulike bompengeanlegga.

Informasjon om det norske systemet for elektronisk betaling av bompengar finn du på Autopass.no

Kvar er det vorte av biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes Odda trafikkstasjon. På noreg.no kan du finne den lokale trafikkstasjonen din . På nettsidene til Statens vegvesen kan du mellom anna finne opningstidene til dei enkelte trafikkstasjonane.

Namneendringa frå "biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1997.

Gå til toppen

Trafikk

Kvar er det vorte av biltilsynet?

"Biltilsynet" har skifta namn til trafikkstasjon. Stadnamnet står først, som til dømes Odda trafikkstasjon. På noreg.no kan du finne den lokale trafikkstasjonen din . På nettsidene til Statens vegvesen kan du mellom anna finne opningstidene til dei enkelte trafikkstasjonane.

Namneendringa frå "biltilsynet" til trafikkstasjon skjedde i 1997.

Gå til toppen

Trygd

Kvar finn eg invaliditetstabellen?

Arbeids- og inkluderingsdepartementets invaliditetstabell er ein del av Forskrift om menerstatning ved yrkesskade.

Gå til toppen

Vaksenopplæring

Har eg rett til vaksenopplæring? Korleis går eg fram?

Er du over 16 år og treng grunnskuleopplæring, har du rett til gratis undervisning. Retten gjeld sjølv om du har fullført grunnskulen tidligare. Retten gjeld norske statsborgarar så vel som innvandrarar og flyktningar.

Er du fødd før 1. januar 1978 og ikkje tidligere har fullført vidaregående skule, har du rett til vidaregåande opplæring som er spesielt lagt til rette for deg. Opplæringa kan føre fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Gå til toppen

Vidaregåande opplæring

Kvar finn eg ei oversikt over feriane i skuleåret?

Du finn skuleruta 2007–2008 på nettsidene til KS (Kommunenes sentralforbund). For å vere trygg på at ruta ikkje er endra bør du kontakte skuleeigaren, dvs. den kommunen eller fylkeskommunen som skulen høyrer til.

Gå til toppen

Økonomiske ytingar

Kva er fristen for å søkje om bustønad?

Fristen for å søkje om bustønad er den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer den 10. i den etterfølgjande månaden.

Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge buutgifter. Søknad om bustønad skal sendast til sosialkontoret (ev. bustønadskontoret) i kommunen din. I Oslo sender du søknaden til bydelen din. Du kan sende søknaden via Internett eller skrive ut søknadsskjema frå nettsidene til Husbanken.

Det er Husbanken og kommunen som administrerer bustønadsordninga. På nettsidene til Husbanken kan du lese meir om bustønad .

Gå til toppen