Mål og oppgåver
[BOKMÅL]
Noregs Bank skal fremje økonomisk stabilitet i Noreg.
Med det meiner vi at det å byggje opp og forsvare økonomisk stabilitet er det grunnleggjande omsynet på alle område der dei politiske styresmaktene har gjeve oss eit særskilt samfunnsansvar.
Mål for kjerneverksemda er:
- Prisstabilitet
- Finansiell stabilitet
- Meirverdi i kapitalforvaltinga
Med det meiner vi at Noregs Bank skal fremje prisstabilitet gjennom ein pengepolitikk som tek sikte på låg og stabil inflasjon.
Noregs Bank skal fremje finansiell stabilitet og medverke til robuste og effektive finansielle infrastrukturar og betalingssystem.
Noregs Bank skal skape meirverdi i kapitalforvaltinga og drive ei effektiv og tillitvekkjande porteføljestyring.
Noregs Bank skal vere veldriven og vi skal arbeide målmedvite i størst mogleg samsvar med beste internasjonale praksis. Vi skal vise vilje og evne til endring. Vi skal ha tillit i omverda. Noregs Bank skal vere nøktern i ressursbruken sin.
Noregs Bank er organisert i område og avdelingar som har eigne hovudmål, handlingsplanar og resultatmål.
Noregs Bank Pengepolitikk
Området skal verke til ei balansert økonomisk utvikling og at inflasjonsmålet blir nådd. Oppgåvene er blant anna å:
- Gje råd om og gjennomføre pengepolitikken
- Forvalte den mest likvide delen av valutareservane
- Medverke til resultatorientert internasjonalt økonomisk samarbeid
- Drive økonomisk forsking og utføre analysar
Noregs Bank Finansiell stabilitet
Området skal verke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Oppgåvene for området er blant anna å:
- Medverke til effektive og sikre betalingssystem innanlands og overfor utlandet
- Utøve konsesjonsansvaret banken har for interbanksystem
- Overvake og analysere finansinstitusjonar og finansmarknadene
- Medverke til føremålstenlege rammevilkår for finansinstitusjonar og finansmarknader
- Ta seg av rolla sentralbanken har som siste likviditetsstøtte ("A lender of last resort") overfor det finansielle systemet
- Ta seg av statens konsernkonto og stå for emisjonar og forvalting av statens innanlandske lån
- Syte for at det blir utferda og distribuert setlar og mynt i samsvar med behova i samfunnet og sikre at setlar og mynt har eigenskapar som gjer dei effektive i bruk
Noregs Bank Kapitalforvalting
Området skal vere ein forvaltingsorganisasjon av internasjonal toppklasse og skal syte for trygg forvalting av dei porteføljane i utanlandsk valuta som Noregs Bank har ansvaret for. Oppgåvene for området er blant anna å:
- Forvalte den særskilde valutaporteføljen i Statens pensjonsfond - Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) på vegner av Finansdepartementet
- Forvalte valutaporteføljen i Statens petroleumsforsikringsfond på vegner av Olje- og Energidepartementet
- Forvalte dei langsiktige delane av valutareservane til Noregs Bank
Noregs Bank Stab og fellestenester
Området skal sikre sentralbankleiinga og dei andre områda nødvendige tenester for å fremje ein effektiv og utviklingsdyktig organisasjon. Oppgåvene for området er blant anna å:
- Utvikle og halde ved like eit føremålstenleg plan- og oppfølgingssystem
- Utvikle og halde ved like ein velfungerande personalpolitikk
- Medverke til tilfredsstillande kriseberedskap
- Levere funksjonelle IT-løysingar
- Medverke til å sikre personell, verdiar og informasjon frå banken
- Fremje effektiv og nøktern ressursbruk ved gode budsjett-, rekneskaps- og innkjøpsrutinar
- Produsere pengesetlar
- Medverke til å sikre gode arbeidsforhold
Juridisk avdeling
Avdelinga er ei stabseining som arbeider innanfor heile verkeområdet til banken.
Sentralbankrevisjonen
Sentralbankrevisjonen er Noregs Banks lovfeste revisjon, som utfører finansiell revisjon og tilsyn på vegner av representantskapet. Hovudoppgåvene er:
- Revidere årsrekneskapen og øvrig finansiell rapportering frå banken
- Sjå etter at formuesforvaltinga i banken er under trygg kontroll, at drifta er økonomisk forsvarleg og at verksemda blir drive i samsvar med lov, avtaler, vedtak og føresetnader