Organisering og styring i Noregs Bank

 

1. Mandat

Sentralbanklova av 1985 regulerer verksemda til banken. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgjevande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal utferde pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Lova gjev banken høve til å setje i verk tiltak som er vanlege eller naturlege for ein sentralbank.

Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåve Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond - Utland er regulert gjennom ei forskrift til lov om Statens pensjonsfond og i ein eigen forvaltingsavtale med Finansdepartementet.

Hovudstyret leier den utøvande og rådgjevande verksemda til banken. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen er høvesvis leiar og nestleiar i hovudstyret. Sentralbanksjefen står for den daglege leiinga av banken og representerer banken utetter. Representantskapet fører tilsyn med at reglane for verksemda i banken blir følgde og vedtek budsjettet. Meir informasjon om dei styrande organa finst i pkt 4.

2. Kjerneoppgåvene
Klart definerte kjerneoppgåver er utgangspunktet for organiseringa av Noregs Bank.

Noregs Bank skal fremje prisstabilitet gjennom pengepolitikken. Noregs Bank skal fremje finansiell stabilitet og medverke til robuste og effektive finansielle infrastrukturar og betalingssystem. Noregs Bank skal drive ei effektiv og tillitvekkjande porteføljestyring av Statens pensjonsfond - Utland, bankens eigne valutareservar og Statens petroleumsforsikringsfond.

Konsentrasjon om desse tre kjerneoppgåvene har vore styrande for utviklinga av banken. Ved etablering av aksjeselskap, utkontraktering, avvikling av oppgåver og generell effektivisering er talet på tilsette redusert frå 1 150 i 1998 til 542 ved utgangen av 2006. Samstundes er netto ressursbruk, målt mot prisindeks for offentlege utgifter, redusert med 30 prosent. Noregs Bank skal i 2010 framstå som ei slank og effektiv kompetansebedrift med sterk konsentrasjon om kjerneoppgåvene. 

Se oversyn over omstillingar sidan 1998, og over kostnads- og bemanningsutviklinga.


3. Områda som grunneining

Verksemda til banken er organisert i område som korresponderer med ansvaret for dei tre kjerneoppgåvene: Pengepolitikk (PPO), finansiell stabilitet (FST) og kapitalforvalting (NBIM). I tillegg er det eit eige område som utfører stabs- og støttetenester. Sjå figuren.

Inndelinga i få, men relativt store einingar, gjev eit passande kontrollspenn for sentralbankleiinga. Verksemdsområda har klart definerte grenseflater til dei andre einingane, og dei har for tida frå drygt 80 til om lag 170 tilsette.

 

Organisasjon
 

(Stipla linje viser leveranse, medan heiltrekt linje viser rapportering.)


4. Stor grad av delegering

Representantskapet vedtek budsjettet og godkjenner rekneskapen for banken. Det fører tilsyn med at reglane for verksemda i banken blir følgde, og har femten medlemer valde av Stortinget. Bankens revisjon er underlagd representantskapet. Representantskapet har vanlegvis fem møte i året.

Hovudstyret leier den utøvande og rådgjevande verksemda i banken. Det har sju medlemer, alle oppnemnde av Kongen i statsråd. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen er høvesvis leiar og nestleiar. Dei tilsette har to medlemer som supplerer hovudstyret ved handsaming av administrative saker. Hovudstyret møtest normalt kvar 3. veke.

Hovudstyret har delegert mykje av den operative drifta til sentralbanksjefen, som igjen i stor grad har delegert denne vidare til verksemdsområda.

Innanfor årlege rammer for årsverk og budsjett har områda stor grad av fridom i personaladministrasjon og disponering av budsjett. Det blir fastsett retningsgjevande rammer for talet på årsverk og kostnader for ein treårsperiode for det meste av verksemda.

Lønssystemet er i endring, med sterkare vekt på innsats og resultat i leiarstillingar og i forhandlingsområdet for akademikarar.

Innanfor NBIM er det utstrekt bruk av resultatløn.


 

5. Styring og oppfølging

Linjestyring er hovudprinsippet for styring i Noregs Bank. Dette gjev ein oversiktleg organisasjon med klare ansvarslinjer. Områda utarbeider årleg handlingsplanar for aktivitetar med tilhøyrande resultatmål, som blir godkjende av sentralbanksjefen. Gjennom året følgjer sentralbanksjefen opp resultata for det enkelte området med ein medarbeidar-/lønssamtale om våren og ein oppfølgingssamtale om hausten. Gjennom året er det oppfølgingssamtalar mellom sentralbanksjefen/visesentralbanksjefen og den enkelte områdedirektør om lag kvar tredje veke.

6. Verdigrunnlag
Noregs Bank skal vere veldriven og arbeide målmedvite i størst mogleg samsvar med beste internasjonale praksis. Banken skal vise vilje og evne til endring og ha tillit i omverda. Noregs Bank skal vere nøktern i ressursbruken sin.

For å nå dette skal alle tilsette:

  • Oppnå resultat
  • Vere engasjerte 
  • Opptre med høgt etisk medvit
  • Søkje høg fagleg standard og integritet

 

Omstillingar

  • Området for kapitalforvalting (NBIM) bygd opp frå 41 tilsette i 1998 til nær 130 i 2005.
  • Den Kongelige Mynt etablert som eige selskap i 2001 og selt i 2003.
  • Kontanthandteringa i eige selskap (NOKAS) i 2001. Noregs Bank eigde 33,5 % av aksjane til 2006, då dei vart selde.
  • Noregs Bank seteltrykkjeri fasa ut frimerkeproduksjonen i 2000 og passproduksjonen i 2003. Setelproduksjonen planlagd avvikla i 2007. Kontrakt for kjøp av setlar blei inngått i 2006.
  • Etablert organisatorisk skilje mellom kunde- og produsentrolle.
  • Reindyrking av kjerneoppgåver i bankavdelinga i 2004.
  • Delar av statistikkproduksjonen lagd til Statistisk sentralbyrå i 2005. Oppgåva med finansmarknadsstatistikken blei overført til SSB 1. januar 2007.
  • Resultateining for forvaltning av hovudkontorbygningen etablert i 2003.
  • Dimensjonering av stabs- og støttefunksjonar tilpassa "nye" Noregs Bank. 
  • Drifta av Noregs Banks oppgjerssystem utkontraktert i 2003.

Utvikling kostnader og årsverk 1998 - 2006


 1) Deflatert med prisindeks for offentlege utgifter
Kjelde: Noregs Bank


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 29.03.2007