Hovudstyret

 

Hovudstyret har utøvande og rådgivande styringsrett innanfor kjerneoppgåvene til Noregs Bank, som er å sørgje for prisstabilitet, finansiell stabilitet og meirverdi i kapitalforvaltinga. Lovbestemte utsegner og saker som er prinsipielt viktige, blir behandla i hovudstyret.

Hovudstyret har sju medlemmer, som alle er valde av Kongen i statsråd. Sentralbanksjefen og visesentralbanksjefen er høvesvis leiar og nestleiar i hovudstyret. Dei tilsette har to medlemmer som er med på å behandle administrative saker. Dei andre medlemmene arbeider ikkje i banken til dagleg.

Normalt har hovudstyret møte kvar tredje veke. I annakvart møte blir som hovudregel berre saker som er knytte til pengepolitikken og verkemiddelbruken, behandla. Kalenderen for rentemøta er offentleg.

Sjå òg rentemøta til hovudstyret

Medlemmene i hovudstyret

Hovudstyret
Frå venstre: Jarle Bergo, Brit K. Rugland, Liselott Kilaas, Øystein Thøgersen, Vivi Lassen, Asbjørn Rødseth og Svein Gjedrem (Foto: Sturlason)

I tillegg har dei tilsette to medlemmer som supplerer hovudstyret ved behandling av administrative saker.

Bilete av hovudstyret med funksjonærrepresentantar

Sentralbanksjef Svein Gjedrem, leiar (oppattnemnd 01.01.2005 - 31.12.2010)
Visesentralbanksjef Jarle Bergo, nestleiar (oppattnemnd 12.04.2002 - 11.04.2008)

Avdelingsdirektør Vivi Lassen (oppattnemnd 01.01.2006 - 31.12.2009)
Vararepresentant: Bedriftsrådgivar Kari Broberg (oppattnemnd 01.01.2006 - 31.12.2009)

Daglig leder Brit K. Rugland (oppattnemnd 01.01.2006 - 31.12.2009)
Vararepresentant: Cand. polit. Berit Tennbakk (oppnemnd 01.12.2006 - 31.12.2007)

Professor Øystein Thøgersen (oppattnemndt 01.01.2006 - 31.12.2009)
Vararepresentant: Førsteamanuensis Ingunn Myrtveit (oppattnemnd 01.01.2006 - 31.12.2009)

Administrerande direktør Liselott Kilaas (oppnemnd 01.01.2004 - 31.12.2007)
Vararepresentant: Førsteamanuensis Aage Thor Falkanger (oppnemnd 01.12.2006 - 31.12.2007)

Professor Asbjørn Rødseth (oppnemnd 01.01.2004 - 31.12.2007)
Vararepresentant: Direktør Eirik Wærness (oppnemnd 01.12.2006 - 31.12.2007)

Funksjonærrepresentantar:

Faste representantar:
Jan Erik Martinsen (oppnemnd 01.01.2004 -)
Torgrim Roll (oppnemnd 01.01.2007 - ) Gunnvald Grønvik fung.

Vararepresentantar:
Hege Anderson
Gunnvald Grønvik



Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 25.04.2007