Rentemøta til hovudstyret

[BOKMÅL]

Å utøve pengepolitikken er ei sentral oppgåve for hovudstyret. Vedtak om renteendringar eller andre viktige omleggingar i verkemiddelbruken blir normalt gjorde i rentemøta til hovudstyret, som er kvar sjette veke. Kalenderen for rentemøta er offentleg.

Renteavgjerder blir offentleggjorde klokka 14.00 same dagen som rentemøtet blir halde. Ei pressemelding gjer greie for bakgrunnen for renteavgjerda Sentralbanksjefen eller visesentralbanksjefen informerer om renteavgjerda på ein pressekonferanse klokka 14.45. Lyd og bilete frå pressekonferansen er tilgjengeleg på Internett.

Analysane i Noregs Banks Pengepolitisk rapport, og den pengepolitiske strategien som er referert same stad, er saman med den løpande vurderinga av pris- og kostnadsutsiktene og forholda i penge- og valutamarknadene eit grunnlag for avgjerder om styringsrenta. Hovudstyret blir presentert for og drøftar hovudlinjene i analysen i rapporten i eit møte om lag to veker før han blir publisert. På bakgrunn av analysane og diskusjonen vurderer hovudstyret konsekvensane for den framtidige renteutviklinga. Vedtak om ein pengepolitisk strategi blir gjord samme dag som rapporten blir offentleggjort. Strategien gjeld for perioden fram til neste rapport og er attgjeven i kapittel 1 i Pengepolitisk rapport.


Hovudstyrets strategi

Meir om hovudstyret


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 25.04.2007