Rundskriv nr. 3 / 31. mai 2007

Justeringar i vilkåra som gjeld når bankane set inn og tek ut kontantar i Noregs Bank: Pakking av myntar og ikkje resirkulerbare setlar, ekspedisjonsavgifter

Til
Bankar, bankforeiningane

[BOKMÅL]

Pakkemåtar
Med verknad frå 1. juli 2007 blir det gjort endringar i vilkåra som gjeld når bankane set inn og tek ut kontantar i Noregs Bank, pkt. 1.4.2 og 3.2. Justeringane inneber ingen pålagde endringar, men medfører at bankane får eit tilleggsval i pakkemåten for myntar og ikkje resirkulerbare (slitne) setlar:

Bankane kan velje å setje saman éin myntpakke (fem flak à seks rullar) ved hjelp av gjennomsiktig plast (krympe-/vakuumplast) i tillegg til dagens ordning med strappeband. Plastpakkinga må utførast på ein slik måte at pakkane kan stablast stabilt i høgda eller på pall. Fem pakkar utgjer som før éi standardeining.

Vidare kan bankane velje å leggje 10 pakkar à 500 slitne setlar i éin forseglingspose. Dette alternativet kjem i tillegg til dei som ligg føre i vilkåra i dag. Forseglingsposen skal vere gjennomsiktig og merkjast som før (med «X» eller «IR»; innleverande bank og/eller kven som har pakka eininga, skal òg gå fram).

Ekspedisjonsavgift
Med verknad frå 1. juli 2007 blir ekspedisjonsavgifta for innskot og uttak ved sentralbankdepota i Noregs Bank justert. Ekspedisjonsavgifta er fastsett slik at ho skal dekkje kostnadene for Noregs Bank med det arbeidet depotforvaltaren utfører i samband med innskot og uttak av «gode» setlar og myntar.
 
Avgifta blei sist justert 1. mai 2005. Seinare er det gjort omfattande endringar i depotstrukturen, og kostnadskalkylane for depotforvaltninga er justerte tilsvarande. Ekspedisjonsavgiftene må justerast i tråd med desse endringane.

Ekspedisjonsavgifta blir frå 1. juli i år:

Ekspedisjonsavgift/gebyr Utrekningsgrunnlag Pris (1)
Avgift per ekspedisjon

Innlevering
Setlar, per ekspedisjon
Mynt, per ekspedisjon

Utlevering
Setlar, per ekspedisjon
Mynt, per ekspedisjon


Kr 150,–
Kr 150,–


Kr 150,–
Kr 150,–

Avgift, volumavhengig del

Innlevering
Setlar, per pakke à 500 setlar
Mynt, per standardeining (150 rullar)

Utlevering
Setlar, per pakke à 500 setlar
Mynt, per standardeining (150 rullar (2))


Kr 10,–
Kr 50,–


Kr 10,–
Kr 50,–

Gebyr (3) , feilsortering, feil i innlevering 

Innlevering
Innleveringar der vilkåra/retningslinjene for pakking og sortering ikkje er følgde

Falsk setel


Kr 0,–

Kr 0,–

 

Fullstendige vilkår som gjeld når bankane set inn og tek ut kontantar i Noregs Bank, er å finne på Internett-sidene våre.
 
Endringane som er nemnde i dette rundskrivet, blir tekne inn i vilkåra og lagde ut på Internett-sidene fredag 29. juni 2007.

Fotnotar:
1) Prisane gjeld ikkje avgiftsfrie bytetransaksjonar, jf. pkt. 5.3 i vilkåra.
2) I ein overgangsperiode gjeld prisane òg for utlevering av femkroner / 100 rullar og femtiørar / 200 rullar, jf. pkt. 3.2 i vilkåra.
3) Eventuelle gebyr blir innførte seinare.


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 23.08.2007