Finansinstitusjonar - meir om Noregs Bank sine oppgåver

[BOKMÅL]

Den halvårlege rapporten frå Noregs Bank, Finansiell stabilitet, gir ein brei gjennomgang av sentrale risikoelement i bankane, særleg kredittrisiko, marknadsrisiko, oppgjersrisiko og likviditetsrisiko. Også situasjonen i forsikringsselskapa og verdipapirføretaka blir heile tida vurderte. Mange finansinstitusjonar inngår saman i blanda finanskonsern. Noregs Bank følgjer derfor utviklinga både i dei enkelte finansføretaka og i finanskonserna.

Noregs Bank uttaler seg om regelverk som kan verke inn på stabiliteten i det finansielle systemet, medrekna finansinstitusjonane. Kredittilsynet fører tilsyn med finansinstitusjonane (soliditet, risikomedvit, styring og kontroll) og forvaltar ei lang rekkje forskrifter. Noregs Bank har ein observatør i styret i Kredittilsynet.

Noregs Bank kan yte nødkreditt ("lender of last resort") dersom stabiliteten i det finansielle systemet er truga.


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 23.10.2007