Långivar i siste instans

[BOKMÅL]

Ein sentralbank kan skape likviditet, eller "trykkje pengar". Han vil dermed kunne spele ei nøkkelrolle ved finansielle kriser og må ha ein beredskap i tilfelle slike situasjonar skulle oppstå.

Høvet til å yte likviditetstilførsel gjer at sentralbanken kan medverke til å hindre problem i å spreie seg og dermed til å hindre ei større krise. Men høvet til å få likviditetsstøtte kan også påverke åtferda i bankane. Dersom bankane trur dei alltid vil kunne få låne i sentralbanken, vil dei kunne ta større risiko enn dei elles ville gjort. Noregs Bank legg til grunn at ekstraordinær tilførsel av likviditet berre bør brukast i situasjonar der den finansielle stabiliteten kan vere truga utan slik støtte.

Eit anna viktig prinsipp for likviditetstilførselen er at Noregs Bank ikkje skal yte soliditetsstøtte. Dette blei slege fast i etterkant av bankkrisa. Långivinga frå Noregs Bank i slike situasjonar bør derfor ytast mot fullt pant eller garantiar.

Noregs Bank vedtok nye retningslinjer for ekstraordinær likviditetstilførsel i mars 2004. Sjå "Norges Banks rolle ved likviditetskriser i finansiell sektor" i Finansiell Stabilitet 2/2004.

Ei oversikt over korleis synet på LLR-rolla har endra seg over tid, finst i: "Norges Banks rolle ved likviditetskriser i finansiell sektor" av Karsten Gerdrup i Penger og Kreditt nr 4, 2004.

Bankar og andre finansinstitusjonar etablerer seg i stigande grad utanfor heimlandet sitt. Dette inneber ei spreiing av risikoen, men det inneber samtidig ei utfordring for dei styresmaktene som skal handtere krisa. I Norden har sentralbankane inngått ein avtale om korleis ei krise i ein bank som er etablert i fleire enn eitt av landa, skal handterast.


Det finst også liknande avtalar innan EU. Ei oversikt over utfordringar for styresmaktene ved grensekryssande bankar er gitt i:


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 23.10.2007