Internasjonalt arbeid

[BOKMÅL]

Rammevilkåra for finansiell sektor

Nasjonale finansmarknader blir stadig meir integrerte med kvarandre. Dette medverkar til meir effektiv utnytting av kapitalen og verkar til sterkare økonomisk vekst. Samtidig aukar den gjensidige påverknaden mellom landa. Internasjonaliseringa gjer det viktig å sikre like konkurransevilkår, vurdere risikoen for spreiing av uro, kome med tiltak som kan redusere risiko og kor utsette land er, og ha beredskap for kriser i grensekryssande finansinstitusjonar. Fleire internasjonale organisasjonar der Noreg er med, arbeider med dette.

  • EUs indre marknad for finansielle tenester inneber felles EU-lovgiving på dette området. I EU er det Kommisjonen som tek initiativ til å vidareutvikle dette regelverket, og DG Market er ansvarleg for arbeidet med finansielle tenester. Gjennom EØS-avtalen er Noreg ein del av den indre marknaden for finansielle tenester. Les meir om EØS-avtalen.
  • Det internasjonale valutafondet (IMF) og Verdsbanken vurderer risikoen i det globale finansielle systemet og i dei nasjonale systema og gjer framlegg om risikoreduserande tiltak.
  • Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) har til oppgåve å fremje samarbeidet mellom sentralbankar. BIS er også sekretariat for ulike komitear som skal verke til eit meir robust internasjonalt finansielt system. Baselkomiteen skal for eksempel fremje samarbeid mellom land om regulering av og tilsyn med bankar.  
  • Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) er eit samarbeidsforum for utvikla industriland. Innan finansiell sektor har OECD som mål å fremje liberalisering og utvikle beste praksis internasjonalt for ulike sider ved utviklinga i finansiell sektor.

Forkortingar og lenker


Norges Bank, Bankplassen 2, PB 1179 Sentrum, 0107 Oslo, tlf (+47) 22 31 60 00
Sist oppdatert 25.10.2007