Samviten header image 1

Samviten er studentavisen ved det samfunnsvitenskaplige fakultetet i Bergen.

I humanismen si teneste

August 31st, 2005 · No Comments

Religion er på agendaen som aldri før. Det har Bergen religionskritiske studentforeining teke konsekvensen av.

- Me ynskjer å bekjempa religionen sin påverknad i det offentlege rom, seier leiar Andreas Hjort Røen (t.h).

I skogen av ymse studentforeiningar er Bergen religionskritiske studentforeining (BRS) eit av dei nyaste skota på stamma. I fjor haust vart foreininga danna, og i april hadde dei sitt første arrangement.

– Religionskritikk kan vera så mangt, kva føremål er det BRS har?
– Me ynskjer å bekjempa religionen sin påverknad i det offentlege rom, seier leiar Andreas Hjorth Røen.
Med seg i styret i den nystarta foreininga har han mellom anna Lars Jordanger. Dei fortel at BRS først og fremst rettar seg inn mot kristendommen, og dette er tufta på at eit mindretal av Noregs befolkning kallar seg kristne, samstundes som det er ein grunnlovsfesta formålsparagraf i Noreg som favoriserer og underbyggjer den kristne statsreligionen.
– Det er ikkje problematisk for oss at folk har ei tru, det som er problemet er at me meiner dette ikkje har noko i politikken eller offentlegheita å gjera, seier dei to.
Eit anna aspekt BRS prøver å setta søkelys på er den ofte ukritiske medlemsmassen i religiøse meinigheitar og sekter.
– Dersom du hadde blitt fødd inn i eit politisk parti, med partiboka i orden allereie frå du var barn, hadde du då halde fram som medlem når du vart eldre og ikkje lenger støtta politikken til dette partiet? Eg trur ikkje det, seier leiar Røen. Han held fram med at det ikkje alltid er like lett å melda seg ut av eit religiøst miljø, der ofte ekskludering frå fellesskapet og sosial isolasjon er konsekvensane for den som melder seg ut.

Den brune Luther
BRS sitt første offentlege arrangement fann stad på Kvarteret i april, der Ronnie Johanson, forfattar av boka Luthers lille Brune, haldt føredrag. Johanson er opptatt av Martin Luther si mørke side som mellom anna omfattar jødehat, støtte av hekse-prosessar og karakterisering av fornufta og kjønnsdrifta som «ei grov synd».

– Er Martin Luther sine personlege meiningar og oppfattingar
relevant religions-kritikk i dag?
– Det kan du gjerne spør om, men det som er på det reine er at Luther ofte blir sett på som ein snill mann, medan han eigentleg var ein jævel og slett ingen fredsmann, seier Røen.
– Det er også problematisk at den statlege utdanningsinstitusjonen Menighetsfakultetet ikkje formidlar desse sidene av Luther, held Jordanger fram.

– Men er det verkeleg slik at dagens kristne ikkje er einige i at desse sidene ved Luther er kritikkverdige?
– For kristne med ei humanistisk instilling er nok ikkje dette noko problem å innsjå, men det kan vera eit spark mot leggen mot dei meir bokstavtru tilhengjarane, held Jordanger fram.
– Luthers lille brune og ein del av den andre argumenta-sjonen dykkar er ofte basert på lausrivne sitat, må ikkje slike sitat lesast inn i samanhengen dei står i?
– Jo, sjølvsagt må dei det. Me seier ikkje at desse sitata naudsynt er heile sanninga. Men sitat vert ofte haldne fram i positiv lei av tilhengjarar av kristendommen, så dette er meir meint som eit motstykke til dette. Me ynskjer å setta lys på at Luther og Jesus sa ein del ting som ikkje like godt harmonerer med den fredselskande religionen kristendommen utgjer seg for å vera.

– På ein plakat har de skrive eit Jesus-sitat som fylgjer: «Jeg er ikke kommet for å bringe fred, men sverd» og spør vidare om dette er eit uttrykk for kjærleik, og dersom du ikkje syns det er du velkommen i BRS. Blir ikkje dette litt søkt, då dei fleste vel må vera einige i at Jesus sitt hovudbodskap ikkje var sverd og krig?
– Ja, men igjen, dette berre viser motsetnadane. Har han sagt begge delar må han også stå for begge delar.


Auka kunnskapsnivå

Jordanger og Røen seier at BRS er eit fora meint for å auka kunnskaps-nivået om religionar, og dette betyr at også religiøse personar er velkomne i foreininga.
– Hos oss er alle velkomne til å setta kritisk søkelys på religion, dette er uavhengig om ein sjølv er ateist eller religiøs. Dette er ikkje ei foreining for å avkristna andre, men ei foreining som skal reisa religiøse problemstillingar som til dømes kor stor påverknad religion bør ha på utformingar av dagens politikk, kva rolle religion har i krig og liknande.
Framover har BRS planar på skissebordet om å setta fokus på ulike tolkingar av Bibelen, studie-sirklar og ikkje minst skal dei delta med bidrag på Det andre europeiske utdanningsforumet, som vert halde i Bergen samstundes som ministermøtet i Bologna-prosessen i mai.

Tekst: Eirik Aasheim Foto: Signe Lill Steinskog

BERGEN RELIGIONSKRISTISKE STUDENT-FOREINING (BRS)

- STIFTA 29.11.04.
- MÅLSETJING OM Å TILBY EIT VARIERT TVERRFAGLEG UTVAL AV RELIGIONSKRITISKE ARRANGEMENT.
- FORMÅLSPARAGRAF OM Å AVVIKLA STATS-KYRKJEORDNINGA I NOREG.
- HAR FOR TIDA CA. 20-25 MEDLEMMER.
- MEIR INFORMASJON PÅ HTTP://BRS.UIB.NO

Tags: Kronikk