Samviten header image 1

Samviten er studentavisen ved det samfunnsvitenskaplige fakultetet i Bergen.

Trekkspillgalla

November 24th, 2005 · No Comments

Konferansieren las opp eit telegram frå den legendariske trekkspelutøvaren Roland Zedermark til tjueårs jubilanten som Trekkspelgallaen i Grieghallen er. Dette lova bra; berre namnet Zedermark er nok til å gjera ein spinnvill.


Tjuefemårs jubilanten Fana Trekkspelklubb drog kalaset i gang. Den kjekke rytmen i deira potpourri gav meg lyst til å førtidspensjonera meg før eg er tredve. Ja, ein fekk lyst til å dansa med sin «verta gamal med» livsledsager i stova. Samviten hadde for øvrig fått tildelt kveldens beste bord, for som tilsynelatande einaste presse vart me gjort stas på.

Vossakorven Senore Mandelli
John Mandelid var den som starta det heile då han i 1979 fekk ein forvirra augneblink etter nettverksbyggjing på Titano-festivalen. Han meinte at sidan Grieghallen kunne romma volleyball, så kunne den romma trekkspel. Han arrangerte gallaer i nitten år, tok ein seks års pause på fylkestinget, men no er det altså på an igjen. Han fekk ein gallamarsj tilegna seg for sin innsats for «trekkspelet si sak», og dirigerte den sjølv. Den var litt monoton, og hans geberder var fjernt frå det du ser hjå langhåra dirigentar på klassisk konsert. Konferansieren kommenterte dette fenomenet på fylgjande vis; medan noko dirigering var bananforma, var denne så langt han kunne sjå «hardt opp og ned». Han fekk svar på tiltale med utsagnet «vossakorv».

Kven Senore Mandelli er? Jo det fekk me forklart av ei elegant dame som delvis var kledt i pels: John Mandelid, som sjølv speler trekkspel. Dama takka han med fleire for trekkspelturen til Italia, der han vart tiltala som Senore Mandelli. Neste tur er 21. mai om du har litt passione for trekkspel, eller sexspel som ein utøvar kalla det.

Det var jenta si det
Neste utøvar ut denne kvelden var Marthe Takle Sanden med verk av Brukhano, Padilla og Frosini. Ho er berre seksten år, men verkar allereie proff fordi ho gav seg god tid til musikken. Melodiane var veldig fine og varierte. Ein merka antydning til innleving i fjeset, men stort sett såg ho berre ned på knappane – ikkje lett å sleppa seg laus når ein er så ung. Men eg vart nesten forelska. Herregud, om ein berre kunne leva i musikken! Kvifor vart ikkje eg født inn i ein trekkspelfamilie? Eg sat som transformert av denne musikken. Trekkspel som kunst. Verda var god. Ein eldre mann med frakk og gamalmannshue som gjekk rundt i lokalet, hadde plutseleg appell.

Ein Knut Schreiner på bandoneon
Inn på scenen tredde ein ung herremann i gråblå fløyelsdress. Det hadde vore plenti for meg, men han kunne spela instrument óg, svensken Mikael Augustsson. Han fortalde at Piazzola, som han mellom anna skulle spela, er moderne tango og at i tango improviserer ein eigentleg ikkje. Men det skulle han og hans makker på piano, Petter Bergander. Og takk for det. Augustsson fekk fram både det stemningsfulle suget i tangoen og det delikate ved instrumentet, og framstod som ein utøvar av både tanke og kjensle. Som Schreiner var han eitt med instrumentet og svært musikalsk. Det verka kan hende ikkje som om han likte seg på scenen i denne samanhengen, men eg fekk inntrykk av at dei to kosa seg iallfall i samspelet når dei improviserte. Kosa seg gjorde visst ikkje alle i publikum, mange forlot nemleg salen, sannsynlegvis kom dei ikkje for å høyra kunst. Dette innslaget var det mest originale og kunstneriske hittil denne kvelden. Arrangør skal ha kredit for å ha sett i hop eit variert program.

Un deux trois: Sous le Ciel de Paris
Franske Edouard Sowa entra podiet. På sitt heilfranske Maugein trekkspel gav han oss mellom anna «Sous le Ciel de Paris». På intervjuet før om dagen fortalde han at det er ein kjærleikssong, ein kjenslemessig song der Paris vert samanlikna med ei kvinne. Andre ingredienser er blå himmel og forelskelse. I avisannonsa for gallaen vart Sowa introdusert som munnspelvirtuos.
– Kva legg du i omgrepet ´virtuos´?
– Det er iallfall ikkje ein som spelar fort. Det går på tolking. Der er skilnad frå kvar enkelt utøvar. Kunst er å uttrykkja kjensler. Viktigast i musikk er å tolka og å kjenna sitt instrument. Til og med enkel musikk kan verta bra. Du kan jo ha improvi-sasjon nett som i maleri. Men før du kan spela bra, må du forstå musikk. You must love it. Angåande repertoar så har eg masse, men mest klassisk. Eg komponerer sjølv også. Ein kan spela alt som er med notar, det vere seg jazz, blues eller pop, men nokre komponistar skreiv eller skriv jo stundom for eit spesifikt instrument. Chopin skreiv aldri for trekkspel, dessutan kan nokre instrument passa betre for ein viss type musikk.

Disco
Den gamle mannen Erling Peters sitt trekkspel var så blankt at det gav discokuleeffekt i Grieghallen. Han har visst vore med på alle 20 tilstelningane, men sa han var like vettskremt kvar gong. For meg såg han komfortabel og rutinert ut, og eg synest at det han presenterte var originalt sett i hop. Etter litt fekk han speleselskap av Håvard Svendsrud, mellom anna spela dei «Tesoro Mio» svært romantisk.
Det som var fint med desse to, var at dei såg på sitt publikum. Peters fekk gratis Italiatur!

Rachmaninov
Så vart Svendsrud åleine att på scenen. På nettet står det at han pleier å trekkja «stinn brakke». Eg var forventningsfull. For ei traktering av instrumentet! Det var noko inderleg over hans opptreden, han var med med kroppen og verka glad i instrumentet. Italiensk polka av Rachmaninov var noko av det me fekk høyra, framført med flott rytmesans. Ikkje rart at han er yrkesutøvar. Han har då også fem års utdanning frå Barratt Due. For meg kunne han ha helde på heile kvelden. Det skada heller ikkje at han tedde seg flott og bukka for publikum.
Eg fekk ein prat med han før på dagen.
– Har du nokre skrekkhistorier om transport?
– Eg skulle spela konsertar i USA, men i forbinding med flyging vart begge trekkspela vekk, og dei kom ikkje tilrette før fem veker etterpå. Dette var overalt i media, men når eg vann ein internasjonal konkurranse vart ingenting nemna.
Sjølv nemnde han ikkje overfor Samviten at han er Norgesmester. Angåande media så ligg det vel så og seie i media sin natur å vera skeivt. Trekkspelgallaen fekk til dømes inga dekning i lokal-avisene. Og Sofia Gubaidulina, Geir Draugsvoll og Frode Haltli til dømes – seier det deg noko? Dei er ikkje ofte i media, men det står ikkje i forhold til deira substans. Draugsvoll sitt akkordeonspel til stumfilmen Nosferatu opna augene mine for mogleikane som låg i instrumentet. Elles har han spela inn musikk mellom anna av Gubaidulina og Arne Nordheim. Haltli har spela inn mellom anna Maja Ratkje, vart i 2001 kåra til årets norske soloartist, og Adresseavisa skreiv at «Få evner å blåse den fordomsfulle eimen av heimbrent
så ettertrykkelig vekk fra trekkspillet.»
– Kva kan du seia om desse tre kunstnarane?
– Gubaidulina er vel ein av dei mest toneangivande komponistane i verda no, Draugsvoll er imponerande, og ein konsert Haltli skulle ha på Parkteateret i Oslo kom eg ikkje inn på fordi det var så smekkfullt.

Edru av Smådrikkarlag
Kvelden gjekk vidare mellom anna med Bergen og omegn Smådrikkarlag. Det er kanskje beteiknande at desse jentene byrja samspelet etter eit Titanobesøk. Det dei gav til beste var typisk dansemusikk etter mine øyrer, og hadde det vore tilrettelagt for det, hadde sikkert publikum svinga seg. Eg tykte det vart kjedeleg og monotont, men skal seia det vart beveging på scenen etter ein del stilleståande utøvarar; kurvene kom godt fram for å seia det sånn.
Kubansk akvarell og Spansk mosaikk
Jøss! Så bra at det finst sånne som norgesmester Kjell Harald Langhaug som kan visa oss kor mykje trekkspelet og trekkspelmusikken kan romma. Som han sjølv sa: Det finst kun ei begrensning ved trekkspelet - den som speler på det. Den synkoperte rumbaen var lekker. I det heile tatt var dette musikalsk sett veldig spesielt. Hans virtuo-sitet fekk «Min hatt den har tre kanter» til å framstå som ny. Ståande applaus var vel fortjent. Eg fekk tilfeldigvis eit intervju same dag.
– Kor utbredt er trekkspelet?
– Det har vore utbredt i mange generasjonar og det finst mange tusen i Norge. Ein ti-femten stykker driv med import. Eg driv med import, salg og reparasjon. Når det gjeld fordomar, så er det betre med mobbing enn likegyldigheit. Eg speler forøvrig også jazz på trekkspel.

Svinga som f.
If you aint got that swing…Siste gruppe ut var velvalgt som avslutning; Arvid Nordheim kvartett, som i tillegg til trekkspel bestod av vibrafon, bass og slagverk. Dei viste at norsk jazz er på topp utøvarmessig. Dei spela veldig tett, og med vibrafon
vart det eit lekkert lydbilete. Med hensyn til driv så var det kanskje høgdepuntet på kvelden. Skulle ha tatt dei med heim og hatt dei som husorkester…Det einaste som trekte ned ved dei, var at bassisten ikkje hadde kledd seg opp, men stilte som om det var ei øving. Det var respektlaust overfor publikum, og lite delikat å sjå på.
Eg fekk ein prat på dagtid med to av dei.
– Nordheim, kva får me høyra i kveld?
– Me skal spela standardlåtar som «Autumn leaves» og «Lullaby Birdland».
– På ei av framsidene til «Trekkspillnytt» står det «Trekkspill mot stress og mas». Kommentar?
– Musikk gir nedstressing. Konsertar er givande og sosialt. Du får visa kva du har øvd på, og alle artistar liker å vera på scenen. Om du har hjerte til ein musikkstil, så er det ikkje nøye om det er trekkspel eller eit anna instrument. Eg er ikkje i noko trekkspelmiljø.
– Genius, du starta her frå Bergen det fyrste riksdekkande jazzprogrammet på NRK radio. Kva tyding fekk det?
– Det førte til at Bergen Jazzforum vart oppretta, og det er dei som ivaretar Nattjazzen no. Når det gjeld meg, så har eg ein spelestil og eksperimenterer ikkje lenger. Eg speler ikkje trekkspel, men har eit avslappa forhold til instrument. Det det kjem an på er utøvaren, for på trekkspel kan ein spela alt mogeleg. Fordomar er berre TULL. Skriv forresten at der er for lite levande musikk for vaksne i byen!

Tekst: Lilly Vinje Foto: Péter Láng

Tags: Kronikk