Samviten header image 1

Samviten er studentavisen ved det samfunnsvitenskaplige fakultetet i Bergen.

Pierre Bourdieu - Ein samfunnsengasjert samfunnsvitar

April 21st, 2006 · No Comments

Forutan å kanskje vere ein av førre hundreårs mest innflytelsesrike samfunnsvitarar, hadde og Pierre Bourdieu eit usedvanleg stort samfunnsengasjement.


Johs. Hjellbrekke, førsteamanuensis ved Sosiologisk institutt, er ein av Noregs største Bourdieu-kjennarar, og dessutan ein svært opptatt mann, i alle fall i dag. Han fortel at rotet på kontoret skuldast ein svært travel formiddag med møter og sensurvedtak. Etter at han har rydda plass til oss i sofaen, og skjenkt kaffi i Liverpool-koppen, spør me om han kan greie ut om Pierre Bourdieus sosiale engasjement.
- Når det gjeld Bourdieus politiske engasjement har det gått gjennom fleire epokar. Før han blei ein viktig skikkelse i fransk akademia underteikna han eit opprop mot krigen i Algerie på 50-tallet. Elles var han saman med studiekompisen Jacques Derrida, i opposisjon til dei stalinistisk-inspirererte kommunistane som hadde stor innflytelse i studentmiljøa på denne tida. Seinare heldt han ein lågare profil på 60- og 70-tallet, med unntak av vitskapelege skrifter om sosial reproduksjon, som og kan lesast politisk.

Bestsellar i Frankrike
Hjellbrekke viser eit stort engasjement for Bourdieu, og viser oss ei rekke aviser frå dagane etter Bourdieus dødsfall i 2002. Her kjem det fram at Bourdieu både var elska og til dels hata blant akademikarar og journalistar, men fyrst og fremst ser me at han var ein svært viktig intellektuell. Le Monde stansa trykkinga på dødsdagen for å få med nyhenda på fyrstesida dagen etter. Same avis trykte like etter eit eige vedlegg dedisert til kjendisprofessoren.
- På 70- og 80-tallet blei han gjennom sin posisjon som professor ein av dei viktigaste intellektuelle i Frankrike, men det politiske engasjementet er avgrensa til enkelte innlegg. Det er fyrst utover på 90-tallet at Bourdieu artikulerte sitt politiske engasjement meir eksplisitt. Det er to innlegg som kanskje særleg markerte denne overgangen. For det fyrste appellen under jernbanestreiken i desember 1995, og for det andre kritikken hans mot dei franske journalistane. Dei siste vart ikkje akkurat begeistra.
- Hadde han i så måte nokon viktige publikasjonar som dreidde mot ein meir politisk engasjert verksemd?
- I 1993 gir Bourdieu ut ei bok som går ut over det å berre vere ein sosiologisk studie. La Misére du Monde (”Verdens elende” på norsk) er ein studie av klasseforskjellar der forstadane til Paris er etnografisk skildra, samtidig er det eit tydeleg politisk innlegg.
Hjellbrekke ser seg om i dei overfylte bokhyllene på kontoret og finn, etter eit lite augneblink, den franske utgåva av boka.
- Denne blei ein bestsellar. Noko som i seg sjølv er ganske utruleg.
- Ja, det er vel berre i Frankrike noko sånt kan skje.
- Det kan i alle fall skje med nokre bøker i Frankrike. Men det er og ei ganske uvanleg akademisk bok. At ein profilert professor ved College du France valte å skrive om rasisme og generell elende i forstadane til Paris var ikkje akkurat det vanlege. Bourdieu sine etnografisk inspirerte skildringar handlar blant anna om korleis delar av ein generasjon franskmenn ser ut til å falle gjennom. Områda som blir skildra er dei same områda som det var opprør i no før jul.

Populær – men ingen folketalar
Hjellbrekke kan fortelje oss at Bourdieu opparbeida seg eit godt knippe med fiendar, til og med blant gamle vener, då han i siste halvdel av 90-tallet for alvor byrja å engasjere seg politisk.
- Få dagar etter hans død i 2002, uttalte ein tidlegare kollega, Luc Boltanski, at Bourdieu dei siste 10-15 åra av sitt liv var leiar for ein kult, og at ”det ikkje var sosiologi – men agitasjonspropaganda” han dreiv med. Men Boltanski meinte og at Bourdieu var ein stor sosiologisk tenkar på 60- og 70-tallet.
- Har dykk forresten sett den dokumentaren av Bourdieu? Spør Hjellbrekke.
Me ristar på hovudet og må innrømme at det har me ikkje.
- Den filmen seier litt om den statusen Bourdieu hadde. Filmen skildrar Bourdieu i ulike arbeidssituasjonar som seminar, forelesingar, på kontoret, på folkemøter, på restaurant og så vidare. Og dette blei ein publikumssuksess i Frankrike. Men sjølv om han hadde ein unik status i Frankrike, også blant ikkje-akademikarar, prøvde aldri Bourdieu å overforenkle ting. Det var ingen lettvinte analysar. I dokumentarfilmen seier han blant anna ”om de nektar å ta til dykk kunnskap er de idiotar”. Bourdieu var ingen folketalar, for å seie det sånn.

Inspirasjonskjelde til Attac
- Kva forhold hadde Bourdieu til Attac og den såkalla ”antiglobaliseringsrørsla”?
- Han var ein av inspirasjonskjeldene til Attac, og deler av omgongskretsen hans var svært aktive innanfor organisasjonen. Bourdieu var definitivt positivt innstilt til Attac, men i kva omfang han var direkte aktiv innanfor rørsla er eg ikkje sikker på. Det kan me forresten sjekka ut med det same.
Hjellbrekke snur seg rundt og klikkar seg inn på internett. Så vidt me kan sjå finn han straks fram til ei side som omhandlar Bourdieu og Attac. I følgje nettsida var Bourdieu ein av grunnleggarane av Attac, noko som Hjellbrekke ikkje heilt tek som god fisk, og finn i staden fram ei ny side og les høgt ”helped to create”.
- At han var med på å hjelpe til i grunnlegginga av Attac – det er i alle fall heilt sikkert. Og mykje av Bourdieus sosiale engasjement på 90-tallet kan tilskrivast hans motstand mot den ukuelege trua på nyliberalismen som og Attac opponerar mot. Då kommunismen fall, framsto det brått som om det berre var eit alternativ, og dette hadde blitt eit premiss for tanken og den einaste sanninga. Bourdieu sette spørsmålsteikn ved denne sanninga, og var i opposisjon mot den, akkurat som han var i opposisjon mot stalinistane på 50-tallet.
- Kritikarar av Bourdieu meiner gjerne at teoriane hans er deterministiske, og at teoriane gir lite rom for at menneske kan komme vekk og opp frå den sosiale posisjonen dei er fødd inn i. Dette står jo litt i motsetning til Bourdieus sosiale engasjement. Meinte Bourdieu at ei bevisstgjering kunne forandre på maktforholda?
- Synleggjering av symbolsk makt og symbolsk vold gjer det mulig å kritisere og forandre. Men korleis ein leser Bourdieu blir jo aktuelt i denne samanhengen, blant anna om ein les Bourdieu som weberianar eller marxist. Eg les Bourdieu som ein venstre-weberianar. Etter mi meining handlar Bourdieus sosiologi primært om makt og maktrelasjonar – og Weber meiner at makt aldri kan avskaffast. Det vil alltid vere kapitalformer som speler inn på maktbalansen, om enn ikkje dei same til ei kvar tid og i eit kvart samfunn. Men det blir likevel mulig å kritisere og dermed også agere mot maktforholda gjennom synleggjering.
- Men kva er då Bourdieus mål med det sosiale engasjementet? Likskap?
- Med å synleggjere makta, kan ein og regulere den. Om ein ser på Bourdieus funn innanfor utdanningssosiologien og reproduksjonen der, kan man forandre politikken deretter. Ein kan kanskje sjå på det heile som eit venstreorientert demokratisk prosjekt, sjølv om Bourdieu ikkje akkurat kan kallast ein demokratiteoretikar.

Tekst: Olav D. Saue og Kathrine T. Gulden

Tags: Kronikk

0 responses so far ↓

  • There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.

Leave a Comment