Misnøya med tilgongen på lesesalsplassar veks blant SV-studentane, men berre halvparten av plassane er i bruk, meiner eigedomsavdelinga. Studentutvalet raslar med streikesablane.

Etter at Samfunnsvitskapelig fakultetsbibliotek stengte i vår har anntall lesesalsplassar i umiddelbar nærleik til det Samfunnsvitskaplege Fakultet minka betrakteleg. Eigedomsavdelinga, som har ansvaret for forvaltinga av universitetet sin eigedomsmasse og for å sikre at universitetets plassbehov vert møtt, meiner at ein ikkje har eit problem med tanke på lesesalar på det Samfunnsvitskapelege Fakultet. Totalt sett på universitetet har ein nok lesesalar og SV-studentane har moglegheit nytta lesesalane både på Historisk-Filosofisk Fakultet og “hangaren”, den store nærmast ufyllelege lesesalen på Mat.-Nat-fakultetet. Studentutvalet på si side er ikkje nøgde med desse alternativa og meiner studentane må setja hardt mot hardt for å nå fram. Samviten har snakka med leiar i studentutvalet, Ben Holan, og avdelingsdirektøren i eigedomsavdelinga, Martha Skauge.
Plassmangel eller ikkje?
Studentutvalet sin leiar, Ben holan viser til tal som vart offentleggjorte i Studvest i fjor. Det går fram at ein på Samfunnsvitskapeleg Fakultet har lesesalsplassar til ti prosent av studentane på lågare grad. – desse tala er frå før biblioteksbygget vart stengd, påpeiker Holan, som meiner at ein burde ha ei dekning på minst femten prosent.
Martha Skauge, som har vore i Universitetet i Bergen si eigedomsavdeling i ei årrekkje, er verken einig i behovet for lesesalar eller tala som ein operer med i Studentutvalet.
– På det Samfunnsvitskapelege Fakultet har vi i dag, til saman på master- og Bachelornivå plassar til kring tjuefem prosent av studentane, og det er nok.
Både Holan og Skauge påpeiker at det er uvisse kring tala. Tala Studentutvalet opererer med viser at ein på masternivå har ei dekning på kring tretti prosent, men likevel vil skilnaden på tala ein opererer med vere stor.
Vanskeleg å nå fram
Studentutvalet har teke opp lesesalsproblematikken med fakultetsleiinga ei rekkje gonger, men vert ikkje høyrd. - Allereie dei første par vekene av semesteret var det til tider fult på Ulrike Pihls hus. Det er noko betre no når folk er mykje oppteke med seminar og forelesingar, innrømmer Holan, men påpeiker at i eksamenstida kan situasjonen bli vanskeleg. - Vi treng ein bygning til, tilsvarande U-Pihl. Universitet sin policy dei siste åra har vore å bruke minst mogleg plass, hevdar Holan som legg til at han har dette frå universitetsleiinga.– Universitetet har mange bygningar, det burde vere mogleg å overføre eit bygg til Samfunnsvitskapeleg Fakultet, meiner Holan.
Vilje eller økonomi?
Martha Skauge kan forsikre om at universitetet ikkje har bygningar som ikkje vert brukte til det dei skal brukast til. – Vi leiger ut bygningar til samarbeidspartnarar, blant anna innan forsking, innrømmer Ho. Universitetets policy om å minske bruksarealet meiner ho har økonomiske årsaker.
Det inneber nok ein betydeleg sum å overføre eit bygg til samfunnsvitskapeleg Fakultet, innser Holan, men meiner det er først og fremst vilje det går på. – Universitetet eig mange bygningar i området, men dei sel dei jo, det må finnast eit bygg i området som SV kunne ha teke i bruk, seier han.
God nok dekning
Martha Skauge, har universitetet selt bygningar som kunne vore brukte til lesesalar?
Vi har selt bygningar som har vore brukte til lesesalar.
Skauge meiner at det er god nok dekning av lesesalsplassar på universitetet. Ein ser ikkje på lesesalane på Samfunnsvitskapeleg Fakultet isolert. – med jamne mellomrom har vi oppteljing på bruken av plassane, og i snitt ligg bruken på godt under femti prosent. også på det Samfunnsvitskapelege Fakultet er det stort sett alltid ledig, også i eksamensperioden, hevdar Skauge som legg til at om det skulle vere fult på SV, er det god plass på ”hangaren” på Mat.-Nat.
Hangaren ei dårleg løysing
Hangaren er ein stor lesesal på Mat.-Nat.- fakultet der ein sjeldan vil kome ut for at det er fult, men dette er ikkje ei løysing studentutvalet er nøgd med. Der er mykje støy og det blir fort vanskeleg å konsentrera seg, meiner Holan. Han legg til at hangaren er uakseptabel med tanke på å skape samhald på Samfunnsvitskapeleg Fakultet.
Martha Skauge er einig i at hangaren ikkje er ideell for dagens studentar. – Vi ville ikkje bygd ein slik lesesal i dag, seier ho og legg til at studentane sine arbeidsmønster har endra seg betrakteleg dei åra ho har arbeidd med dette. – Studentane jobbar meir i grupper enn dei gjorde før, ho trekkjer fram at dei nye læringssentra på det samfunnsvitskapelege fakultetsbibliotek vil når dei står ferdig vil passe dagens arbeidsmønster betre, og vil være veleigna til mellom anna gruppearbeid.
Ulrike Pihls hus opent for alle
Etter det Samviten kjenner til er det ikkje bare SV-studentar som nyttar fasilitetane på Ulrike Pihls hus. Martha Skauge understrekar at alle studentar i utgangspunktet har fri tilgang til alle fasilitetar. – Vi kjenner også til at studentar frå høgskulen brukar lesesalane på Ulrike Pihls hus, men vi kan ikkje ha noko kontrollorgan som held høgskulestudentane ute, seier ho og legg til at ein kan jo heller ikkje vite om studentar frå universitetet nyttar høgskulen sine fasilitetar.
Klager på opningstider
Studentutvalet har i fleire år motteke klager frå studentar som meiner at opningstidene på Ulrike Pihls hus ikkje er fleksible nok. – Å studere er ein fulltidsjobb, understrekar Ben Holan, som er einig med studentane og meiner studentane burde ha moglegheit til å studere når dei skulle ha lyst eller behov. – Fleire av studia ved universitetet har tilgong til lese- og datasalar heile døgnet, han trekkjer fram profesjonsstudiet i psykologi. Studentutvalet har teke dette opp i fakultetstyret fleire gonger, men kjem ingen veg. – Vil vi at det skal vere lavstatus å gå på samfunnsvitskapeleg fakultet? Ben Holan smiler oppgidd.
Martha Skauge bekreftar at opningstidene varierer frå fakultet til fakultet. – nokre fakultet har døgnope tilbod, men å ha døgnopne tilbod ved alle fakulteta vil føre til store kostnadar, ikkje minst til straum, påpeiker skauge. Ho legg til at når det har vore prøvd med døgnopne tilbod er det veldig få studenta som nyttar tilbodet. – eg har i møte med fakultetsdirektørane bedt om at dei ser på om dei kan kome fram til ei eins opningstid, seier ho.
Lite attraktivt å studere på SV-Fakultetet?
Holan meiner det er særlig viktig ved eit fakultet som SV, som har eit så fragmentert miljø med mange forskjellige studie, å skape eit innbydande miljø. Sidan veldig få studentar blir her heile studietida si blir det særleg viktig å skape eit godt miljø. - Eit slitt hus med altfor mykje folk og dårleg inneklima er ikkje særlig attraktivt, seier Han og viser til at ein på andre fakultet har tilstrekkeleg med plass på fakultetet. – Eg meiner vi må ha vårt. Fakultetet gjer ikkje nok for å skape eit godt inntrykk blant studentane. Holan meiner dette kan gå utover rekrutteringa til fakultetet. – Vi må skape eit godt samhald.
Ifølge studentutvalsleiaren er misnøya stor på fleire felt for augeblinken, og trekkjer fram mangelen på eit tilfredsstillande bibliotektilbod. – Det er særleg mastergradsstudentane som uttrykkjer misnøye rundt dette, seier han. Utbygginga skulle i utgangspunktet ta eitt semester, men vi veit no at det kan ta frå eitt år til halvanna. – Heilt utruleg, er kommentaren frå Ben Holan.
Lang prosess
Ben Holan påpeiker at det er ein må gjennom ein lang prosess for å nå fram med krava om fleire lesesalsplassar og utvida opningstider. – Eg trur at om vi får ei avgjere før jul bør vi vere nøgde, seier han. Først må saka takast opp i fakultetsstyret, deretter i universitetsstyret.
– Får vi nei der kjem vi til å gjere noko med det, lover Holan. – Vi skal utarbeide ei elektronisk spørjeundersøking for studentane på lågare grad ved det samfunnsvitskapelege fakultet, informerer han og legg til at ein må ta stilling til resultata av denne før ein eventuelt vil gjere noko meir. – Underskriftskampanje er aktuelt, meir drastiske aksjonar kan også kome på tale.
Raslar med streikesablane
– Kva for meir drastiske tiltak kan bli aktuelle?
– Vi kan streike ved å la vere å gå på forelesing. I verste fall kan vi la vere å gå opp til eksamen. Det ville jo fakultet tape mykje pengar på, seier Holan, men understrekar at han ikkje trur det vil gå så langt. Han legg til at verken fakultetsleiinga eller universitetsleiinga kunne sitte passiv og sett på ein studentstreik av større dimensjonar. - men ville studentane vore med på ein streik i regi av studentutvalet? Spør han.
– Kor mange leseplassar har du som mål å ha før jul?
Eg trur ikkje det er realistisk å få fleire plassar før jul, seier Holan. Han meiner at om det kjem ei avgjere før jul er han nøgd.– Det er nok meir sannsynleg at vi kan utnytte plassen på U-Pihl betre og kanskje avgrense tilgongen til dei som faktisk skal ha tilgong. Om vi greier å skaffe eit bygg eller ei anna løysing vil det nok ikkje vere på plass neste semester heller.
Tekst og foto: Kristian Blindheim

0 responses so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.
Leave a Comment