Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Teflonprodukt ikkje helsefarlege

23.03.06 Normal bruk av teflondekte kokekar og steikepanner medfører ikkje helsefare. Det syner helse- og miljørisikovurderingar som Nasjonalt folkehelseinstitutt og Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har utført på oppdrag frå SFT og Mattilsynet.

Folkehelseinstituttet dokumenterer, på bakgrunn av den informasjonen som er tilgjengeleg i dag, at eksponering for teflon og PFOA (som vert frigjort frå teflon ved oppvarming) er svært låg. Dei meiner at normal bruk av teflondekte kokekar og steikepanner ikkje medfører auka kreftrisiko. NIVA kokluderer også med at teflon ved normal bruk ikkje er eit miljøproblem. Analysar av teflonbelagte kokekar gjev ikke oppdagbare konsentrasjonar av PFOA.

Nedbrytning ved 317 grader Celsius

Det er likevel viktig å vere klar over at nedbrytning av teflon startar ved oppvarming til over 317 grader Celsius, og at det da vert danna ulike perfluorerte gassar. Ei slik oppvarming av teflonprodukt må reknast som unormal bruk, og vil berre medføre eit lokalt helseproblem innomhus.

Spørsmål kan rettast til:

  • Folkehelseinstituttet: Avdelingsdirektør Erik Søderlund
    telefon: 22 04 24 52, e-post: erik.soderlund@fhi.no     
  • NIVA: Forsker August Tobiesen
    telefon: 22 18 51 00. e-post: august.tobiesen@niva.no     
  • SFT: Seksjonssjef Berit Ellefsen Gjerstad, seksjon for produktrettet miljøvern
    telefon: 22 57 36 58, e-post: berit-e.gjerstad@sft.no        
  • SFT: Overingeniør Ingunn Myhre, seksjon for produktrettet miljøvern
    telefon: 22 57 34 51, e-post: ingunn.myhre@sft.no 
  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden