Til tekstversjon

Transparent gif
Søk
Til forsiden
Bakgrunnsstripe
Aktuelt Temasider a - å Publikasjoner Tilskudd Statistikk Lover & regler Om direktoratet

Transparent gif Om direktoratet:
Menypil
Transparent gif
Transparent gif
Menypil
Transparent gif
Menypil
Transparent gif Transparent gif
Transparent gif Transparent gif
Transparent gif Transparent gif
Transparent gif Transparent gif
Transparent gif Transparent gif
Transparent gif Transparent gif
Menypil
Transparent gif
Transparent gif
Transparent gif
Transparent gif

Årsmelding 2006

Innleiing

For dei aller fleste er Noreg eit godt land å bu i. Det store fleirtalet i den norske befolkninga har i dag gode levekår og god helse. Samtidig blir norsk helseteneste internasjonalt rangert blant dei beste helsetenestene i verda.

Bjørn-Inge Larsen, direktør i Sosial- og helsedirektoratet.

Likevel står styresmaktene overfor store utfordringar i åra som kjem. Vi kan bli betre innanfor folkehelse og levekår, i utviklinga av helse- og sosialtenestene, i samarbeidet med andre sektorar og i kontakten med publikum og brukarane.

I året som gjekk, har Sosial- og helsedirektoratet utarbeidd Strategisk plan 2007–2010. Den viser korleis direktoratet ønskjer å møte utfordringane i og overfor sosial- og helsesektoren i Noreg dei nærmaste åra. Dei overordna måla våre er å betre kvaliteten i sosial- og helsetenesta, redusere forskjellane i helse og levekår, fremme faktorar som gir god helse i befolkninga, og betre grunnlaget for sosial inkludering for alle.

Parallelt med utarbeidinga av Strategisk plan har Sosial- og helsedirektoratet frå 1.7.2006 gjennomført ei omorganisering. Direktoratet er no organisert rundt dei fem verksemdsområda våre: folkehelse, levekår, sosial tenester, primærhelsetenester og spesialisthelsetenester. I tillegg har vi prioritert desse arbeidsområda: psykisk helse, rus, helseøkonomi og finansiering. Vi har innført divisjonar, og dei store avdelingane har vorte mindre. Desse endringane meiner vi er med på å skape ein meir tilgjengeleg og tydelegare organisasjon, og dei gjer at det blir lagt betre til rette for å arbeide koordinert og strategisk, til beste for både medarbeidarar og samarbeidspartnarar.

Årsmeldinga for 2006 tek utgangspunkt i verksemdsområda våre, slik dei er definerte i Strategisk plan. Under kvart område vil du finne eksempel på hovudaktivitetar som skal hjelpe oss til å nå måla våre, og som samtidig illustrerer mangfaldet i det store ansvarsområdet til direktoratet.

God lesing.

Via venstremenyen finner du artiklene i årsmeldingene, eller du kan bruke lenkene under:

Folkehelse og levekår

Sosiale tenester

Primærhelsetenester

Spesialisthelsetenester

Psykisk helse og rus

Helseøkonomi og finansiering

Det er laget en enkel versjon av Årsmeldinga 2006 i en PDF-versjon . Den er enklere fordi det i PDF-versjonen ikke er lenket opp til relevante artikler på nett, slik som det er i nettartiklene.

[Publisert: 31.01.2007]      [Sist endret: 08.02.2007]


Skriv ut denne artikkelen Skriv ut denne artikkelen

Tips en venn Tips en venn
Se også



Transparent gif

The directorate for health and social affairs, Postbox 7000 St. Olavs plass / Universitetsgata 2, 0130 Oslo, Norway
Tel: + 47 810 20 050, Fax: + 47 24 16 30 01, webredaktor@shdir.no

Transparent gif

Sosial- og helsedirektoratet, PB 7000 St. Olavs plass/Universitetsgata 2, 0130 Oslo
Tel.: + 47 810 200 50, Faks: + 47 24 16 30 01 Org.nr. 983 544 622 webredaktor@shdir.no