Header dokumenter

Stortinget
Møte torsdag den 19. mars kl. 10 1998

Votering

       Etter at det var ringt til votering i fem minutt, sa

       Presidenten:


       Stortinget er klar til å starte voteringa.

       Sak nr. 1 er ferdigbehandla.




Votering i sak nr. 2

      

       Komiteen hadde tilrådd:

       St.meld.nr.15 (1997-1998) - om gjennomføring av råfiskloven m.v. i 1995 og 1996 - vedlegges protokollen.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.


Votering i sak nr. 3

      

       Komiteen hadde tilrådd:

       Dok.nr.8:37 (1997-1998) - forslag frå stortingsrepresentantane Oddvard Nilsen, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen om at Stortinget ber Regjeringa setje ned eit breitt sammansett offentleg landbrukspolitisk utval som skal utarbeide eit grunnlag for ei ny politisk handsaming av landbrukspolitikken i Stortinget - vert å avvise.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.


Votering i sak nr. 4

      

       Komiteen hadde tilrådd:

       Dok.nr.8:43 (1997-1998) - forslag fra stortingsrepresentantene Ansgar Gabrielsen, Oddvard Nilsen og Ivar Kristiansen om at Stortinget ber Regjeringen gjennomføre endringer i organiseringen av omsetning av kvoter for produksjon av kumelk - vedlegges protokollen.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

       Presidenten: I sak nr. 5 ligg det ikkje føre noko voteringstema.



Votering i sak nr. 6

       Presidenten: Under debatten har representanten Grethe G Fossum sett fram eit forslag på vegner av Arbeidarpartiet.

       Grethe G Fossum får ordet til stemmeforklaring.


       Grethe G Fossum (A) : Jeg vil understreke at dette er et forslag om forbud både mot livssynsreklame og politisk reklame. Med de positive signalene jeg har fått i debatten, både når det gjelder innhold og arbeid, vil jeg be om at forslaget gjøres om til et oversendelsesforslag.


Presidenten: Representanten Grethe G Fossum har dermed bedt om at forslaget blir gjort om til eit oversendingsforslag, og innleiinga blir då endra til:

       « Det henstilles til Regjeringen » osv. Forslaget lyder i endra form:

       « Det henstilles til Regjeringen å komme tilbake til Stortinget med et lovforbud mot livsyns- og politisk reklame i etermediene ».

       Presidenten foreslår at forslaget blir sendt Regjeringa utan realitetsvotering - og ser det som vedteke.

       Komiteen hadde tilrådd:

       St.meld.nr.62 (1996-1997) om kringkasting og dagspresse 1996 m.v. - vert lagt ved protokollen.

Votering:
Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.


Votering i sak nr. 7

       Presidenten: Under debatten har Per Roar Bredvold satt fram et forslag på vegner av Framstegspartiet og Høgre. Forslaget lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endring av åndsverkloven med sikte på å oppheve forbudet mot parallellimport av fonogrammer og videogrammer. »

       Det blir votert alternativt mellom forslaget og tilrådinga frå komiteen.




       Komiteen hadde tilrådd:

       Dok.nr.8:09 (1997-1998) - forslag fra stortingsrepresentantene Oddvard Nilsen, Kjellaug Nakkim og Jan Tore Sanner om opphevelse av forbudet mot parallellimport av fonogrammer (inklusive CDer) og videogrammer - avvises.

Votering:
Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Høgre vart tilrådinga vedteken med 66 mot 29 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 13.53.22)



Votering i sak nr. 8

       Presidenten: Under debatten har Jan Simonsen sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet og Høgre. Forslaget lyder:

       « Stortinget ber Regjeringen tildele ekstra konsesjoner for lokal-TV-drift »

       Det blir votert alternativt mellom forslaget og tilrådinga frå komiteen

       Komiteen hadde tilrådd:

       Dok.nr.8:22 (1997-1998) - forslag fra stortingsrepresentantene Trond Helleland og Jan Simonsen om å pålegge Regjeringen å tildele ekstra konsesjoner for lokal-TV-drift - avvises.


Votering:
Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet og Høgre vart tilrådinga vedteken med 67 mot 29 røyster.

       (Voteringsutskrift kl. 14.54.12)