Tredje avslag for kyrkjeasylant
Pakistanaren som sit i kyrkjeasyl i studentkapellet har fått
sitt tredje avslag på søknaden om asyl i Norge. I
det siste forsøket på å få omgjort avslaget
på asylsøknaden var det lagt ved ny dokumentasjon
på at han har vore utsatt for tortur. Men Justisdepartementet
grunngjev i avslaget sitt at det ikkje er dokumentert at skadane
på kroppen stammar frå tortur.
Åsne Hagen i støttegruppa for kyrkjeasylanten understrekar
at korkje kyrkjeasylanten eller støttegruppa har gitt opp,
men seier at dette er ein knekk i arbeidet.
Me dokumenterte merka på kroppen hans, men når
dette ikkje er godt nok for departementet, kva er då godt
nok? undrar Hagen.

|
Mytisk magedans

Magedans har blitt kalla «the voice of sex» og blei forstått
som ei framsyning for menns sultne blikk, men i oldtida var
det ein hyllest til fruktbarheit, og ein dans kvinner imellom.
På Bergen Internasjonale Kultursenter ristar jenter i alle aldrar
på valkar og paljettar, akkompagnert av eksotiske strengeinstrument
og lått.
|
Får ikkje lån for metode
Ingunn Myklevoll Sjøen (biletet) får ikkje støtte
frå Lånekassa til å ta metode-eksamen. Dette
trass i at departementet seier at alle kurs på fem vekttal
kvalifiserer til halv støtte. Regionssjef Jonny Saltnes
i Lånekassa seier at dei har fått rusk i systemet.

|
Kvarteret blir nedprioritert
Universitetet er ikkje villig til å gje Kvarteret dei 80.000
kronane dei treng til å utvide kontorkapasitetet i Villaen.
Vi har så få kontor i dag at det ikkje er lett
å drive studentvelferd, seier leiar Henning Lunde (biletet)
på Kvarteret.
|
Ein vis mann
Edvard Vogt (biletet) er professor, prest, valdsforskar og initiativtakar
til Norsk økologisk landbrukslag. I desse dagar får
han òg stabla eit studentburettslag på beina, trass
laber respons fra studentane. Kva er det som driv han?
|
| |